Skal me tru det politikarane seier eller det dei kuttar?

KOMMENTAR: Stavangers raudgrøne fleirtal seier «kulturmillionen» til det frie kunstfeltet skal skjermast, men kuttar samtidig 900.000 kroner i to pottar som går til det frie kunstfeltet. Korleis går det ihop?

Publisert: Publisert:

Det nye, raudgrøne fleirtalet i Stavanger har lova å skjerma «kulturmillionen» til det frie kunstfeltet - men foreslår å kutta 900.000 kroner frå pengepottar som går til det frie kunstfeltet. Foto: Cornelius Munkvik

  1. Leserne mener

Då Stavangers nye, raudgrøne fleirtal la fram sitt første forslag til kulturbudsjett, kutta dei nær fem millionar kroner frå kommunedirektørens forslag. I ein kommentar i Aftenbladet hevda eg at politikarane dermed gjer det motsette av det dei seier. Dei seier dei skal skjerma «kulturmillionen» til det frie kunstfeltet, men kuttar 900.000 kroner frå pengepottar som går til det frie kunstfeltet.

Denne påstanden førte til ein ganske frisk diskusjon på Facebook. Kunstnaren Solveig Nessa - som for øvrig er mor til ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) - skulda meg og Aftenbladet for å driva med «fake news». Musikar og Rødt-politikar Pål Asle Pettersen hevda at eg var tendensiøs og leverte «et slapt journalistisk håndtverk». Begge viste til at dei raudgrøne jo hadde lova å skjerma «kulturmillionen» - noko Aps gruppeleiar Dag Mossige også presiserte på Facebook:

«Det skal IKKE kuttes i de frie midlene. Det står endog presisert skriftlig to steder. Det ligger inne nå en reduksjon på to sekkeposter som har flere andre utgifter forbundet med seg.»

Alvorlige påstandar

Å bli skulda for å driva med «fake news» og tendensiøst, slapt handtverk er svært alvorlig. Så alvorlig at eg må finna ut kva som er sant og kva som er «fake».

Dermed har eg gått til kjeldene, altså Stavangers kulturbudsjett, for å finna ut kva pengane i kuttpostane faktisk går til.

Til kulturstyrets møte 20. november leverte kommunens kulturavdeling ein rapport om tilskotsordningar for kunst og kultur for perioden 2016–2019. I sakspapiret - interessant nok under overskrifta «Fakta» - skriv dei:

«Det går et hovedskille innen alle felt mellom institusjonene og det frie feltet. Det frie feltet består i stor grad av enkeltkunstnere, aktører, virksomheter, kompetansesentre, arrangører, festivaler. Det er gjerne enkeltmannsforetak eller få ansatte, og økonomien er prosjektbasert. Tilskuddsordningene er særlig innrettet for det frie feltet, og de gjelder for både profesjonelle og amatører og frivillige.»

14 millionar til det frie feltet

Stavanger kommune har ni tilskotsordningar kulturavdelinga reknar inn under det frie feltet. I 2018 utgjorde pengepotten som går til «diverse tilskudd, stipend og priser» 14 millionar kroner - åtte prosent av kommunens totale kulturbudsjett.

«Kulturmillionen» blei lagt inn her - og det er her dei 900.000 kronene skal kuttast frå. Nærmare bestemt: «Kulturmillionen» blei lagt inn i post 107 «Tilskudd produksjon og formidling», som dei raudgrøne nå har foreslått å kutta 500.000 kroner frå, målt mot kommunedirektørens forslag. I tillegg vil dei kutta 400.000 kroner frå post 112, kulturstyrets disposisjonskonto.

For å ta den siste først: Disposisjonskontoen dekker støtte til større prosjekt som fell utanfor dei andre tilskotsordningane, og omfattar typisk det frie kunstfeltet. Potten utgjorde i fjor 3,2 millionar kroner. Dei største løyvingane gjekk til ensemblestøtte (810.000 kroner), visuell kunst (670.000 kroner), scenekunst (615.000 kroner), kulturavdelingas konto (305.000 kroner) og kunstformidling (290.000 kroner).

Korleis kuttar du 400.000 kroner her utan å ramma det frie feltet?

Post 107

Post 107 - der «kulturmillionen» blei plassert - er større, i 2018 på 7,8 millionar kroner. 3,75 millionar av desse pengane gjekk til festivalar og større arrangement. Største mottakarar var Maijazz (850.000), Kammermusikkfestivalen (710.000), Nuart (475.000) og Utopia (400.000).

2,1 millionar kroner blei brukt på kulturarrangørar, med Domkirken musikk, Stavanger jazzforum og Folken på topp med rundt 350.000 kroner til kvar.

Resten av pengane, nær to millionar kroner, gjekk til «kunst og kulturtiltak» og til «internasjonale prosjekt og vennskapsbysamarbeid», der ein kan få inntil 50.000 kroner i støtte.

Lista over utbetalingar så langt i 2019 «avslører» ein haug enkeltnamn og aktørar. Stort tettare på definisjonen av «det frie feltet» enn dette er det etter mitt vit vanskeleg å koma.

Korleis kuttar du 500.000 kroner i denne potten utan å ramma det frie feltet?

Skjerming?

Når ein ser på kva pengane faktisk går til, er det vanskeleg å forstå korleis Stavangers nye fleirtal skal skjerma «kulturmillionen» til det frie feltet samtidig som dei kuttar 900.000 kroner til to kontoar som går nettopp til det frie kunstfeltet. Nøyaktig korleis dette skal skje, har ingen ansvarleg politikar så langt kome med ei overtydande forklaring på - så vidt eg har fått med meg.

Kall det gjerne «fake news», «tendensiøst» og «slapt». Sjølv kallar eg det ganske grunnleggjande kritisk journalistikk å påpeika dette.

Og så skal det bli interessant å sjå om resultatet av denne kritiske diskusjonen - kanskje i kombinasjon med betra skatteinngang for Stavanger - blir at det ikkje kjem noko kutt i kommunens løyvingar til det frie feltet likevel.

Publisert: