April-barometer 2017: Raud-grøn-gult spelerom

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kan trygt spela raudt (SV) ut mot gult (KrF) til hausten ut frå snittet av åtte nasjonale meiningsmålingar i april – og få dei svara han og Senterpartiet vil ha.

Publisert: Publisert:

Sigerherrane i 2017-tapning? Leiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik på Ap-landsmøtet for to veker sidan. Valet er på ingen måte avgjort enno, fem månader før. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Tendensen har vore tydeleg gjennom dei fire første månadene i 2017. SV er over sperregrensa, rett nok ikkje langt over, men gjer si beste snittmåling sidan stortingsvalet i 2013. Venstre har gått motsett veg og ligg rett under sperregrensa for andre månad på rad. Det har me ikkje sett før i same perioden.

Sidan KrF er over sperregrensa og Sp no jamleg er oppe i tosifra oppslutning, kunne Ap og Sp ha regjert med SV og 89 mandat, eller med KrF og 90 mandat.

Les også

Februar-barometer: Sp er alt anna enn oversett og overkjørt

Les også

Januar-barometer: No går mykje Trygves veg

Sjølv om me nærmar oss innspurten for Erna Solberg og Siv Jensen, kan mykje enno skje før valdagen 11. september 2017.

Ei rose på døra

Då Arbeidarpartiet sette inn sitt formidable valkampapparat i 2009 og 2013, såg me begge gonger at raud-grøn koalisjon auka med viktige prosentpoeng sidan aprilmålingane og gjennom sommaren. Siste gong heldt det som kjend likevel ikkje – trass raude roser på mange dører.

Johan Giertsen i nettstaden pollofpolls påpeikar at regjeringsparti som regel vil auka frå snittet av målingane i første halvår til sjølve valdagen. Dette sidan regjeringspartia normalt har fleire gjerdesitjarar enn opposisjonen på denne tida – og dermed også fleire å mobilisera.

Men det er ikkje regjeringspartia som har størst utfordringar på meiningsmålingane siste år, men støttepartia. Me har ingen statistikk for korleis uroa rundt borgarleg samarbeid slår ut for dei to siste. Mellom anna er det sannsynleg at Venstre og KrF si tydelege avvising av Frp vil minka utsikta til at veljarar røyster taktisk på eitt av dei to partia for å berga Solberg-regjeringa.

Les også

November-barometer i budsjett-kaosets tid: Raud-grønt fleirtal er tilbake

Les også

Barometer: Sp vinn, Frp taper på maimålingane

Venstre var under sperregrensa på sju av åtte nasjonale meiningsmålingar i april. Dersom Venstre fell er også borgarleg eller ikkje-sosialistisk stortingsfleirtal historie for denne gong.

Klima fenger lite

Elles ser det ikkje ut som om klima og miljø greier å fenga dei norske veljarane. Alle partia er sjølvsagt klimaparti av fremste merke i festtalane, men Miljøpartiet Dei Grøne ser ikkje ut til å koma lenger enn Rasmus Hansson på Stortinget. Venstre freistar å bli til dømes meir skuleparti att, utan gjennomslag førebels.

SV-leiar Audun Lysbakken ser ut til å finna attende til nokon av kjerneveljarane i bodskapen om at partiet står for kampen mot forskjellsamfunnet og at det berre er SV-framgang som kan tyda ikkje berre regjeringsskifte, men reell forandring til hausten. For kritikarane påpeikar jamt og trutt korleis Ap og Senterpartiet langt på veg kan nulla kvarandre ut og enda med lite nytt.
Ap hadde sine beste aprilmålingar etter landsmøtet. Jonas Gahr Støre baud på seg sjølv etter beste evne, og nestleiar Hadia Tajik snakka varmt om ho Gud og fagforeninga. Aps aller beste tal er 33,5 i Ipsos-målinga for Dagbladet, publisert 28. april.

Senterpartiet har svinga frå elleville 15,8 prosent i Kantar TNS-målinga for TV2 publisert 6. april til 10,7 prosent i Norfakta for Nationen/Klassekampen fire dagar seinare.

Men ei kvar to-sifra oppslutning vil uansett vera formidabel framgang for Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og dei andre anti-sentralistane.
Internt i Senterpartiet aukar vona om å gjera regjeringsspørsmålet enklast mogleg. Berre to partar som forstår kvarandre fullt ut og er trygge på kvarandre, som det heiter. Drivne forhandlarar i Senterpartiet reknar med å kunne styra ei mindretalsregjering med vekslande støtte frå KrF eller SV.
Ingen av målingane fangar opp ein eventuell effekt av KrF-landsmøtet sist helg.

Brote ned på Rogalands-nivå er det Ap som er nærast å mista eit mandat, KrF er nærast å vinna eit mandat hos oss.

Publisert: