Naturopplevingar på raudliste
GJESTEKOMMENTAR: Kva slags naturopplevingar meiner du er truga? Stillheiten? Blåbærturen? Eller noko heilt anna?
- Bård Vegar SolhjellGeneralsekretær, WWF Verdens Naturfond


Stillheit. Torskefiske langs kysten. Padling ned ei elv. Intakte landskap der havet møter land. Det finst ein fellesnemnar for alle desse naturopplevingane.
Går alt som planlagt, er eg i mitt rette element idet du les desse linjene. Og mitt rette element er fjellet. Som så mange andre nordmenn elskar eg å bruke naturen. Det er typisk norsk å bruke naturen, det er ein del av vår kultur. Å ta vare på naturen og naturopplevingar, er difor å ta vare på ein viktig del av kulturarven.
Viser kjærleik til naturen
Like før sommaren tok til for alvor, presenterte WWF og Norsk Friluftsliv eit prosjekt som vi har planlagt lenge: Heilt fram til slutten av september, inviterer vi folk over heile landet til å nominere naturopplevingar dei meiner er truga. Truga av kva? Det kan vere så mangt: Stille som vert truga av motorferdsel, blåbærturar som vert truga av utbygging, kystfiske som vert truga av klimaendringar og overfiske. Vi tek i mot alle forslag om det folk meiner er verdt å bevare, og alt skal vurderast av ein uavhengig, kunnskapsrik jury. Utpå hausten vil vi presentere den første norske raudlista med naturopplevingar.
Sjølv om ein planlegg godt, veit ein aldri korleis ein idé vil verte motteken. Men det tok berre nokre timar etter at vi hadde lansert denne kampanjen, før nominasjonane byrja å strøyme på. Vi skjønte vi hadde treft ei nerve da vi såg kva for opplevingar folk nyttar høvet til å fortelje om og seie ifrå om at dei ikkje vil miste. Det som slår meg mest når eg les desse nominasjonane, er den kjærleiken folk viser til naturen. «Mine naturopplevelser trues når naturskogene blir borte», skriv ein. «Jeg er redd for å miste stillheten. Man drar ofte ut i naturen for å slippe støy», skriv ein annan. Atter andre trekk fram blåbærturar i nærskogen, sporvar utanfor kjøkkenvindauget, moglegheita til å padle langs ein plastfri kyst eller sjå villrein på Dovrefjell.
Naturen er i endring
Over heile verda forsvinn natur i eit rekordstort tempo. Vitskapsfolk avdekkjer korleis det står til med artane i verda og viser det fram på Artsdatabanken si Norsk raudliste for artar. Også globalt finst det ei slik raudliste. Raudlista for naturopplevingar vil nok ikkje vere like vitskapleg som desse, men dei har gjeve oss inspirasjon. Vår hensikt er å vise fram korleis presset på naturen aukar og kva det gjer med åtferda vår og opplevingane våre. Nominasjonane kan like gjerne vere bygd på kjensler og barndomsminne som faktisk dokumentasjon av at noko har skjedd.
For det skjer ganske mykje i naturen vår. Vi får varmare klima. Meir plastsøppel og nye former for forureining. Vi byggjer kraftverk, nye vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn, andre vert meir eller mindre vekke. I kulturlandskapet overtek lauvskogen der det tidlegare var åker og eng. I fjellet og på sjøen er det opna for meir motorferdsel. Samstundes ter vi oss annleis i møte med naturen enn vi gjorde før. I aukande grad kan vi kallast travle gjester på raske besøk i naturen, vi har heilt andre føresetnader og krav til våre naturopplevingar i dag enn dei aller fleste menneske hadde før.
Livsviktige naturopplevingar
Natur er ikkje berre opplevingar. Det ville vore fint lite av oss menneske dersom vi ikkje hadde natur. Naturen gjev oss produkt som mat, klede, byggematerialar, medisinar og brensel. I tillegg leverer intakte økosystem tenester som reint vatn og rein luft, dei bind CO2, sikrar pollinering av planter, resirkulerer næringsstoff, dempar flaumar og mykje meir. Desse tenestene nyttar nok dei fleste seg av utan å tenkje noko vidare over kvifor det er slik, sjølv om dei altså er heilt naudsynte for livet på jorda.
Eg meiner det er lett å argumentere for at også opplevingane i naturen er naudsynte for livet vårt. Det svært mange trekk fram når dei fortel om opplevingane sine har å gjere med sjelefred, ro, samvær, inspirasjon og meistring. Eg vil meine det er grunnleggjande ingrediensar i eit moderne menneskeliv, og som sagt i norsk kultur.
Vi må snu utviklinga
Det er gjerne slik at når noko forsvinn, så ser vi kor viktig det er. Å oppleva natur er for nokon så sjølvsagt at dei ikkje tenkjer noko særleg over verdien av ein rusletur langs elva eller eit møte med eit rådyr i skogen. For andre er det allereie knappleik på slike gode. Om vi gjer oss tankar om kva det betyr for oss menneske når opplevingane våre endrar seg, kan vi også ha sjans til å snu utviklinga som altså trugar med å snu opp-ned på det aller meste.
Natur forsvinn både i Noreg og andre land, men ikkje i eitt jafs. Det skjer meir bit for bit. Eit skogholt her, ein ny veg som deler opp eit intakt område der. Kvar gong nokon byggjer ned naturen ein plass, aukar behovet for å ta vare på resten. Det er så enkelt som dette: Skal vi ha naturopplevingar, må det vere natur å ha opplevingar i.
Twitter: @bardvegar