– Det held ikkje å vera ung og utan arbeid. Du må vera ung og sjuk

KOMMENTAR: Unge kjem til Nav fordi dei elles ikkje har noko å leva av. Anten dei er sjuke eller arbeidsledige. Begge delar må gjelda.

Tilsette hos Nav vil ha lenger tid til å hjelpa unge enn det systemet gir.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Viss du er ung i Norge, utan jobb og utan utdanning, så har du i praksis berre ein måte å koma inn i bitte litt økonomisk tryggleik på: Det må vera noko gale med deg. Ein mangel. Ein diagnose.

Tida dei ikkje har

Systemet vårt er slik. Når du står sånn, på bar bakke, og kjem til Nav, så skal Nav først sjekka om du har rett på ei statleg form for økonomisk hjelp. Det har du. Du har rett på AAP – arbeidsavklaringspengar. Veldig lite pengar, langt under fattigdomsgrensa, og ikkje meint å vara i meir enn tre år. I tillegg er den også meint å avklara om du kan arbeida eller ikkje, og i kor stor grad. Den skal – slik det er tenkt – anten hjelpa deg i gang igjen med arbeid, eller gi deg uføretrygd.

Dei som jobbar hos Nav, seier dei treng lenger tid enn tre år for å hjelpa dei unge. Som alle kom fordi dei elles ikkje har noko å leva av, anten dei er sjuke eller arbeidsledige.

Etter tre år, når dei ikkje kan få AAP lenger, og ennå ikkje er klare for arbeidslivet, har dei ikkje rett på vidare økonomisk støtte. Med mindre dei er sjuke, og arbeidsevna er så nedsett at dei har rett på uføretrygd. Nav kjenner seg ofte pressa til å få til det. Få ein diagnose. For å kunna gi ein viss, fast økonomisk tryggleik, og ikkje senda dei over på usikker og flyktig sosialhjelp.

Verdien

Trygdeordningane våre skal jo gi tryggleik. Det er det dei er til for. Etter andre verdskrig, i eit ganske mykje fattigare Norge, blei alle parti på Stortinget einige om å gå for å samla alle trygdeytingar i ei lov. Folketrygdlova. Den kom i 1967.

Folketrygda skal bidra til utjamning av inntekt og levekår. Gjennom livet ditt, i ulike fasar, når du har små barn, når du blir sjuk, når du blir gammal, når du ramlar utanfor arbeidslivet. Den skal jamna ut mellom grupper, den skal bidra til sjølvhjelp, slik at kvar enkelt så godt det lar seg gjera kan klara seg sjølv.

Det ligg eit sterkt verdisyn der. Rotfesta i alle politiske parti som var på Stortinget i etterkrigstida. Men det ligg også ganske praktiske tankar bak. For at eit velferdssamfunn som vårt skal fungera, må alle kjenna at dei er med. Alle må få koma til bordet, om det så skal vera for å sitja lengst nede ved enden. At alle har både rett og plikt og vilje til å forsørgja seg sjølve, blei tatt for gitt. Når dei likevel måtte be om hjelp, skulle dei vera trygge for at dei ville få det.

Det er stygt. Det er
ikkje andre ord for det.

På utsida

I dag er det dobbelt så mange unge uføre i Norge som i Sverige. Men dei har omtrent like mange unge utanfor arbeid og utdanning som vi har. Dei har heller ikkje løyst dette for sine unge. Men dei har ikkje einsidig knytt økonomisk sikring til ein fysisk eller psykisk mangel hos kvar enkelt av dei.

Systemet vårt gjer unge sjuke, før dei kanskje får hjelp til å nærma seg arbeidslivet. Då har dei fått ganske mange tilleggsmeter å starta med.

Dette her, kjenner eg, er frykteleg vanskeleg å skriva om. For blant den gruppa unge uføre vi har, er det sjølvsagt mange, mange som soleklart skal ha uføretrygd. Som har funksjonshemmingar, som har vore gjennom alvorleg sjukdom eller ulykker, som har diagnosar som dagleg stel all kraft. Som vi skal trygga, som vi skal gjera alt vi kan for at skal ha eit verdig og trygt liv.

Det er også vanskeleg å skriva om dette utan å bli tatt med inn i den store, forteljinga om at alle på trygd bør tynast, alle på trygd burde skvisast litt krefter ut av, alle på trygd manglar vilje til å koma seg ut av sin eigen situasjon. Den forteljinga som nå alle politikarar utanom MDG, SV og Rødt fortel, igjen og igjen og igjen. Den gjer stor skade.

Mistanken

Det er nesten alltid fare på ferde når berre ei forteljing og ei sanning gjeld. Denne, om mistanken mot alle på trygd, og det nødvendige i å tyna dei langt under alle fattigdomsgrenser, er knusande for alle dei det gjeld. Der det var meininga vi skulle fanga opp folk i eit nett av ordningar som sikrar ein viss tryggleik, dyttar vi dei i staden i ryggen når vi ser dei snublar. Det er stygt. Det er ikkje andre ord for det.

Det trugar tilliten til velferdsstaten, og til politikarane. Og det legg alt over på enkeltmennesket. Også på dei unge som står utanfor arbeid og utdanning.

For det gøymer også vekk at den vegen barn og unge skal gå på og leva langs, har blitt altfor smal. Du kan ikkje enkelt reisa til sjøs som 16-åring, bli dreng på ein gard, vaskehjelp eller handlangar på ein anleggsplass.

Det må synast at det er slik. Det må synast at vi skreller folk vekk, alt før dei er vaksne. Utan at dei nødvendigvis er sjuke. Utan at det er enkeltmennesket det er noko gale med. Og utan at styrande politikarar igjen får vatn på mølla og mistenkjer manglande vilje hos alle som tar imot ei eller anna form for trygd.

For forteljinga om dei trygda som menneske utan eigen vilje, frikjenner samfunnet og ordningane vi har lagt oss til, og legg dobbel skuld på dei som blir ramma av dei same ordningane. Anten dei er sjuke eller arbeidsledige.

Og den kan gjera alle forsøk på å få fram kva som sviktar, til endå ein mistanke som blir kasta deira veg.

Publisert: