Den grøne omstillinga skjer nett no! Men skjer ho raskt nok? Og er vi tidleg nok ute i Noreg?
GJESTEKOMMENTAR: Dei fornybare energikjeldene veks i eit ekstremt tempo. Det er nesten så vi kunne lene oss tilbake og vente − om det ikkje var for at vi har så dårleg tid!
- Bård Vegar SolhjellGeneralsekretær, WWF Verdens Naturfond


Energi og klima er knytt saman i ein skjebnefellesskap. Det er fossile energikjelder som gjev oss klimaendringar, og det er fornybare energikjelder som vil få utsleppa ned. Energibruken har vore hovudproblemet, men er i ferd med å bli den viktigaste løysinga.
Det skjer nett no. Dei fornybare energikjeldene veks i eit ekstremt tempo. Kvart einaste år spår Det internasjonale energibyrået (IEA) at utviklinga i energikjelder som vind og sol vil vere relativt flat. År etter år knuser marknaden IEA sine prognosar. Både vind, havvind og sol opplever sterk vekst, og særleg sol har eit gigantisk potensial over store delar av verda. Denne veksten har også ført med seg ein kraftig reduksjon i kostnaden ved å produsere fornybar energi. Dei beste og billegaste fornybarprosjekta kostar no langt mindre per kWt enn ny gasskraft og nye kolkraftverk.
Professor Harald N. Røstvik: «Hvem spår best om energi i fremtiden? Det ser i hvert fall ikke ut til å være IEA.»
Samstundes skjer det ei rivande utvikling i batterikapasitet. Det er viktig, for det forbetrar evna til å lagre den fornybare energien. Det er avgjerande for at vi kan ta i bruk den reine energien i bilar, skip og fly, og gjennom det erstatte fossile drivstoff. Sist månad var over 50 prosent av alle bilar som vart selde i Noreg, elektriske. Den første el-ferja har lenge trafikkert sambandet Lavik−Oppedal over Sognefjorden. Med sterkare og mindre batteri på gang, kan både bilar og skip om få år gå lenger avstandar elektrisk. Elektriske fly er allereie under utvikling. Der batteri kan ha sine grenser, er hydrogen eit alternativt drivstoff under utvikling.
Grønn vind i Statoil
Det hastar
Den mykje omtala grøne omstillinga skjer no. Kvar dag. Det er nesten så vi kunne lene oss tilbake og vente på at ho skal gjere seg ferdig. Om det ikkje var for ein bestemt ting: Vi har så dårleg tid!
Skal verda ha den minste sjanse til å nå det såkalla 2-gradermålet (unngå meir enn 2 graders oppvarming frå førindustriell tid), må CO₂-utsleppa kraftig ned, veldig fort. Og sjølv om utviklinga går i riktig retning, må det skje enda mykje raskare enn i dag.
Det må vi klare, fordi konsekvensane av sjølv denne oppvarminga er store. Meir ekstremvêr, fleire orkanar og flaumar, mindre landbruksproduksjon, millionar av menneske som må legge på flukt. Den omfattande WWF-studien «Wildlife in a Warming World» syner at også dyre- og planteartane blir sterkt ramma. Når temperaturane stig på grunn av klimautslepp, er det fare for at halvparten av artane kan forsvinne frå nokre av dei viktigaste naturområda i verda.
For Noreg er det viktig av både klimaomsyn og økonomiske omsyn å bli mindre avhengig av olje, og å omstille økonomien vår.
Klimarisikoen
For Noreg hastar det meir enn for andre. Ikkje berre av omsynet til jordas klima, men også av omsyn til vår eigen økonomi og velferd.
Som folk i Stavanger-regionen kan sjå kvar dag, og folk i heile Noreg eigentleg veit, er den sterke veksten i rikdom som Noreg har opplevd, tufta på olje og gass. Ikkje berre det, men mykje det.
Men det vi baserer vår velstand på, er det same som myndigheiter og næringsliv over heile verda har som mål å redusere bruken av. Dette inneber at Noreg sine fossile varer på den internasjonale marknaden kjem til å verte mindre etterspurde i framtida. Dei som kan tilbyde energi frå reine og fornybare kjelder som sol og vind, vil verte vinnarane.
For Noreg er det ei trippel utfordring. For det første fordi oljeinntektene er viktig for arbeidsplassar, ikkje minst på Vestlandet. Om lag 150.000 arbeidsplassar forsvann på kort tid under det førre store oljeprisfallet. For det andre fordi det er viktig for statsbudsjettet og dermed velferda vår. For det tredje fordi vi har putta avkastninga – per no om lag 8000 milliardar kroner – i eit fond som investerer delar av pengane i – ja – oljeaksjar.
Det er summen av dette vi gjerne kallar klimarisiko. For Noreg er det viktig av både klimaomsyn og økonomiske omsyn å bli mindre avhengig av olje, og å omstille økonomien vår.
Tidlegare såg vi gjerne økonomi og miljø som ei motsetning. Det eine var børs, det andre katedral. I aukande grad framstår det for Noreg som to sider av same sak. Raskast mogeleg omstilling er tryggare, både for klimaet og for økonomien vår.
Det er difor vi gradvis må hente ut mindre olje og gass, og gjere oss mindre avhengig av dei. Det er difor det er til vurdering om Statens pensjonsfond utland («Oljefondet») skal selje aksjane sine i oljesektoren. Det er difor Statoil satsar på fornybar energi, og vil ha nytt namn.
Det er også difor vi i WWF Verdens Naturfond meiner det er risikabelt å starte opp oljeboring i Lofoten og langt nord i Barentshavet. Risikabelt for miljøet, men også usikkert om vi tener pengar på det nokre tiår inn i framtida.
Twitter: @bardvegar
Klimarisiko: «Gassen på vikende front»
Rapport: Klimaendringer øker risikoen for Norge
Ekspertutvalg skal vurdere økonomisk klimarisiko
– Jobber kan forsvinne hvis politikere og investorer ikke forstår klimarisiko
I god posisjon
Noreg har fleire fortrinn dei fleste andre land berre kan drøyme om. Vi ligg føre resten av Europa i omstillinga fordi vi har ein rein kraftproduksjon, ein transportsektor som vert elektrifisert, og ein industri som er vand med stadig å måtte gjere produksjonen meir effektiv og miljøvennleg. På toppen av alt har vi ein unik kombinasjon av ei høgt utdanna befolkning, fagarbeidarar som er vande med omstilling, tilgang til kapital og teknologi og betre tilgang til fornybare naturressursar enn dei fleste andre land.
Når vi er aktive og satsar på etterspurd teknologi og løysingar for lågutsleppssamfunnet, kan vi på same tid byggje norsk velferd og sikre låge utslepp. Men om vi ikkje handlar no, kan vi miste fortrinna våre.
- Twitter: @bardvegar