For smått
KOMMENTAR: Viss poenget er å læra elevar å sjå samanhengar, er det nokså rart å dela eksamen opp i småbitar.
- Solveig G. SandelsonDebattredaktør
Det er kanskje smått nå, dette. Slik det meste er. Men vi prøver: Norsklærarane i vidaregåande skular i Sør-Rogaland har fått forslag til ny eksamen i norsk. For heile skulen har jo fått nye læreplanar. Det viktigaste der, det aller, aller viktigaste, er å styrka evna til å forstå, til å kjenna att samanhengar, gå djupt ned i eit tema, bli der, få jobba uforstyrra over litt tid. Få konsentrert seg. Få tid til å tenkja.
Sånn tenkjer ein seg at elevane skal få styrke til å halda oppe demokratiet vårt, rett og slett. Nettopp, ville eg ha trudd, ved å klara å kjenna att ting, for eksempel frå historia, sjølv om det ikkje dukkar opp igjen på nøyaktig same vis. Og å klara å reflektera over det ukjende ein møter – i livet, i jobben, i filmen, i eit Europa i krig. Ved hjelp av kunnskap ein har frå før, eller ved hjelp av at ein har lært seg å finna kunnskap. Sjølv når det ikkje er rett fram og svara klare. Særleg då.
Det er ein modig og hårete læreplan.
Tusen like bitar
Den kjem etter at ein dei siste tjue åra har vore ekstremt opptekne av å få norske elevar til å gjera det betre når dei blir testa i engelsk, lesing og matte. Det har ein tenkt dei blir betre til, viss ein alltid, alltid, gjennom alle år tenkjer mest og jobbar mest med akkurat det, og alltid, alltid kontrollerer skikkeleg godt at så skjer. Viss elevane heile tida veit kor dei står, kva som er målet, kva som er delmålet, kor dei er på veg, kor dei må leggja inn meir innsats. Og alltid i engelsk, lesing og matte.
Det går fint an å forstå dette. Den fine tanken med det var nok å sørgja for at alle elevane får ein sjanse, at ein ikkje lét dei som ikkje fekk det til, bli sitjande å sjå ut vindauget og ønska seg langt vekk. Ikkje lét lærarar få driva på i førti år utan å bli kikka i korta, ikkje lét nokon regjera som småkongar i eige klasserom og suverent fastslå kven som kunne bli til noko og kven som ikkje kunne det. Sørgja for at ingen skulle gå ut av skulen vår utan å kunna lesa, skriva og rekna.
Men det gjekk i ball ein stad. Ein må ha tenkt at kontroll er det same som læring. Jo meir kontroll, jo meir læring. Får du ikkje forventa resultat av store og få målingar, del dei opp i små og mange.
Det er grenser for kor små bitar du kan dela ting opp i før dei ikkje lenger lar seg setja saman igjen. Jo mindre brikkene i eit puslespel er, jo lettare er det også å mista motet, mista trua på at du kan få det til å bli til noko som heng saman og gir meining. Og jo likare brikkene er, i form og farge, jo vanskelegare. Meir av det same, berre i mindre bitar, er ikkje alltid ein god ting.
Samanheng
Så blei greia den at når ein kom med nye planar, når ein ville styrka evna til å gå djupt ned i ting og sjå samanhengar på tvers, så gjorde ein først ikkje noko med måten ein måler på. Altså med alle måtane ein vurderer elevar og lærarar og skular på. Som nasjonale prøvar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.
Det må ein jo, og det driv ein med nå. Og her, omtrent, er vi framme med det som kanskje er for smått. For når norsklærarane vi har rett rundt dørene får forslag til ny måte å gi eksamen på, – ja, så er forslaget nettopp å dela denne opp i mindre bitar. Der ein før skreiv ei oppgåve – ein stil – på fem timar, har ein alt lenge skrive ei kort oppgåve i tillegg. Det nye forslaget vil leggja til endå ei sånn kort oppgåve. Tre tekstar, altså, på same tida som ein før skreiv ein. Det har ein nok sett at kanskje ikkje går heilt opp, der inne i Utdanningsdirektoratet, som held på med dette. Så då har ein tatt bort krav til språk og struktur, i dei der to første oppgåvene. Målet, trur eg, er at elevane skal få visa breidde. Som då tydelegvis ikkje har noko med samanheng å gjera.
På alvor?
Det kan jo ikkje vera alvorleg meint. Det kan ikkje det. Viss poenget med nye læreplanar er å gi meir rom til å forstå, til å sjå samanhengar, til å kjenna igjen, bli i stand til å halda oppe sjølve demokratiet, så kan ikkje dette vera alvorleg meint. Kvifor hakkar ein eksamen opp i småbitar, viss poenget er samanheng?
Eg trur kanskje svaret på det – i tillegg til trua på at det viser breidde – er reliabilitet. Altså at resultatet skal vera påliteleg. Altså at karakterane skal vera rettferdige og til å stola på. At måten ein måler på held mål. Før tenkte ein at lærarar brukar både gitte kriterium og sitt faglege skjønn og erfaring for å få det til, og diskuterte med den andre sensoren korleis dei hadde kome fram til akkurat den karakteren. Nå tenkjer ein kanskje at det ikkje er godt nok. At det også her hjelper viss ein deler opp i mindre bitar. Sånn at det finst fleire konkrete målepunkt. At ein kan nærma seg ei uangripeleg karaktersetting. Ein fasit. At eleven får heilt presis innsikt i bakgrunnen for eigen karakter.
Men ein nærmar seg også å læra elevane at det først og fremst handlar om å svara fort og riktig. Svar det du ser dei vil du skal svara, og hopp vidare. Med ei forventning om at det finst heilt klare og riktige svar.
Dette heng jo ikkje saman med den modige læreplanen. Det tar tid å forstå og klara å sjå ein samanheng. Også på eksamen. Kaninhopping frå tema til tema verkar ikkje å bidra til det. Ikkje til å gi elevane styrke og verktøy til å halda demokratiet oppe, heller.
Men det var kanskje ikkje så viktig, likevel, dei der greiene om samanheng og slikt? Eller sit Utdanningsdirektoratet også med for mange små bitar dei skal pusla saman?
Les også
Kommentator Solveig G. Sandelson
– Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok
Jan Groths strek er eit opent bidrag til andres tankar. Fleire av oss burde prøva på det
– Denne samtalen er tynnsliten, seier sjaman Durek Verrett. Det syns eg også
– Alvorleg sjuke barn blir kasteballar. Og vi ser det ikkje
Den norske abortlova er ein skjør balanse mellom to liv. Er den balansen truga nå?
Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette
Mest lest akkurat nå
Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring
Ertvaag-familien dro inn 84 millioner - tar 23,5 millioner i utbytte
Ingve Bøe slakter tv-ekspert etter Tripic-episoden
Enighet mellom byggherre og utbygger om Sola Arena - Folkehallene punger ut med 49 millioner kroner
Reisende risikerer å ikke få alt refundert
Kjøreskolelærer dømt for promillekjøring: Hadde 2,3 i promille da hun skulle plukke opp elev