Kommentar: Håpet er lysegrønt

«Tidenes miljøbudsjett» bør ikkje lesast som tidenes verste miljøbudsjett, slik nokon har spøkt med.

Heile trær går til papirindustri eller bygningsmateriale. Kvistar og greiner skal kunne brukast til biodrivstoff. Men kor smart og kor grøn var siste-liten-avtalen frå budsjettforliket før jul i fjor?
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Men biodrivstoff-forliket i aller siste sving av budsjettforhandlingane før jul i fjor kan fort auka ei politikarforakt me ikkje treng meir av her heime.

Bergens Tidende, Aftenbladet, Adresseavisen, Aftenposten og Fædrelandsvennen har hatt ein grundig, kritisk gjennomgang av denne tilsynelatande så miljøvenlege og grøne satsinga på biodrivstoff dei nærmaste tre åra.

Les også

Tidenes klimabudsjett koster milliarder for bilistene og øker utslippene

Funna minnar om den gamle TV2-reklamen for «X-files»: Du trur det ikkje før du får sjå det.

Kortversjonen er at den store miljøsatsinga frå regjeringa ikkje gagnar miljøet.

Tvert imot.

Bakteppet er reint politisk spel for å berga Solberg-regjeringa og Nydalen-partia gjennom det siste vanskelege året. Auka satsing på biodrivstoff vart eit Columbi egg som kom opp i siste liten etter at Frp nekta tvert å bøya seg i spørsmålet om den såkalla bilpakka.

Les også

Eventyrlig om biodrivstoff

Tal frå SSB sist veke viste at biodrivstoffet liknar meir ei korg rotne egg i klimasamanheng. Dei globale CO2-utsleppa vil auka opp mot 700.000 tonn, tilsvarande utsleppa frå 238.000 personbilar. Regjeringa anslår til samanlikning at norske utslepp vil verta redusert med ein million tonn.

Opp, opp til 2020

Regjeringa la opp til at innblandinga av biodrivstoff i ordinært drivstoff skulle aukast frå 7 til 8,5 prosent. Bio er i denne samanhengen klimavenleg biodrivstoff frå avfall og skogrestar.

Støttepartia Venstre og KrF dreiv gjennom eit krav om at alt drivstoff som skal forbrennast på norsk veg skal innehalda 20 prosent biodrivstoff – allereie innan 2020. Men så mykje klimavenleg, andregenerasjons biomasse kan ikkje Norge framskaffa i overskodeleg framtid. Derfor vil me måtte bruka ikkje-klimavenleg biomasse. Kostnaden er auka utslepp av klimagass globalt.

Verre er det at når Norge må henta inn biodrivstoff frå utlandet kan konsekvensen bli auka nedhogging av regnskog og drenering av torvmyrer.

Dyrare blir det

Dyrare drivstoff vil me også få her heime som følgje av importen av biodrivstoff. SSB-rapporten oppsummerar ein meirkostnad på satsinga på biodrivstoff på 3,2 milliardar kroner årleg. No kan jo dyrare drivstoff rett nok ha sine miljøvenlege sider, men det set kjeklinga mellom Frp og Venstre om drivstoffavgifta i eit grelt lys.

Dessutan vil eit ukjent tal norske bilar ikkje kunne gå på drivstoff med så høg del biodrivstoff. Dette vil naturlegvis også kunne tolkast som eit miljøtiltak, dersom alle desse norske bilistane i pur forbanning skaffar seg ein miljømessig like tvilsam elbil eller aller helst parkerer bilen for godt.

Omstridt i miljørørsla

Venstre har fått gjennomslag for auka drivstoffprisar. Kostnaden er mellom anna auka globale utslepp.

Frp fekk seg ein valsiger på at partiet stod knallhardt mot mikropartia og ikkje rikka seg eit øre på ultimatumet på drivstoffavgifta.

Internt i miljørørsla har den sterke og framfor alt raske satsinga på biodrivstoff lenge vore omstridt. Miljøstiftinga Zero støttar Venstre i at dette er ein framifrå ide. Naturvernforbundet, WWF, Bellona og Greenpeace har vore langt meir kritiske.

Men i kjølvatnet av Paris-avtalen –mot valåret 2017 og på seine nattetimar der dramatikken tilspissa seg og regjeringskrisa truga her heime, ser symbolpolitikken ut til å ha tatt over for realitetane.

Verken dumme eller frekke

Eg vil ikkje gå som langt som Kapital-redaktør Trygve Hegnar. Etter budsjettforliket skreiv han ein illsint leiar om at norske politikarar enten er dumme, kunnskapslause eller frekke som følgje av at stortingsfleirtalet vil putta mat og skog på tanken som eit påstått grønt miljøtiltak.

Debatten har rast før og særleg sidan. Såkalla fakta og rapportar sprikar.

Eit faktum er at dagens norske biodrivstoff stort sett kjem frå raps dyrka på matjord. Nokre studiar meiner at det gjev 20 prosent høgare klimagassutslipp enn fossilt drivstoff – rekna frå EUs direktiv om indirekte arealbruksendringar.

Eit tvilsamt grønt tiltak

Reportasjane i Aftenbladet og dei andre avisene den siste tida styrkar diverre den opphavlege mistanken. Eit førebels noko tvilsamt grønt tiltak kom opp som eit naudsynt triks i ein situasjon der dei blå-blå kunne ryka på nokre øre ekstra i drivstoffavgift, og Venstre ikkje kunne gje seg.

Klimaskeptikarane har fått ny ammunisjon eller meir drivstoff på tanken for å halda oss til terminologien.

Symbolpolitikk er ikkje heilt som annan politikk diverre.

Det som har kome fram om biodrivstoff dei siste vekene gagnar politikarane til lita ære. Vona må vera at framtidige budsjettforhandlingar vert ført i noko meir gjennomtenkte former. Gjerne på dagtid – med fleire fakta til grunn og færre politiske ultimatum frå alle partar først.

Les også

  1. Sier klimaavtale er død om avskogingen fortsetter

  2. Regjeringen åpner for å skrote vedtaket om biodrivstoff

  3. Minst 470.000 biler tåler ikke bensinen Stortinget har vedtatt å innføre

  4. Venstre avviser kutt i satsing på biodrivstoff

  5. Ingen ville ha storsatsing på biodrivstoff. Likevel ble det resultatet.

Publisert:
  1. Biodrivstoff
  2. Trygve Hegnar
  3. CO2
  4. Regnskog
  5. Elbil

Mest lest akkurat nå

  1. Gjenåpningen ble feiret skikkelig i Stavanger lørdag. Ikke minst i Farge­gata

  2. Tusenvis feiret gjen­åpningen på Torget: – Velkommen tilbake, Stavanger

  3. MC-fører tatt i 160 km/t i 60-sone

  4. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  5. Webkamera: Sjekk folkelivet i Vågen nå

  6. Norge er åpnet. Men fortsatt kan 1,5 millioner nord­menn drive smitten videre. Hva skal til for at til­tak blir gjen­inn­ført?