Offentleg sløsing?

KOMMENTAR: Er offentleg sektor dømt til å sløsa? Tankesmia Civita meiner det. Og det forklarar jo ein heil del.

Sånn går det, hamnar du i offentleg sektor, ifølgje Civita. (Skjermdump frå Civita sin presentasjonen «Offentlig sløsing er naturgitt».)
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Civita, ei borgarleg og liberal tankesmie, har laga video om offentleg sløsing. Dei lener seg på den amerikanske økonomen Milton Friedman, og då ser verda slik ut:

  1. Bruker du dine eigne pengar på deg sjølv, er du oppteken av både kvalitet og pris.
  2. Bruker du dine eigne pengar på andre, er du meir oppteken av pris enn av kvalitet.
  3. Bruker du andres pengar på deg sjølv, er du meir oppteken av kvalitet enn av pris.
  4. Bruker du andres pengar på andre, er du ikkje oppteken verken av pris eller kvalitet.

Særleg det siste driv jo offentleg sektor med, og difor er den dømt til å sløsa, seier Civita. Det er naturgitt. Offentleg sektor må bli mindre, og må kontrollerast. Så ikkje ineffektivitet og sløsing tar overhand.

Det er reine ord for pengane. Og forklarar ein heil del. Ikkje minst den manglande tilliten sjukehus, skular, legar, lærarar og miljøarbeidarar i årevis har blitt møtte med. Og slett ikkje berre frå Civita, men også frå politikarar frå skiftande parti som kontrollerer den offentlege pengesekken.

Utan styring

Nå er det ikkje vanskeleg å finna offentlege sløseprosjekt, det skal Civita ha. Som den 13 kilometer lange sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger, som har gått frå å skulle kosta 1,5 milliardar, til å nå 1,9 milliardar. Eller Bussvegen. Strekninga berre gjennom Jåttåvågen hadde i vår kome opp i nærmare 2,4 milliardar kroner. Eller 950.000 kroner meteren. Slike prosjekt er øydeleggjande for tilliten til offentleg sektor, og særleg til politikarane som får dei gjennom. Civita har rett i det.

Kontroll

Men eit kort stykke frå både sykkelstamveg og bussveg gjennom Jåttåvågen reiser det nye, halve sjukehuset seg. Der har dei til nå hatt stålkontroll på kostnader og budsjett. Reint bortsett frå at dei ikkje har eller får pengar til å fortsetja, sidan regjeringa ikkje vil kompensera dei for ekstra høge byggevareprisar på grunn av krigen i Europa. Noko dei for lengst har gjort når det gjeld deira eige, nye regjeringsbygg.

Sjukehuset er blant dei strengt kontrollerte. Det er innført eit snedig system, sannsynlegvis for å kunna kontrollera den naturgitte, offentlege sløsinga som elles ville finna stad: Innsatsfinansiering. Det blir sett ein pris på kor mykje ei behandling eller ein operasjon kostar. Klarer sjukehuset å gjera det fortare enn den akkorden, tener dei pengar på det. Men når koronapasientar fyller sengene på intensiven, går det ikkje å få gjennomført særleg mange kjappe operasjonar. Då går dei i minus. Sjølv om dei gjer akkurat det dei skal gjera – gi nødvendig helsehjelp.

Dei som jobbar der, er slitne. Dei kuttar, kuttar og kuttar. Kontrollsystemet er slik innretta at dei som står pasientane nærmast, må kutta i akkurat det. Springa fortare frå seng til seng, frå operasjon til operasjon, frå behandling til behandling. Dei kan sjå og kjenna at dei gjer ein dårlegare jobb, men dei kan ikkje endra på det. Bortsett frå det med springinga.

Civita sin modell er rein-
spikka ideologi. Fri for
hemmande innslag
av levande menneske
med eiga drivkraft.

Utanfor

Slike kontrollsystem fangar ikkje opp det som blir liggjande utanfor. Kor blir dei alvorleg sjuke pasientane av, viss dei ikkje blir innlagde? Kva skjer med unge med alvorleg anoreksi, viss dei ikkje får plass? Kor lett er det å behalda nok jordmødrer, viss dei ikkje får tid til å gjera ein skikkeleg jobb?

I fylkeskommunen, akkurat nå, er politikarar og byråkratar slett ikkje sikre på at det er best for elevar som treng spesialundervisning å gå i små grupper. Dei lurer på om det ikkje er smartare å la dei gå i vanlege, store klassar. Lærarane til desse elevane ropar ganske høgt om å få behalda dei små gruppene. Det kan jo vera dei ser kva som berre går opp på eit papir, eller i eit velregissert forskingsprosjekt, men ikkje i den verkelege kvardagen. Eller, for å stilla oss med Civita, det kan vera at dei er skeptiske til å endra på noko som helst og driv med uansvarleg sløsing av offentlege pengar. Og er ineffektive.

I Oslo, avdekka VG for ti års tid sidan, fritok nokre skular svake elevar frå dei nasjonale prøvane – eit anna sånt kontrollsystem – for å få høgare snitt. Viss elevane ikkje lærte nok, var altså det viktigaste at det ikkje syntest. Rektorane fekk lokale tillegg for gode resultat.

Og på Stortinget, akkurat nå, synest dei fleste partia overtydde om at dei som må leva på pengar frå det offentlege, om dei er sjuke, uføre eller utan jobb, sannsynlegvis også har sløsing i ryggmergen, og difor helst bør haldast i fattigdom. Jo mindre dei får, jo meir sannsynleg at dei snart sprett ut i jobb igjen, uansett helsetilstand. Det heiter arbeidslinja.

Utarmande

Civita sin modell er reinspikka ideologi. Fri for hemmande innslag av levande menneske med eiga drivkraft. Skal vi følgja modellen, må tankesmias eiga løysing på sløsing vera at vi alle bruker så mykje vi berre kan klara av våre eigne pengar på oss sjølve.

Det er lett å sjå at det blir for enkelt. Og like dumt som å redusera heile offentleg sektor til ineffektive sløsarar som må kontrollerast.

Offentleg sektor er limet i samfunnet, det er kunnskap og utdanning og høg kvalitet, det er nettet som fangar deg opp når livet gir deg ein av sine nådelause dyttar. Det er utstrekte armar på tvers av gap i inntekter, helse og utdanning.

Denne mistanken, som i årevis har gjennomsyra haldninga til folka om jobbar der, er utarmande. Den slit dei ut, den er demotiverande, den stemplar dei som reine utgiftspostar. Den sender fattige ut i matkø og skam, den får flinke fagfolk til å fortvila over manglande tillit, den kontrollerer lærarar så heile skulen krympar.

Det er også ineffektivt. Det er også sløsing.

Publisert: