Held intelligensen min mål?
KOMMENTAR: Nå kjem den kunstige intelligensen. Blir sånne som meg overflødige då?
- Jan ZahlKulturjournalist

Her kjem ei deprimerande opplysning: Eg hadde bestemt meg for å skriva kommentar om kunstig intelligens (KI) og journalistikken. Ikkje berre fordi eg fryktar for mi eiga jobbframtid, men også fordi eg er genuint bekymra for ting som er langt større. Som demokratiet.
Men så visste eg ikkje heilt kor eg skulle starta. Eg bestemte meg for å spør om KI hadde nokre, eh..., tankar om sine eigne konsekvensar for journalistikken. Så eg spurte like godt ChatGPT: «Hva er farene for journalistikken ved økt bruk av kunstig intelligens?»
Her kjem det deprimerande: ChatGPT leverte eit svar ein bachelorstudent i journalistikk like gjerne kunne levert på eksamen.
Og skal eg vera brutalt ærleg, var dei fem hovudpunkta frå KI omtrent dei fem punkta eg sjølv ville sett opp, med min menneskelege intelligens.
Ville det vore meir effektivt,
reint bedriftsøkonomisk,
om ChatGPT skreiv denne
kommentarartikkelen?
Masse research
For min del er desse punkta eit resultat av at eg har følgt relativt godt med på saker om KI, særleg etter at ChatGPT kom på marknaden i november i fjor. Eg har høyrt innlegg om temaet både på vår eigen journalistkonferanse i Stavanger i januar og på foredrag på Nordiske mediedager i Bergen for eit par veker sidan. Der var Inga Strümke, NTNU-forskaren som har skrive boka «Maskiner som tenker». Har du ennå ikkje høyrt om Strümke, lever du under ein stein.
Eg hadde både lese norske og amerikanske aviser om temaet. Ikkje minst har eg følgt saka om The New York Times sin teknologiskribent Kevin Roose, som testa ut Microsofts nye chatbot Bing – og blei vitskremt. For chatboten stod fram som ein humørsjuk, manisk depressiv tenåring fanga i eit rom hen ikkje ville vera i. Maskinen drøymde om å bryta reglane Microsoft og Open AI hadde laga, ville driva med hacking, spreia desinformasjon og bli som eit menneske. Ut av ingenting erklærte maskinen at hen elska Roose, meinta han var ulukkeleg i sitt eige ekteskap og burde bryta ut.
Ja, og så har eg høyrt masse podkastar, som då Torbjørn Røe Isaksen sist veke hadde besøk av nettopp Strümke i sin «Stopp verden». I tillegg til at eg såg om igjen Tonje Hessen Scheis gode – og skremmande! – «iHuman» frå 2019 (finst hos Altibox).
Effektivitet?
Poenget? Poenget er at eg har brukt timar, dagar og månader på å lesa, lytta, reflektera og diskutera om KI. Nok til at eg skulle kunna skriva ein journalistisk kommentar om temaet utan å dumma meg for mykje ut med min manglande kunnskap.
ChatGPT brukte rundt fem sekund på sitt svar.
Det skremmande spørsmålet blir dermed: Ville det vore meir effektivt, reint bedriftsøkonomisk, om ChatGPT skreiv denne kommentaren?
Faktum er at KI allereie skriv ein heil del artiklar i norske aviser. Det er datamaskinar som skriv sakene du finn på aftenbladet.no om bedriftsresultat, eigedomssal, pluss ein del fotballreferat. Sakene er baserte på tal og fakta maskinen lett kan henta inn om rekneskap, prisar og kven som scora mål. Men det store spørsmålet er om KI kan brukast til å produsera meir av innhaldet du som mediebrukar blir eksponert for. For her er altså ein del potensielle farar, det er ChatGPT og eg samde om.
Fem farar
ChatGPT samanfattar fem farar i forbilledleg lesarvennleg listeform:
- Kvalitetssikring og pålitelegheit. Du kan altså ikkje vera sikker på at det du ser eller les er sant. (Den siste setninga her var min.)
- Falske nyheiter og desinformasjon. Teknologien kan misbrukast til å skapa og spreia falske nyheiter og desinformasjon i stor skala (ifølgje ChatGPT) – med dei følgjene det kan få for val, demokrati, sosial ustabilitet (meg).
- Personvern og datasikkerheit. Akkurat dette er eg ingen ekspert på, men ChatGPT meiner innsamling og analyse av store mengder personlege data kan bryta personvernet og misbrukast.
- Makt og konsentrasjon. Dei som styrer teknologien og algoritmane, kontrollerer også informasjonen og nyheitsstraumen ut til folk. Det kan lett misbrukast, om du som medieselskap har ein bestemt agenda.
- Etiske spørsmål. Tru det eller ei, men journalistikk går føre seg innanfor eit omfattande etisk regelverk. Korleis sikrar ein denne etikken om ein maskin skriv teksten?
Audhild Skoglund: «Er favorittartisten din digital?»
Bra eller katastrofe?
Etter å ha lese, lytta og lært (som ein annan lærande maskin), sit også eg igjen med minst like mange spørsmål som svar. For akkurat nå er det ingen som heilt veit korleis dette vil gå. Kunstig intelligens kan i prinsippet løysa nesten kva problem som helst. Men utan reglar, regulering og grundig gjennomtenking kan det også gå uendeleg gale. For å sitera verdas mest kjende fysikar etter Albert Einstein, Stephen Hawking:
«Utviklinga av kunstig intelligens vil vera det største som har skjedd i menneskets historie. Det kan dessverre også bli det siste, med mindre me lærer korleis me unngår risikoen.»
Men. Me er jo alle oss sjølv nærmast. Så det eg lurer eller mest på, er om eg som journalist vil bli overflødig i framtida. Eg veit ikkje.
Så eg spør ChatGPT. For denne supersmarte kunstige intelligensen må jo ha svaret?
«Samlet sett er det usannsynlig at journalister vil bli fullstendig overflødige i fremtiden. Deres unike ferdigheter og evner til å utøve kritisk tenkning og kontekstualisering, sammen med etisk journalistisk praksis, vil fortsatt være avgjørende for å gi pålitelige og meningsfulle nyheter til samfunnet.»
Puh!
Les også
Kunstig intelligens lurte mennesker trill rundt. 1000 eksperter krever forbud
Står me ved inngangen til ein ny epoke, der maskinen tar over for mennesket?
Hvordan kan KI hjelpe deg i studiene? Her er triksene og fallgruvene
«AI-gudfar» slutter i Google for å advare mot teknologien
Her gjetter NRK-sjef hvilken jobbsøknad som er laget med kunstig intelligens, og hvilken som er laget av mennesker. Klarer du det?
Redaktør fikk sparken etter kunstig Schumacher-intervju
Kine (19) leverte en oppgave med ChatGPT: – Læreren så at teksten ikke var min
Norsk studie: Eksamensbesvarelser fra ChatGPT ble kun avslørt i 6 av 10 tilfeller
«Verdensherredømme» er målet for gründere bak nytt mobilspill
Å bli dratt baklengs inn i fuglekassa av de nye chatterobotene
Kommentator Jan Zahl
- KOMMENTAR
Mine spådommar om filosofi- og vitskapsfestivalen Wonderful World slo på ingen måte til
- KOMMENTAR
Her er ein del potensielle farar, det er ChatGPT og eg samde om
- KOMMENTAR
Det var kanskje ikkje så enormt barskt å gå rundt i gatene i raud og blå uniform
- KOMMENTAR
Utdannings- og livsval er ikkje berre viktige for ungdommane sjølv. Dei er heilt avgjerande for oss alle
- KOMMENTAR
Det er når ting blir vanskelege at det krev at me står støtt og held fast på prinsippa våre
- KOMMENTAR
Vil tøffare tider gi kulturell blomstring eller kulturell krise?