Med ryggen mot veggen

KOMMENTAR: Livet kan bli så sterkt at du får merke av det. Det får faktisk alle andre også.

Eg trudde at viss du bare er klar over at fødsel er ein naturleg ting, kan du i stor grad ta regien sjølv.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Nå skal eg snakka opp den store hopen av oss. Og det vi har felles.

For den store hopen er ei gruppe færre og færre vil ha noko særleg til felles med, og fleire og fleire gjerne vil vera litt meir unike enn.

Bortsett frå når vi meiner noko så sterkt at vi treng å ha voldsomt mange i ryggen for å balansera vårt eige adrenalin-nivå. Då snakkar vi (sic!) gjerne om det store vi, og melder alle andre inn i eige meiningsunivers.

Bare ditt?

Men når det er kjenslene som stig til tilsvarande nivå, når det er smerte, sorg, liv og tap, trur vi den same intensiteten betyr at det bare er eg som kjenner det akkurat slik. Jo sterkare smerte og jo sterkare oppleving, jo meir må dette vera bare ditt, og noko bare du kan seia noko sant om.

Jo, det er klart, sorga er di eiga, tapet er ditt eige, livet ditt er det du som går gjennom.

Det er ikkje sikkert vi skal krevja å vera unike når livet blir på sitt sterkaste.

Men får det stå slik aleine, kan det bli tungt. Baktungt.

For då er ikkje andres råd og erfaringar gyldige. Og kanskje endå verre, då er merkene livet gir noko du sjølv bør ta kampen opp mot. Noko du bør prøva å oppheva. Då er regelen at livet er lyst og rett fram, og er det ikkje det, er det opp til deg sjølv å få det til å bli slik.

Pynt og effektar

Sjølv trudde eg i grunnen eg kunne pynta vekk smerten ved ein fødsel med effektar som dempa lys, badekar og musikk.

Mannen min og eg hadde gått på eit veldig hyggeleg svangerskapskurs, der det nok ikkje var meininga at eg skulle sitja igjen med den oppfatninga. Men eg trudde at viss du bare er klar over at fødsel er ein naturleg ting, kan du i stor grad ta regien sjølv. Med saccosekk og yndlingsmusikk og kosepledd. Og litt hundepust til slutt.

I staden var det ei setning frå ei meir erfaren venninne som bar meg gjennom heile fødejobben. Ho hadde spurt meg om eg hadde tenkt å be om epidural eller klara meg utan. Eg hadde tenkt å klara meg utan.

«Javel», sa ho. «Men då skal du vita at det er så vondt at du ikkje trur det går. Men det går».

Det var det eg trengte å vita. Elles ville eg trudd at det var noko alvorleg galt med meg, at dette umuleg kunne gå, og blitt fullstendig lamma av eg-er-heilt-aleine-i-verda-og-eg-får-ikkje-dei-andre-til-å-forstå-det-frykt.

Du er ikkje aleine

Nei, ein skal ikkje skremma folk. Dei sterkaste tinga i livet er umulege å forklara for dei som ikkje har vore der sjølv.

Men ein ting kan vi forklara: Du er ikkje aleine. Du treng ikkje ta alt dette på deg. Sjølv når livet tar så kraftige tak at du får merker av det. Sjølv når smertene når eit nivå du ville trudd var umuleg å tola, er du ein del av ei svær, felles erfaring. Du kjem til å tola det, du også.

Ingen av oss kan heilt for eiga hand pynta bort alt som kan tenkjast å gjera eit eller anna med oss, så vi går smertefrie gjennom livet, til vi til slutt tar vakker regi over vår eigen død og andres minner.

Også møtet med døden er ei stor, felles erfaring.

Uendeleg mykje kunnskap om sjukdom og død finst på sjukehus og i sjukeheimar. Dei ser kva som trengst. For den som skal døy. For dei som skal mista.

Jo, eg veit det finst unntak. Dei fleste av oss er ikkje slike unntak.

Grunnleggjande

Dei aller fleste skal oppleva å mista mor og far, eller dei som var i mor eller fars stad. Vi toler det også.

Eg veit det finst unntak. Dei fleste av oss er ikkje slike unntak.

Så grunnleggjande er den erfaringa at det finst djupe, kloke ritual for det, i ulike kulturar og religionar. Det finst nedarva reglar for å koma med mat eller blomar til dei etterlatte. Det gir påskot for å ta turen og gjera kontakten, og det gir handfast hjelp og trøyst til dei som sit igjen. Det finst samlingspunkt for å ta farvel, det finst ord og dikt og songar og prestar og ikkje-prestar og familie eller venner eller kolleger eller naboar som kjem til å vera med. Viss dei får.

Nei, alle har ikkje ein stor flokk. Men dei fleste har nokon. Dei fleste har nokon som er mindre prega enn dei er sjølv, og som vil støtta. I det minste koma i gravferda. La dei få det. Ikkje gjer sorga og tapet og døden så unik.

Difor vil eg ikkje dela ut alibi for å ta regien sjølv. Det er ikkje sikkert du skal insistera på å døy heime. Då må du og dine nærmaste bera så mykje meir. Du takkar nei til å få hjelp av andres erfaring og kunnskap.

Det er ikkje sikkert vi skal krevja å vera unike når livet blir på sitt sterkaste. Når det gir nytt liv, når det tar liv, når det merkar deg. Dei sterkaste erfaringane er også heilt grunnleggjande for alle menneske. For den store hopen.

Det ligg det generasjonar med viten, trøyst og styrke der. Uansett tru eller livssyn.

Greia er at ein må velja

Viss du insisterer på at du er så unik at din smerte og dine tap og nederlag ikkje kan gjenkjennast av andre, så seier du også at slike smerter og tap ikkje eigentleg er ein del av livet. Slik kan du nok tvihalda på at livet eigentleg er lyst og lett, og at alt som er vondt, bare er ditt. Noko du kan ta regi over, pynta ned, eller gjera til ditt unike smykke.

Men det blir fort å leva livet med ryggen mot veggen.

Vel du å stola på at dei andre har vore her før deg, kan du tru at også du toler det.

Eg vel det siste. Der ein kan leva livet framlengs.

Les også

  1. Metoo - lamma av skam

  2. Meir enn kyllingpølsetoleranse

  3. Tips til Torstein (Ap): Ting å ta vekk

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Hvis man kan holde seg innendørs frem til søndag formiddag er det best

  2. Ståle Kyllingstad tar nytt grep, nå i fabrikken på Jæren som blant annet laget utemøbler for New York

  3. Slik «ranet» Kina et av verdens fattigste land

  4. Kjell (64) har gratis strøm: – Får betalt for å dusje

  5. Alle nye henvendelser fra tidligere barnevernsbarn skal besvares med et tilbud om et møte

  6. – Pizzaene er kanskje sånn midt på treet, men det er godt nok rett som det er, også til take away på travle hver­dager