Naudsynt løysing i budsjettforhandlingane

Statsminister Erna Solberg måtte legga all tyngda på for å få Siv Jensen og Frp på gli. Det var på høg tid.

Publisert: Publisert:

Venstre-leiar Trine Skei Grande har lagt lista høgt og truga med å torpedera budsjettforhandlingane i haust. No er ei løysing omsider i sikte. Ingen hadde vore tent med ei regjeringskrise på nokre få øre drivstoffavgift og eit uverdig politisk spel, skriv kommentator Jarle Natland. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Måndag kveld hadde Solberg innkalla Jensen til to-parts-prat om budsjettforhandlingane i statsministerens husvære.

Tysdag formiddag signaliserer både Venstre-leiar Trine Skei Grande, KrF-leiar Knut Arild Hareide og ikkje minst samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen at no trur dei alle på ei løysing i budsjettforhandlingane.

Me veljarar kan takka for at me ser ut til å sleppa meir politisk spel og taktikk-tenkning som berre hadde gitt politikken og politikarane eit dårlegare rykte.

Samstundes måtte KrF-leiar Knut Arild Hareide undervegs opna eit lite vindauge på gløtt for å skilja lag med samarbeidspartnar Venstre.

Takk til Solberg og Hareide

Både Solberg og Hareide skal ha takk for at dei bergar landet frå ei heilt unødvendig regjeringskrise etter at Frp og Venstre gjekk til dei grader i skyttergravene.

Resultatet er den beste løysinga for kongeriket no, mindre enn eit år før valet. Taleskrivarane til Erna Solberg kan trygt pusla på vidare med nyttårstalen hennar 1. januar, den fjerde i rekka.

Det var framfor alt både naudsynt og rett at det ansvarlege regjeringspartiet Frp til slutt gjekk støttepartiet Venstre noko i møte. Solberg har måtte visa statsmannskunst og ansvar for å få både regjeringspartnar og støtteparti inn i folden. Dersom landet skulle ha enda med regjeringskrise på nokre få øre drivstoffavgift, ville det ha vore meir politisk spel enn realitet som låg bak..

Ei krise ingen var tent med

Som Aftenbladet skreiv på leiarplass onsdag 2. november: «Når det gjeld budsjettforhandlingane, er det grunn til å sjå etter kven som eventuelt vil tena på ei regjeringskrise. Det enklaste svaret er ingen. Aller minst eit Ap som er i god framgang på målingane og ikkje er interessert i å overta med mindretalsregjering før valet.»

Les også

Viktige vegval i alternative statsbudsjett frå sentrumspartia

Norge hadde ikkje vore tent med det. Veljarane hadde ikkje vore tent med det.

Dei borgarlege partia ville ikkje ha tent på kaos-stempelet. Med eit mogleg unntak for Frp, som kunne ha henta nokre nye kjerneveljarar.

Men prisen for Frp ville ha vore å kvitta seg med den mest profilerte og omtalte statsråden på mange år: Sylvi Listhaug. Ho går i krigen med eit stort smil. Listhaug vil fort henta langt fleire røyster neste haust enn partiet taper på eventuelt å mjuka litt på bilpakka no og visa ansvar for å sikra landets historisk blåaste regjering nokosinne heile valperioden ut.

Me likar ikkje kriser

Historiske røynsler viser at norske regjeringar ikkje vert felte på statsbudsjettet. Samt at norske veljarar ikkje er glade i regjeringskrise og løner dårleg dei som skaper politisk kaos.

Arbeidarpartiet og Jens Stoltenberg vart straffa knallhardt av veljarane etter å ha felt Bondevik I-regjeringa på gasskraftverk. Ap gjorde sitt dårlegaste val på 74 år i 2001. Deretter var Bondevik II-regjeringa eit faktum.

I ein situasjon der både Venstre og KrF er faretrugande nær sperregrensa og Ap er i frisk framgang, ville det ha vore eit usannsynleg borgarleg sjansespel å fella den blå-blå regjeringa no.

Frp ville nok isolert sett ha likt å senda dei to støttepartia, gjerne forakteleg omtalt som mikropartia, under grensa og meir eller mindre ut av Stortinget. Men bakgrunnstala viser lita von for Frp og Høgre om å overta alle dei tapte Venstre- og KrF-veljarar.

På den siste Sentio-målinga for DN i november hadde Ap og Senterpartiet reint fleirtal aleine. Den målinga får du ta med ei stor klype salt, men alle målingane viser at Ap veks og Sp held god stand.

Eit vonlaust sjansespel

KrF ville heller ikkje hausta nokon veljargevinst på å seia nei til auka kontantstøtte for å stå solidarisk med Venstre. Den blå-blå regjeringa har undervegs lokka KrF både med auka kontantstøtte, eingangsstønad og meir pengar til tidleg innsats i skulen.

Aller først: Eg er slett ingen tilhengar av kontantstøtta, som elles har vore eit sikkert kort for KrF ved mange val. Eg er trygt plassert mellom dei som meiner at ulempene med kontantstøtte er langt større enn fordelane med valfridom.

Men dersom KrF-leiar Knut Arild Hareide hadde vald å gå til botns med Venstre, ville han vore taktisk usmart. Dei alternative statsbudsjetta til Venstre og Høgre er vesentleg ulike på dei punkta som det no har stått strid i budsjettforhandlingane. KrF har som alltid fleire hjertesaker og har fått viljen på fleire punkter før valkampen neste år. Regjeringspartia har drive eit lite skjult og skammeleg forsøk på splitt og hersk som har gjort stoda verre for dei to små og sjølverklærte solidariske støttepartia.

Takk for at me slapp meir spel

Dersom det borgarlege samarbeidet hadde sprukke i haust på nokre få øre drivstoffavgift, ville det diverre vore meir symbolpolitikk og taktisk spel enn realitetar som skilde. Me skal vera glad for at landet og me slepp ei regjeringskrise på den bakgrunnen.

Men det som er faktisk tilfelle og ikkje spel, er at bøygen i budsjettforhandlingane har vore at den politiske skilnaden mellom dei borgarlege har tilspissa seg i seinare år. Nært i slekt er denne ulykksalige og unødvendige hangen til å koma med ultimatum på begge sider.

Ho la lista høgt

Venstre-leiar Trine Skei Grande la lista i høgaste laget då ho proklamerte på landsmøtet at årets statsbudsjett skulle bli det grønaste nokosinne, elles ville dagens regjering vera historie. Så kjørte bilvenlege Frp med støtte frå Høgre fram sitt heilt uvanlege ultimatum på bilpakka – alt før sjølve statsbudsjettet kom. 15 øre meir i bensinavgift, 35 øre meir i dieselavgift og ikkje ein øre meir, var den soleklare meldinga. Grande var tilsvarande sjokkert og skuffa og har lagt lista enda høgare i ettertid.

Politikk er å vilja, sa Olof Palme alt i 1964. No viser dei borgarlege partia at dei hadde vilje til å koma til semje til slutt. Sjølv om mykje av detaljane og finpussinga står att, som Venstre-leiar Trine Skei Grande understreka etter møtet på Statsministerens kontor tysdag morgon.

Men den reelle prøven på borgarleg samhald kjem med full tyngde neste haust.

LES OGSÅ AFTENBLADETS PROFETISKE LEIAR FRÅ 4. OKTOBER:

«Difor er utfallet rimeleg lett å føreseia: Me vil ha knallharde budsjettforhandlingar. Begge støttepartia bergar det blå-blå budsjettet i hamn mot ymse små avlat. Kanskje vert til og med drivstoffavgiftene skrudd opp nokre øre - i verdas rikaste land.»

Leiar: Trygt spel om budsjett
Publisert:

Les også

  1. Optimisme etter krisemøte på Statsministerens kontor

Mest lest akkurat nå

  1. Seks nye smitte­tilfeller i Stavanger fredag

  2. Her sveiper bussen borti bygningen midt i Stavanger sentrum: – Vi blir jo litt redde

  3. Blind vold: Mann stukket i halsen ved Maxi kjøpesenter

  4. Bekymret Solberg varsler nasjonale innstramminger

  5. En ekte helt havnet midt i innspillingen av ny katastrofefilm på Orre

  6. Tilsett ved sjukeheim i Stavanger er smitta av covid-19 – ni i karantene

  1. Erna Solberg
  2. Kristelig Folkeparti (KrF)
  3. Trine Skei Grande
  4. Siv Jensen
  5. Sylvi Listhaug