200 løyser ingenting

KOMMENTAR: Den vesle justeringa av koronareglane har fint lite å seia for kulturlivet framover.

Slik såg det ut sist det var lov med 200 publikummarar i Sandnes kulturhus. Kapasiteten utan korona er på 650.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Som venta blei det slutt på skjenkestoppen og store endringar for skulesektoren då regjeringa torsdag kveld justerte koronareglane. For kulturlivet blei endringane – like forventa – minimale.

Å gå frå max 50 til max 200 publikummarar på tilviste sitjeplassar løyser ikkje det store problemet dei som lever av å samla mange menneske har, nemleg økonomien. Rekneskapen går ikkje i pluss om du kan samla 200 personar i ein stor og dyr konsertsal som tek 1400, like lite som det hjelper å spela for halv kapasitet i mindre konsertsalar.

Men det finst vel økonomiske støtteordningar? Tja.

Kompensasjonsordninga for avlyste og nedskalerte konsertar er framleis ikkje søkbar. Den andre ordninga, den som skal stimulera til aktivitet, gir ingen garanti om støtte – og du får mest sannsynleg ikkje vita om du får pengane før arrangementet er gjennomført. Dermed er det liten grunn til å tru at mange tek sjansen på å leggja ut på turné eller booka særleg mange publikumsarrangement dei neste vekene. Etter snart to år unntakstilstand har dei færraste økonomi eller nervar til å ta slik risiko.

Les også

Stor usikkerheit i kulturlivet

Utvidinga er sikkert velkomen på Rogaland Teater og på kinoen. Dei spelar uansett, der er forskjellen kor mange som får sleppa inn. Men brorparten av finansieringa av teateret kjem altså frå det offentlege, ikkje frå marknaden. Og dei offentlege pengane kjem uansett kor mange som løyser billett. Sånn er det ikkje for ein artist som drar på turné for eiga rekning og risiko.

Ja, og kvifor akkurat 200? Kvifor ikkje skilja mellom store og små lokale? Gudane veit.

Noko av det ubegripelege med styresmaktenes koronahandtering av kulturlivet, er kor lite som har skjedd. Snart to år inn i pandemien, med all den erfaringa og innsikta ein burde ha hausta, er reglane framleis prega av ei blanding av hastverk og famling. Ikkje veit ein nøyaktig kva som fungerer eller ei. Ikkje finst det tydelege og gode nok støtteordningar til at sektoren veit kva dei har å halda seg til når det kjem nye restriksjonar. Og framleis finst det altså ikkje noko koronapass – ei ordning store delar av Europa har hatt på plass lenge.

Krisen i kulturlivet vil i praksis ikkje gå over før meteren er borte – med eller utan koronapass – og folk ikkje lenger er redde for å bli smitta. For det verkeleg store spørsmålet når regjeringa dobbelkommuniserer at du bør redusera talet på nærkontaktar, men samtidig seier du bør gå ut og setja deg saman med 199 andre på teater eller konsert, er dette: Når begynner folk å kjøpa billettar igjen?

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Den vesle justeringa av korona­reglane har fint lite å seia for kul­tur­livet fram­over

  2. Kva er det utelivs­bransjen kan, som kultur­livet ikkje får til?

  3. «Så feil kan ein altså ta»

  4. Interessant å møta seg sjølv i døra, Anette Trettebergstuen?

  5. «Lyttar du mest til kritikarar, venner, bloggarar eller algoritmar når du vel bok, film, tv-serie eller musikk?»

  6. Hemnen frå dei som hadde alt

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Koronaviruset
  3. Kulturpolitikk
  4. Kultur
  5. Økonomi