LO-kongressen: Tettare og tettare på Ap

KOMMENTAR: Den neste LO-leiaren har verken vore kommunist eller vakse opp i barneheim. Han bør vera eit trygt Ap-val.

Nestleiarane Hans-Christian Gabrielsen og Tor-Arne Solbakken gratulerer LO-leiar Gerd Kristiansen med talen måndag denne veka.
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Førebels har ingen omtala han som Broder Gabrielsen, etter den norske spelefilmen som vekte skandale i si tid og handla om ein spinnvill predikant av type Aage Samuelsen.

Det er heller ingen grunn til å venta dei store offentlege toretalane eller vekkingsseansane frå Hans-Christian Gabrielsen i nærmaste framtid.

Les også

– EØS-avtalen er et abonnement på høyrepolitikk og maktesløshet

Les også

Kvinnekamp om plassen i LOs nye ledelse

Les også

Krisemilliard fra regjeringen henger i en tynn tråd

Han vert den 18. ordinære LO-leiaren i Norge dersom me ser vekk frå krigsåra 1940–1945. Førebels har Gabrielsen markert seg meir som ein spelar på bakrommet og ein «trygg sosialdemokrat», for å sitera Martin Kolberg (Ap) – ein mann som bør vita det.

12 år på topp?

Men den nye leiaren for Landsorganisasjonen i Norge, landets desidert største hovudsamanslutning av arbeidstakarar, er enno ikkje fylt 50 år. Han vert den yngste LO-sjefen sidan Tor Halvorsen tok same posisjonen som 46-åring i 1977, og han kan sitja i tre periodar, det vil seia i 12 år.

LO-leiarane etter krigen har i snitt hatt posisjonen i åtte år. Difor er den 34. ordinære LO-kongressen i Folkets Hus i Oslo denne veka berre startskotet for Gabrielsen som ein av nasjonens mektigaste samfunnstoppar.

Hans forgjengar, Fagforbundets Gerd Kristiansen, vil i tilfelle bli mest som ein overgangsfigur å rekna med sine fire år på toppen og varsla avgang i god tid før ho fyller 62 år i sommar.

Både Kristiansen og Roar Flaathen før henne var trygge val av LO-toppar.

Begge også med bakgrunn frå det i fagrørsla så berømte golvet. Flaathen var utdanna mekanikar og hadde jobba ved dåverande Kongsberg Våpenfabrikk før han vart tillitsvald på heiltid. Kristiansen er utdanna hjelpepleiar. Gabrielsen på si side har fagbrev som prosessoperatør og jobba ved Tofte Industrier i ni år før han vart tilsett i Fellesforbundet i 1996.

Farvel til karismaen

Alle dei tre nyaste LO-leiarane bleiknar ved sida av karismatiske Yngve Hågensen og Gerd-Liv Valla. Hågensen sat som LO-leiar i 12 år. Han hadde bakgrunn frå barneheim, kalla Thorbjørn Jagland «gutten» og gjekk uanfekta i krigen med både Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg etter som han såg det naudsynt.

Den nasevise eks-visarguten Hågensen med bukkeskjegget var ei gåve til dei som likar å driva parodi. Knapt nokon har sett noko morosamt i Flaathen eller Kristiansen, så vidt eg veit.

Etter Hågensen, som var heilt utan utdanning anna enn livets skule, har LO heller aldri hatt så høgt utdanna leiar som Gerd-Liv Valla. Det ser også dei LO-tillitsvalde ut til å ha lært å unngå framover.

Les også

– Sjansespill å si opp EØS-avtalen

Les også

Siv Jensen: - Norge har ikke råd til nye innvandringseksperiment

Valla måtte gå av i 2007 - etter påstått trakassering av tilsette på kontoret. Valla sjølv har konsekvent avvist trakassering, men skriv i memoarboka si frå 2012 at ho alltid har nekta å angra på at ho var kommunist på 1970-talet.

No tyder alt på at Gabrielsen legg seg trygt opp til Flaathen og Kristiansen som LO-leiar, tilsvarande lenger unna Valla og Høgre. Han var også med i kretsen som peika ut den komande Ap-leiaren Jonas Gahr Støre. Ap-landsmøtet i april har kvittert ut med å lova dobla skattefrådrag for fagforeiningskontingent.

Samla mot dei blå-blå

Banda mellom Arbeidarpartiet og fagrørsla er tettare enn nokon gong før etter fire år med blå-blå regjering. Og sjølv om den gamle partipressa er ganske død i 2017, anar me eit strøk av dei gode, gamle tidene når Dagsavisen ærbødig skriv på leiarplass måndag: «I formiddag begynner LO-kongressen. Det er en imponerende forsamling […] Det vi har hørt om Gabrielsen har overbevist oss om at han er et godt valg.»

Eg trur som sagt først og fremst at han er eit trygt val, sett frå begge sider av Youngstorget.

Men kva er det han overtek direkte denne veka?

LO-kongressen denne veka har fleire medlemer i ryggen enn nokon gong, målt i absolutte tal. Men sidan den totale arbeidsstyrken i landet har vakse endå meir, kan fagrørsla synast å vera på retur. Mens landsfaderen Einar Gerhardsen og hans regjeringar bygde landet etter krigen var 60 prosent fagorganiserte på det meste på 1960-talet. Trepartssamarbeidet mellom LO, arbeidsgjevarsida og regjeringa la i minst like stor grad som oljeeventyret grunnlaget for vår velstand og vekst.

No er mindre enn halvparten organiserte. LO taper relativt sett mest. Mens sysselsettinga auka frå 2006, har delen av LO-organiserte gått ned frå 26,1 prosent til 23,9 prosent. Difor har Broder Gabrielsen blinka ut medlemsvekst eller såkalla organisasjonsgrad som prioritert oppgåve framover.

I god rytme med Sp

LO slit på to frontar: Dei store industribedriftene frå tidlegare tiår er blitt langt færre. Dessutan stikk til dømes Unio og Akademikerne av med mange høgt utdanna og aukar medlemstala relativt sett.

Men LO kan faktisk få draghjelp av dei blå-blå. Utviklinga mot færre fast tilsette og meir midlertidig arbeidskraft, kampen mot «lausarbeidarsamfunnet», sosial dumping og skepsis til fri flyt av arbeidskraft over grensene. Alt dette er felt der dei tillitsvalde og til dømes suksess-soga Senterpartiet fint kan gjera felles kampsak.

EØS-tilknytinga er difor eit stridstema på LO-kongressen denne veka, men avtalen vil bli ståande urørt slik både Ap-leiinga og LO-leiinga tilrår.

Banda mellom Ap og LO er meir eit opplagt ikkje-tema. Sjølv om LO-støtta til regjeringsskifte får Høgres rike onklar til å framstå som ganske knipne.

Les også

  1. April-barometer 2017: Raud-grøn-gult spelerom

  2. Leiar: KrF trygt på vippen i valåret 2017

Publisert:
  1. Landsorganisasjonen (LO)
  2. Thorbjørn Jagland
  3. Gro Harlem Brundtland
  4. Jens Stoltenberg
  5. Jonas Gahr Støre

Mest lest akkurat nå

  1. Snø og vind: Kan bli krevende kjøreforhold til fjells fredag

  2. Hva tåler sykehusene før Norge må stenges ned? Det er ikke korona som er den største utfordringen

  3. Vekter slått av butikktyv som stakk av

  4. Eliteserieklubb vil kjøpe Jostein Ekeland

  5. Bryne-talent blir trolig klar for Viking innen kort tid

  6. Gjert Ingebrigtsen mener folk gjør én klassisk feil når de trener