Bør unge fram i vaksinekøen? Sjekk det!

KOMMENTAR: Unges psykiske helse må vega tungt, når ny vaksineplan skal lagast.

Eit spørsmål som bør vektast tungt, er kva som raskast kan gi unge frå 15 til 30 eige liv og fridom tilbake. For psykisk helse er også helse.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Kva gjer vi når dei med størst risiko og helsepersonell er vaksinerte? Det er analytikar Snorre Eikeland ved vårt eige sjukehus, SUS, som stiller spørsmålet. Han understrekar at så langt ser dei i alle data og analysar at det har vore viktig å starta med dei som har størst risiko for alvorleg sjukdom, sjukehusinnlegging og død.

Vekting og politikk

Men så? Han spør om strategien med å vaksinera etter alder vil føra til at dei unge må bera den tyngste børa. Om det vil bety at tiltaka som særleg gjeld dei, vil vara lengst. Altså at den vaksinerte foreldregenerasjonen i stor grad får fridom og kvardag tilbake, mens ungdommane ennå må klara seg utan sin. Og minner om at ein av vaksinane er godkjende ned til 16 år, mens studium for å vaksinera barn ned til 12 år er under arbeid. Saman med to kollegaer ber han om at ein ser på modellar der unge blir vaksinerte før friske vaksne.

Kanskje kan ein letta på tiltaka som spesielt rammar dei unge når nok vaksne er vaksinerte. Kanskje går det fortare på den måten. Eikeland sitt poeng er at ein må finna ut av det.

Vi veit at Folkehelseinstituttet, FHI, skal koma med ein oppdatert vaksinestrategi i løpet av eit par veker. Og vi veit at om modellar som skal brukast er aldri så matematiske, så er det menneske som vel kva vi legg inn i dei. Kor tungt det skal vektast. I modellane som skal lagast, utrekningane som skal gjerast og risiko som skal teiknast opp, ligg det menneskelege og etiske val, det ligg vekting og politikk. Eit spørsmål som bør vektast tungt, er kva som raskast kan gi unge frå 15 til 30 eige liv og fridom tilbake.

Stoppa i spranget

«Jeg har ikke sett studiekameratene mine siden oktober, kanskje november. Eller de er jo der, bak de svarte boksene. Og jeg er her, bak min.» (student, 22)

Dei som nettopp har begynt i vidaregåande, dei som alt går der, dei som skulle avslutta året og springa ut og over i eige, sjølvstendig liv, dei som skulle flytta til ein ny by, til eit nytt liv, eller gi alt for å avslutta studiet sitt, ta sats og klara spranget over i jobb, for dei er det sjølve livsnerven koronaviruset struper. Dei treng tett og mykje kontakt med andre unge, dei treng stader og kvardagar som opnar store rom for det, rom dei ikkje alltid må fylla på eiga hand. Ikkje alle høyrer med i dei der fem nærmaste, ikkje alle kan eller får vera med i ein indre sirkel. Mange treng ein flokk å få vera i utkanten av, ei open, summande kantine, eit bord med tjue andre å gli ned ved, ei organisert studiegruppe, der du ikkje treng å by på alt du har for å høyra til. Dei treng ein konsert, ein pub, ein open sal, ein kaffi-automat med lang kø. Faste rammar og variasjon å gå inn og ut av, tid dei ikkje må kjempa for å fylla.

I staden har dei fått kutta slike strenger. Dei har mista privatlivet sitt, dei sit heime ved kjøkkenbordet hos mor og far, dei sit på rommet sitt, på Zoom, helst med kameraet på, så alle kan sjå og høyra korleis dei har det eller slett ikkje har det i den heimen dei ennå er ein del av. Om den heimen er ein god stad for alle å vera, er det foreldre-generasjonen som har makt over.

Ein kan ta skade av å bli stoppa i spranget mot eit sjølvstendig liv. Og i bytte få isolasjon, tom tid og konstant bekymringstrykk.

Helsefaren

Klinikksjef Lars Conrad Moe ved psykisk helsehjelp for barn og unge (BUP) på SUS, er bekymra, og han er ikkje aleine. Fagfolk innan BUP over heile landet melder om aukande og meir alvorleg sjukdom. Det gjeld spiseforstyrringar, angst, tvangstankar. Auken kom i fjor haust, og dei som kjem inn, er sjukare, fleire, og yngre, heilt ned i 11-årsalderen.

Trykket av smerte og liding er høgt. Hjelpetelefonen til Kirkens SOS melder om så stor pågang at ein av tre ikkje kjem gjennom.

Mental Helse melder at dobbelt så mange som før tar kontakt, mange av dei for første gong. Det er angst, isolasjon, spiseforstyrringar. Talet på samtalar med sjølvmord som tema er femdobla. Det talet er ti tusen. Snittalderen på dei som tar kontakt, er nede i 21 år.

Anne Karin Swang, leiar for helsesjukepleiarane, seier dei aldri har vore så bekymra. Studentleiar Andreas Tohjell åtvarar mot ein tapt generasjon, og viser til tal som seier at norske studentar aldri har kjent seg så einsame.

SUS ser også at fleire unge kjem inn med rusproblem.

Les også

Klinikksjef bekymret: – Flere barn og unge beskriver tilværelsen som håpløs

Les også

Unge pasienter ved «psyk» blir yngre og flere. Dette er tendensene – og slik får man hjelp

Smitteverntiltaka utgjer ein reell, konkret fare for mange unges psykiske helse. Som gruppe er det dei som er mest utsette. For ei regjering og ein helseminister som lenge har villa satsa på psykisk helse, bør det vera sjølvsagt å prøva å finna den vaksineplanen som også raskast beskyttar dei unge mot psykisk sjukdom. Det er ikkje noko som berre kan venta, som ordnar seg, eller som alltid kan skyvast lenger bak i køen. Heller ikkje når ein skal prøva å teikna opp risikoen for det eine eller det andre.

Psykisk helse er også helse. Den kan ikkje berre snakkast om, den kan ikkje berre ordnast etterpå. Den må leggjast vekt på – tung vekt – når modellar for ny vaksineplan skal lagast.

Les også

  1. Ny studie viser at fire av fem ung­dommer ikke var aktive nok på hjemme­skole

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Det gjer vondt å falla mellom to stolar. Særleg for den som er sjuk

  2. – Det er ikkje sikkert at vi som strengt tatt har mykje frå før, treng å få endå meir. Men det blir fort slik, likevel

  3. – Å, NRK! De må tola å få eit blåmerke eller to!

  4. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  5. – Det der snakket om psykisk helse først? Fislete greier, Høie.

  6. – Kva hjelper det å fortelja historia til Artin?

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Koronaviruset
  3. Barn
  4. Psykisk helse
  5. Vaksine