Hatet som framleis lever – og som har røter i alminnelege fordommar

KOMMENTAR: Hærverket mot eit romfolk-minnesmerke i Skåne er ein del av fleire større og dystre forteljingar.

Publisert: Publisert:

Ein ung gut av romfolket med flagget deira. Denne folkegruppa er, som jødar, eit mål for høgreekstremistar og nazistar den dag i dag. Foto: Vadim Ghirda, AP/NTB scanpix

  • Øyvind Strømmen
    Forfattar og journalist

I 2018 sette Regionmuseet Kristianstad opp fem minnesmerke over romfolket si historie på ulike stader i Skåne. Eitt av dei vart sett opp ved tettstaden Bromölla, der svenske romfolk – sigøynarar – årleg samla seg og slo leir.

I slutten av april vart dette minnesmerket vandalisert. Skilt vart brote vekk, og bodskapen «Nej ut!» spraya på minnesmerket. Ved ein rein slump vart tre menn raskt arresterte, mistenkte for hærverket. Det skjedde fordi dei vart stogga i ein trafikkontroll, og politiet då fann fleire skilt frå minnesmerket.

Det er ei påminning om at antisiganismen, hat mot romfolk, stadig lever i beste velgåande.

Les også

Øyvind Strømmen: «Høgreekstremismen kom på nettet allereie i 1983»

Det norske Porajmos

Antisiganismen har djupe røter, og har også resultert i folkemord. Ein reknar med at ein stad mellom 200.000 og 500.000 romfolk vart drepne som eit resultat av nazistane sin masseutryddingspolitikk. Det finst også høgare anslag.

Folkemordet på romfolk har fått namnet Porajmos, romani for «fortæringa». Det er eit folkemord som stadig har fått ganske lite merksemd.

Det råka også norske romfolk, også som eit resultat av norsk antisiganisme. I 1924 vart det føreteke ei omfattande registrering av norske romfolk. Eitt av siktemåla var å få utvist så mange som mogleg. Ein betydeleg del av den norske rombefolkninga var likevel fødd i Noreg, og hadde rett på norsk statsborgarskap.

Ein del av dei hadde norsk pass. Desse vart definerte som ugyldige.

I 1927 innførte Stortinget «sigøynarparagrafen», som nekta «sigøinere og andre omstreifere» tilgjenge til Noreg, med mindre dei kunne bevisa at dei hadde norsk statsborgarskap.

Då ei gruppe norske rom som hadde opphalde seg i Belgia freista å ta seg til Noreg i 1934, vart dei stogga på grensa mellom Tyskland og Danmark. Norske myndigheiter hadde gjeve melding om at dei ikkje var å sjå på som norske borgarar, trass i at fleire av dei hadde norske pass.

Dei vart så internerte i Tyskland og deretter sendt attende til Belgia. Der var framleis mange av dei då landet vart okkupert. I 1942 og 1943 vart dei arresterte og sende til fangetransittleiren Kazerne Dossin i Mechelen (SS-Sammellager Mecheln). Frå der vart dei sende vidare til dødsleiren Auschwitz-Birkenau.

I dag ligg det eit museum der, ganske sentralt i den flamske småbyen. I dei gamle militærbrakkene møter ein ansikta til meir enn 25.500 jødar og romfolk som vart sende i døden derfrå. Og ein møter altså også – utan at ein kanskje veit det – ein del av historia om den norske antisiganismen.

Ein sovjetisk fotograf tok dette biletet i Auschwitz-Birkenau i januar 1945, då sovjetiske soldatar frigjorde utryddingsleiren. Fangar, inkludert born, var i live, – men ein stad mellom 1,2 og 2 millionar jødar, polakkar og romfolk vart myrda i denne leiren åleine. Foto: SUB/AP/NTB scanpix

Auka trugsmål

Hærverket i Sverige er også ei påminning om at høgreekstremismen eksisterer som samfunnsproblem den dag i dag. Dei tre mistenkte mennene er alle aktive i den nynazistiske rørsla som kallar seg Nordiska motståndsrörelsen (NMR), ei gruppe som også har aktivitet i Noreg. Ifølgje tidsskriftet Expo har ein av dei ei nøkkelrolle i Sør-Sverige, medan ein av dei andre har ei sentral rolle i organisasjonen nasjonalt. Ein av mennene la nyleg ut bilete på sosiale medium som synte korleis han laga til ein spraymal med same tekst som den som vart spraya på minnesmerket.

Ein nyleg rapport frå same Expo inneheldt rett nok ei oppløftande opplysing: Aktivitetsnivået i det såkalla «raseideologiske miljøet» i Sverige gjekk ned i 2019. Det er delvis eit resultat av ei intern splitting i NMR. Oppsplittinga førte til etableringa av ein ny nynazistorganisasjon, Nordisk Styrka, som også forsøker å etablera seg her til lands. Rapporten understrekar samstundes at miljøet utgjer eit trugsmål, særleg mot enkeltmenneske. Det gjeld ikkje minst mot minoritetsgrupper.

Sommaren 2017 marsjerte nynazistane i Den nordiske møtstandbevegelsen i Kristiansand sentrum, med nordmannen Haakon Forwald (i grøn jakke) fremst i toget. Ifølgje Expo er han no med i leiinga i Nordisk Styrka, utbrytarane frå Den nordiska motståndsrörelsen. Foto: Tor Erik Schrøder, NTB scanpix

I begynninga av april kom antiterrorkomiteen til FN med ei langt mindre oppløftande melding. Den åtvara om eit auka trugsmål frå høgreekstremismen og peikte på høgreekstreme terroråtak har kome hyppigare og hatt høgare frekvens den siste tida, med terroråtak i Christchurch i New Zealand, amerikanske El Paso og tyske Halle og Hanau som døme. Dei peiker på ei auke både i talet på åtak og talet på arrestasjonar knytt til høgreekstremisme dei siste åra.

Høgreekstreme åtak dei siste åra har i betydeleg grad vore retta mot jødar og muslimar. I Hanau ser åtaket ut til å ha vore retta mot innvandrarar meir generelt.

Les også

Øyvind Strømmen: «La det ikke være noen tvil: Dette er en farlig organisasjon»

Grenselandet

Både videoar og eit manifest spreidd av gjerningsmannen Tobias Rathjen gjev inntrykk at han hadde psykiske problem og djupt forvirra idéar, men også av eit hat retta mot innvandrarar. Slik sett er saka eit døme på det uklåre grenselandet som i blant kan finnast mellom det personlege og det ideologiske vanvitet.

Men det finst også eit anna grenseland som ikkje alltid er like klårt. Det er ikkje vanskeleg å identifisera dei mistenkte gjerningsmennene bak vandalismen i Bromölla som høgreekstremistar. Rørsla dei tilhøyrer hyller opent både Hitler og andre nazistiske og fascistiske leiarfigurar frå historia. Men kan antisiganismen som kom til syne i dette hærverket, ei hending som knapt er eigna til å skapa meir enn ei krusing i nyheitsbildet, rivast laus frå det breiare biletet?

Neppe. Det høgreekstreme fiendebiletet er ikkje berre eit resultat av deira eigen hatske ideologi, men også av fordommar som er til stades i samfunnet elles. Skal me konfrontera antisiganismen, må det handla om meir enn ein gjeng nynazistar.

Publisert:

Les også

  1. PST med ny trusselvurdering: Dette er de største sikkerhetstruslene mot Norge

  2. PST: Tips fra venner og familie ofte avgjørende for å stanse terror

  3. I Sverige har ytre høyre vokst seg sterkt – nå venter resten av Norden

  4. Sven Egil Omdal: «Hvitskjortene marsjerer»

Mest lest akkurat nå

  1. Er det eit offentleg ansvar å gi Kurt Nilsen millionlønn til jul?

  2. Geir Zahl gir tilbake sparepengene fra Kaizers

  3. Dobbeltsporet: Kan flytte Ganddal stasjon og ta inn kobling for tog til Ålgård

  4. Legesenter holder stengt etter at pasient testet positivt for korona

  5. Sola surfer videre, om ikke helt på bølgetoppen

  6. Lærer ved Tryggheim smittet av korona

  1. Gjestekommentar
  2. Øyvind Strømmen
  3. Høyreekstremisme
  4. Romfolket