Endå ein rapport! Om fastlegen!

KOMMENTAR: Bit for bit for bit kan papirkontroll og skjemakryssing bli luka ut frå helsetenestene våre. Viss politikarane vil.

Fagdirektør Kjetil Telle i FHI leverte rapporten om fastlegeordninga til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) tysdag denne veka.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det er det same som gjeld over heile fjøla: Fagfolka våre må få bruka faget sitt. Helsefolka må få bruka tida på pasientane. Og ikkje bli rivne i to kvar arbeidsdag av spriket mellom for mange oppgåver og for få ressursar, mellom det dei ser som viktigast og det som er pålagt dei av meir eller mindre rare aktivitetar. Eller mellom ansvaret for pasientane sine og ønsket om også å vera forelder, partnar, eit vanleg menneske.

Fastlegen sin tur

Det blir vas i heile systemet viss ikkje mange nok blir fastlegar. Dei har ropt i årevis om for høgt arbeidspress og for svak rekruttering. At det er fare på ferde, har vore kjent lenge, i alle fall sidan midtvegs i Solberg-regjeringa si tid. Dei fekk ikkje gjort så veldig mykje med det, for å seia det sånn.

Jo, dei laga rapportar. Og handlingsplan. Og evaluering av handlingsplanen.

Ingvild Kjerkol sette ned endå eit nytt utval. I denne flunkande nye rapporten føreslår ein å auka den faste summen fastlegen får per pasient, ein opnar for endå lengre pasientlister og ein føreslår å røska opp i at unge legar må svi av ein million kroner for å kjøpa ei pasientliste og begynna som fastlege.

Les også

Dette synes en fastlege om ekspertenes fastlegeforslag

Dette er forslag som alt er omstridde. Vil endringane gjera arbeidsdagen kortare og vegen inn til yrket lettare, utan å vatna ut fastlegens rolle som din faste lege? Og utan at nokon av fastlegane, verken dei som er på veg ut eller på veg inn, blir sitjande igjen med økonomisk svarteper? Det blir viktige diskusjonar. Som heller ikkje bør vatnast ut.

For fastlegen skal vera tryggleiken din. Særleg for dei av oss som treng helsehjelp ofte. Fastlegen skal følgja deg og gjerne heile familien din over tid, forstå at når akkurat dette rammar deg, så blir det ei stor greie av det, for du har så mange andre greier frå før. Diagnosar som drar i kvar si retning, der medisin for den eine gjer den andre verre. Forhold i livet som gjer deg utsett, depresjonar som vender tilbake, livstrugande sjukdom eller skadar som sjukehuset har behandla deg ferdig for, men som du likevel treng medisinsk oppfølging og støtte for. Kanskje for resten av livet.

Fastlegen skal seia nei. Nei, du treng ikkje fleire utreiingar, vi veit nok. Nei, du treng ikkje MR; nei, du treng ikkje sjukehuset sine tenester. Eller nei, det kan ikkje fortsetja slik, du treng meir hjelp. Du treng den operasjonen.

Tid for tillit?

Bit for bit for bit kan endringane som blir føreslåtte nå – til saman, i omsorgsminister Ingvild Kjerkols (Ap) uendeleg mange utval – luka ut New Public Management frå helsesektoren. Som trua på at den beste måten å driva på, er å leika butikk med tenestene som tar seg av folks liv og helse. Trua på at fagfolk kjem til å oppføra seg fullstendig uansvarleg dersom dei ikkje har budsjett fremst i panna heile dagen, men forsvarleg hjelp til det sjuke mennesket framfor seg. Krava til å dokumentera og attestera og rapportera herfrå og til evig tid.

I denne rapporten, om fastlegane, føreslår ein blant anna at dei må få sleppa å skriva fråværsattestar til elevar i vidaregåande. Det burde vera å scora på opent mål, dei skulle jo aldri ha hatt den oppgåva. Kunnskapsminister Tonje Brenna og skulane må ordna det på ein annan måte. Ferdig snakka.

Dei føreslår også at fastlegen må få sleppa å skriva korte sjukmeldingar for oss som er arbeidsfolk. Vi må kunna gjera det sjølv, seier utvalet, i opptil 16 dagar. Men du skal sjølvsagt til legen viss du treng medisinsk hjelp.

Nå? 60 prosent av oss jobbar i IA-bedrifter – Inkluderande Arbeidsliv. Då kan du sjølv melda at du er sjuk i opptil åtte kalendardagar. Jobbar du ikkje i ei IA-bedrift, er det opp til tre dagar, inntil fire gonger på 12 månader.

Det siste forslaget der, med utvida eigenmelding for oss som er i jobb, blir ein test på om politikarane vågar å sleppa opp på kontrollen og gi folk meir tillit. I og utanfor helsevesenet.

Klarer politikarane dette?

I Mandal kommune låg sjukefråveret på skyhøge 9,5 prosent i 2003.

I 2012 var det nede i 5,6 prosent. Dei tilsette hadde fått skriva eigenmelding i opptil eitt år, og gradert fråværet sjølv, med tett oppfølging av nærmaste leiar. Sånn haldt dei på i ti år, ut 2017. Då var fråværet på 7,5. Alderen for pensjonering hadde stige frå 52 til 60 år.

Då sette Solberg-regjeringa foten ned. Dei meinte det først og fremst var arbeidsgivars oppfølging og tilrettelegging det kom an på, ikkje eigenmeldingane. Fråværet steig til 9 prosent på 9 månader.

Kanskje var det nettopp det at tilliten og ansvaret gjekk begge vegar, som var greia? Og at det ikkje funka når arbeidstakarane ikkje lenger fekk den tilliten og hadde det ansvaret?

Tja

Det forslaget som kjem nå, blir ein prøvestein på om denne regjeringa, og seinare Stortinget, klarer tru på at tillit og ansvar ikkje er for dyrt. Mens kontroll er det, fordi det legg beslag på tid og krefter og handlingsrom, og verkar bedøvande på alle partar.

Viss dei ikkje heilt klarer det, er prøvestein nummer to om dei har ryggrad nok til ikkje å skyva kontrollen over på fastlegen igjen. Dei kan jo heller ta støyten sjølv. Ved å innføra ein karensdag eller to. Har du vore sjuk i to eller tre dagar, kjem det to dagar du blir trekt i lønn for.

Uansett, når alle endringar og forslag frå alle Kjerkol sine helseutval skal gjennom hos politikarane, blir dette det mest interessante: Klarer dei løfta oppgåver frå helsefolka våre, sjølv om det betyr mindre detaljstyring, både over dei og over oss?

Publisert: