Det normale valet – typisk norsk
GJESTEKOMMENTAR: Valet 2019 var ikkje unikt eller skremmande. Det var på mange vis slåande normalt, og typisk norsk.
- Bård Vegar SolhjellTidlegare stortingsrepresentant og statsråd for SV


Nokre dagar etter valet smilte politiske kommentatorar i Oslo over den politiske situasjonen i Stavanger. Seks parti, som inkluderte MDG og Bompengepartiet (FNB), hadde blitt samd om å starte forhandlingar med sikte på å danne eit fleirtal. Det var ikkje mange minutt med research som skulle til for å finne ut at dette var ganske normalt og ganske forståeleg.
Mange har skrive om valet i 2019 som unikt og eineståande, ja litt skremmande. «Slik ser nye Noreg ut», stod det på framsida av ei av våre tabloid-aviser om valresultatet. Eg kjøper ikkje den versjonen. Eg meiner det norske kommunevalet i 2019 har mykje normalt og typisk norsk ved seg, og så i tillegg noko som er relativt nytt. Men det er også veldig normalt at eit val tek med seg noko nytt.
Det er på mange vis difor vi har val.
Store utslag heilt vanleg
Mange bytta parti ved dette valet, og det var store svingingar for enkeltparti. Senterpartiet opplevde eit valskred, det beste kommunevalet i si historie. Arbeidarpartiet gjekk tilbake med over 8 prosentpoeng. Men i moderne val er det blitt vanleg at mange byter parti, og vi har sett valskred før. I kommunevalet i 1987 dobla Frp seg og fekk 10,4 prosent. I 2007 vart SV halvert til 6,2 prosent. Ved stortingsvalet i 1997 vart KrF og Høgre jamstore. Det er knapt til å fatte.
Det var ekstreme lokale utslag. FNB sine sterke resultat på Vestlandet, Sp som får reint fleirtal i ein del kommunar, MDG sit sterke Oslo-resultat. Og mange andre. Men dette er det mest normale med heile valet. Val fører alltid til store lokale utslag, og det skal vi vere veldig glade for, fordi det dokumenterer på sett og vis at folk verkeleg gjer val. Alle parti har minst ein kommune der dei kan gjere eit sensasjonelt godt val, der ei sak eller ein person bryt opp mønsteret og viser at, ja, det nyttar å stille til val og gjere det bra!
Valet 2019 gav tvitydige signal. MDG gjorde det godt, men det gjorde også parti som er skeptiske til ein radikal klimapolitikk. Ap gjekk tilbake, men sentrum/venstre styrkar seg samla og kan sitte igjen med meir makt i kommunane. Igjen er dette ikkje uvanleg. Der det finst ein konfliktakse, finst det ofte to sider av den. Ved valet i 2017 klarte Frp å styrke seg i sjølve valkampen ved hjelp av innvandringssaka, men det gjorde motpolen SV òg. Under EU-valet i 1993 gjekk både det fremste nei-partiet og det fremste ja-partiet fram. Det er også ganske normalt at når Arbeidarpartiet (eller Høgre) går tilbake, ja, så vinn partia som ligg nær dei på det. Få veljarar bevegar seg over midtgrensa i politikken, men mange skiftar mellom parti på same sida. Det skjedde i særleg grad på venstresida i dette valet.
Samarbeidskulturen i kommunane
Kva så med Stavanger-syndromet? Ellers andre samarbeid som ser rare ut i Oslo?
Samarbeid i alle retningar er heilt vanleg i norske kommunar. I perioden 2001–2005 var eg partisekretær i SV. Ved kommunevalet i 2003 gjorde vi eit brakval og fekk 13,5 prosent. Det førte til 10 ordførarar, mellom anna på grunn av nokre veldige lokale utslag. I mange av tilfella der SV fekk ordføraren, var det ikkje i samarbeid med den vante partnaren Ap, men i «regnboge»-konstellasjonar som fjerna Ap frå makta, som til dømes i Nesodden, Namsos og Mo i Rana. Det finst tallause liknande døme, og det viser seg å fungere ganske greitt. Norsk politisk samarbeidskultur er uhyre sterk, og den er forankra i dei fleste parti og lokalsamfunn. Den toler at veljarar skifter parti.
Det an skje på grunn av ei lokal sak som er spesiell, men relativt ofte der eit parti har hatt makta lenge men mistar fleirtalet sitt. Eg vil kalle det eit naturleg opprør, eit teikn på at demokratiet fungerer. Ja, min påstand er at parti i Stavanger sin reaksjon er langt meir naturleg enn reaksjonen til Sp i Sarpsborg. Der har Ap hatt reint fleirtal sidan krigen, men mista det no. Like fullt valde Sp å gå i samarbeid med Ap og sikre dei framleis makt. Kanskje Sarpsborg kunne hatt godt av litt variasjon.
Varig endring
Kva er så nytt ved valet 2019? Er alt det same gamle? Nei, sjølvsagt ikkje.
Ei ny og potensielt viktig endring er Sp sin veldig sterke framgang i Nord-Noreg på kostnad av Ap. Den handler ikkje om isolerte lommer, men er ein sterk og gjennomgåande trend. Mange stader er Sp blitt sterkare enn Ap. Det verkar spesielt sterkt sidan Nord-Noreg alltid har vore ein Ap-bastion. Det står att å sjå om endringa er varig.
Det norske valforskingsprogrammet er vår sikraste kjelde til innsikt, om vi vil forstå dei lange trendane. Om vi vil sjå det som faktisk endrar seg over tid, og ikkje berre er brå utslag. Også i år presenterte dei si undersøking av førre val, stortingsvalet i 2017, midt i valkampen. Og der finn vi ei verkeleg endring, gradvis over tiår, som kan forklare nokre av endringane vi ser no.
I valkampen 2001 (og ved vala før det) var veldferd og økonomi dei dominerande områda for veljarane; saker om helse, eldreomsorg, skule, arbeidsløyse og økonomisk styring. Desse er klassespørsmål på venstre/høgre-aksen, perfekte tema for både Høgre og Ap. Gradvis har dette endra seg; som tema er desse meir enn halvert i kor viktige dei er for veljarane. Klima og innvandring, derimot, har gått frå å vere heilt uvesentlege (3–4 prosent sa det var viktigast) til å vere dei to viktigaste sakene for veljarane ved valet i 2017. Dette er eit stort problem for Høgre og Ap, som er splitta i desse sakene. Og det er ei stor føremon for enkelte andre parti.
Alt tyder på at dette er eit varig skifte, sjølv om det nok vil gå i bølgedalar (innvandring var til dømes perifert ved dette valet). Det kan forklare dei større endringane vi ser, ikkje minst fragmenteringa, og det gjer det sannsynleg at dette er ein varig tendens. Det nye normale. Sjølv om vi også ved framtidige val vil sjå brå endringar, lokale variasjonar og uvande konstellasjonar.
Det er det som er så bra med val.
Twitter: @bardvegar
Les også
– Demokratisk varsko fra folkesjelen
– Hva skjer når velgerne forstår at bompengelistene er akkurat som andre partier?
FNB har med god grunn irritert seg over Frp
Egil Ø. Nærland: «Fenomenet Ap + Frp går ikke over, motivet er åpenbart»
– Det der blei vel litt pompøst, Trine Skei Grande
Beinhard beskjed til regjeringspartiene
– Den nye fylkeskommunen framstår som et pervertert styringssystem