Sylvi Listhaug har rett

GJESTEKOMMENTAR: Venstresida risikerer å hamne på villspor i oppgjeret med høgresida om ekstremisme.

Sist veke tok Frp-leiar Sylvi Listhaug til motmæle mot påstandar om at Frp spreier konspirasjonsteoriar.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Etter 22. juli-markeringa har det oppstått debatt om høgresida si rolle i oppgjeret med høgreekstremismen. Onsdag 28. juli tok Frp-leiar Sylvi Listhaug til motmæle mot påstandar om at Frp spreier konspirasjonsteoriar. Ho tok skarp avstand frå det biletet ho meinte mange skapte av Framstegspartiet.

Her meiner eg Sylvi Listhaug har rett. Fem innsikter kan grunngje kvifor.

1. Farlege ord

Eg vil først presisere at hat-retorikken til ekstreme grupper er det ingen grunn til å ta lett på. Språkbruk som kallar politikarar for forrædarar og som hevdar at det går føre seg ein krig, er ikkje berre uakseptabel, men ekstrem og farleg. Andre nestleiar i Unge Høgre, Leon Solve Mossing Knudsen, har til dømes på ein opplysande måte skildra korleis han då han var yngre, vart manipulert av ekstreme grupper på nettstader der han trudde alle ville han vel.

Som det heiter i Ver varsam plakaten for pressa, er ord og bilete mektige våpen som ikkje må misbrukast. Men det er nokon som misbrukar ord og debatt ved å egge opp til hat og vald, og terror-åtak kan springe ut av eit større meiningsomland med hatretorikk og valdsoppmoding. Det er difor på sin plass å presisere at ingen bør undervurdere alvoret som ligg bak kravet om eit pågåande oppgjer med ekstremismen.

2. Framstegspartiet er likeverdige i debatten

Men det er ein klår skilnad mellom høgreekstremisme på den eine sida og innvandringsmotstanden blant nokre norske stortingsparti på den andre. Alle dei siste har krav på likeverd i alle politiske debattar; dei skal ikkje måtte be om orsaking for å verte inkluderte i den demokratiske samtalen – heller ikkje om ekstremismeoppgjer.

Etter at det har vore islamistiske terrorangrep er det stundom nokon som meiner at muslimar generelt har eit særleg ansvar for å erklære at dei tar avstand frå terroren. Det er urimeleg og stigmatiserande fordi det er opplagt at den jamne muslimske samfunnsborgaren er motstandar av terror – det sjølvsagte treng ikkje uttalast. På same måte er det stigmatiserande og urimeleg å skulle presse Framstegspartiet til å ta avstand frå rasistiske organisasjonar. Det er uverdig for norsk politisk debatt at Frp skal måtte ta avstand frå nazistar.

3. Snakk heller om effektiv strategi

Å hevde at nokon har større ansvar enn andre i oppgjer med ekstremisme fordi dei på eit vis er på same sida, kan misforståast. Det antyder at dei er meir like dei som er ekstreme, og difor har større ansvar for å rydde opp. I ein tale 22. juli sa Jonas Gahr Støre: «Folk på høyresiden må (...) og trekke klarere grenser opp mot det høyreekstreme.» Det skapte forståeleg nok reaksjonar mellom anna frå Erna Solberg, og her lokalt også.

Det som derimot er ein rett tanke, er at det er ein meir effektiv strategi mot ekstremisme når dei som er i kommunikasjonsrelasjonar med folk med ekstreme haldningar, seier frå. Men det er noko ganske anna enn å indikere at det er uklare grenser innhaldsmessig mellom rasistar og Framstegspartiet og Høgre.

4. «Snikislamisering» er innanfor

I ein tale til landsstyret i Framstegspartiet laurdag 21. januar i 2009 brukte dåverande Frp-leiar Siv Jensen omgrepet snikislamisering. Omgrepet kan bety to ting. Høgreradikale grupper bruker ordet som del av ein konspirasjonsteori om at muslimar er i ferd med å ta over styringa av vestlege demokrati. Siv Jensen brukte derimot ordet i ei heilt anna tyding, nemleg som at det vart innført sær-krav utan at dette fekk nok merksemd. Ho viste til framlegg om å tillate hijab-bruk for politikvinner og eigen mat for muslimske innsette. Sjølv meiner eg det var ganske rimelege krav, men det er ei anna sak. Her er poenget at det var ganske klårt, om ein ser i omtalen då talen kom, at Siv Jensen sitt poeng ikkje var ein del av ein konspirasjonsteori om muslimsk maktovertaking. Det handla om ei spissformulering av legitime politiske ytringar.

Jamfør den nemnte hijaben, for nokon innebar hijab kvinneundertrykking, men for andre var det ein frigjerande identitetsmarkør. Ord og omgrep kan oppfattast ulikt og det er nesten litt autoritært å tenke at ein sjølv har einerett på korleis eit ord skal forståast.

5. I demokratiet er vi like

Den revolusjonerande tanken som ligg til grunn for demokratiet, er at vi er moralsk like – vi tel like mykje. Det følgjer at i demokratiet må alle ha ein lik rett til å komme fram med si meining: Folk må få seie det dei meiner så lenge det ikkje er hets og hat. Hets er i ein annan kategori enn ei demokratisk meiningsytring.

Å snakke om eit stort, vagt tankegods som skal vere illegitimt å bringe til torgs, vil bryte med tanken om ein fri politisk debatt. Kven skal ha definisjonsmakta til å klarere meiningane? Det er betre å slå kontant ned på urimelege påstandar og å tilbakevise dei konkrete meiningsytringane ein er usamd i.

Når nokon tek på seg å vere orda sitt eige trafikk-politi, er risikoen at det vert meir snarare enn mindre kork i den politiske debatten.

Les også

  1. – I det skjøre, politiske fellesskapet som oppstod etter 22. juli burde det nå vera høgresida sin tur til å gå opp og dra. Frp kan begynna.

  2. «AUF fortener å få ein debatt. Men dei har naturlegvis ikkje einerett på svara»

Publisert:
  1. 22. juli
  2. Sylvi Listhaug
  3. Siv Jensen
  4. Jonas Gahr Støre
  5. Erna Solberg

Mest lest akkurat nå

  1. Kjøpte bygget i 2006 – venter ennå på å få bygge Rema 1000-butikk

  2. Siktede i Birgitte-saken skal avhøres på nytt i neste uke

  3. Hentet lokal målkonge

  4. Livsfarlig hundevirus påvist på hund fra Stavanger-området

  5. Høie ber kommunene være forberedt på gjen­åpning

  6. Slik blir den nye korona­hverdagen fra mandag av