Kven ringer barnehagen først når barnet spyr? Mor eller far?

BAKGRUNN: Ein barnehage i Gjesdal begynte ein periode konsekvent først å ringe far når eit barn blei sjukt eller fekk kul i panna. Det fekk eit overraskande resultat som viser at vegen til likestilling kan vera komplisert.

Når foreldra har høg utdanning, er det meir vanleg at far òg tek fråvær frå jobben grunna sjukt barn. Foto: Sara Johannessen Meek, NTB

  • Heidi Hjorteland Wigestrand
Publisert: Publisert:

Barnehagen ville gjennom små grep fremme likestilling og minne far og mor om fordeling av omsorgsdagar. Ein uventa konsekvens var at fleire foreldrepar gav beskjed om at far ikkje skulle kontaktast om sjuke barn.

Sjuke barn? Nei takk!

Dermed hadde ikkje barnehagen anna val enn å kontakta mor. Styraren sjekka kva fedrar som hadde reservert seg mot telefonar om sjuke barn. Nokre pendla, men slett ikkje alle. Alle var heller ikkje sjefar. Somme kom frå andre land med meir tradisjonelle kjønnsroller, men dei var ikkje mange.

Tala frå Klepp kommune viser at sjukt barn-dagar i fjor førte til eit fråvær blant dei kvinnelege kommunalt tilsette på 803 dagar.

Så kva var grunnen? Har mødrene tatt grep for å få ta ut flest mogleg sjukt barn-dagar sjølve? Eller er det far som ikkje orkar eller vil ta denne tørnen?

Dansk statistikk viser at far tek ein av tre sjukedagar med sjukt barn.
I gjennomsnitt har danske kvinner 1,43 dagars fråvær i året på grunn av barns sjukdom, medan menn har 0,85 dagars fråvær.

Forsking viser at dei høgt utdanna para som har fulle jobbar, praktiserer meir likestilling i fordelinga av sjukt barn-dagar, enn par der foreldra har mindre utdanning og mor arbeider deltid. Det er grunn til å tru at det er kvinner i denne gruppa som er i fleirtal på mange kommunale arbeidsplassar som sjukeheimar og barnehagar.

Hjelmeland har i alle fall same utfordring som Gjesdal. Kommunen er arbeidsgjevar for veldig mange kvinner, eit stort uttak av omsorgsdagar kan difor slå brutalt ut på fråværsstatistikken. Leiinga gir difor regelmessig dei tilsette ei vennleg påminning om likestilling i fordelinga av omsorgsdagar.

To år borte frå jobb

Tala frå Klepp kommune viser at sjukt barn-dagar i fjor førte til eit fråvær blant dei kvinnelege kommunalt tilsette på 803 dagar.

I tilfelle der mor tek veldig mange, tek leiaren ein prat med kvinna og spør kvifor berre ho tek desse sjukt barn-dagane, fortel personalleiar Malin Nordbø i Hjelmeland. Ho reknar med det meste handlar om at ein ikkje tenkjer seg om, og mange får ein vekkjar når dei blir minna om fars ansvar, seier Nordbø.

Likestilling krev nemleg framleis at me stoppar litt opp, eller forhandlar litt. Gjer me noko på autopilot, fremmar det ofte ikkje likestilling, fann sosiolog Kristine W. Smeby ut då ho skreiv doktoravhandling om likestilling i det tredje skiftet. Det første skiftet er foreldra sine respektive karrierar. Det andre skiftet er husarbeidet og det tredje skiftet er administrering av all familielogistikken, som å planlegge og invitere til barnebursdagar, bake til dugnaden, gjere klar finklede og ha oversikt over foreldremøte og tannlegetimar, med meir.
Fordeling av sjukt barn-dagar høyrer med til dette tredje skiftet.

Og ifølge Smeby er likestilling i denne fordelinga heilt avhengig av målretta forhandlingar mellom mor og far. Omsorgsdagar begynnar gjerne med ei oppringing frå skulen eller barnehagen.

Ikkje tid å venta på far

Kven som får varsel om sjuke barn var også tema i ein debatt i Aftenposten i 2016. I kronikken under overskrifta «Vi kan ikke tenke likestilling når barnet spyr i barnehagen» skildra ein barnehagetilsett sitt møte med uvillige eller travle fedrar når ho ringde og fortalde at poden spydde og måtte bli henta.

Kven som hentar barnet i barnehagen, er ofte ein konsekvens av store val paret gjorde då dei etablerte seg. Mange menn i Norge har pendla seg fri frå ansvaret med å henta eit barn som spyr. Tal frå SSB viste at nær dobbelt så mange menn som kvinner pendla i Rogaland i fjor. Hadde para tenkt likestilling då dei bestemte at far skulle jobba langt unna og mor like ved barnehagen, ville utfallet truleg blitt annleis. Eller skuldast organiseringa like gjerne at mor insisterer på å jobba nært barnet, sjølv om det kanskje fører til at ho tener mindre pengar til familien?

Gjesdal kommune reknar med at både mor og far er like gode til å ta seg av det sjuke barnet. Dei prøver difor å vera kreative og oppmodar til dømes foreldra til å ta halve dagar kvar.

Innfallsmetoden seier mor

Smeby fann ut at der fordelinga skjer ordlaust utan forhandling, tek mange foreldrepar val som gjer at mor endar opp med ansvaret og tek ut sjukt barn-dagar i større grad enn far. Par med låg utdanning har ein tendens til å forhandle mindre om denne fordelinga enn par med høgare utdanning, der praksisen blir meir likestilt som konsekvens av grundige og målretta forhandlingar. Temaet er då kven som skal få lov å gå på jobb, og ikkje kven som skal få lov å vere heime med det sjuke barnet.

Likevel konkluderer Smeby med at mødrer tar det meste av det tredje skiftet. Ho trur mykje av årsaka til kvinners høge sjukefråvær kjem av den ujamne fordelinga mellom foreldra i denne ansvarssfæren. Dei fleste kvinnene ønsker ikkje alt ansvaret, men får det likevel. Sosiologen meiner dette er ei utfordring som i stor grad har gått under radaren i likestillingsdebatten.

Ta ein halv dag kvar

Framleis er barnehagen I Gjesdal medvitne på å ringa til både mor og far til dei foreldra der far ikkje har motsett seg å bli kontakta om sjuke barn. For kommunen er det viktig å ha ei aktiv og medviten haldning til kven som blir kontakta. Viss ein ikkje tenkjer seg om, blir det fort til at ein ringer mor, hevdar lønns- og personalmedarbeidar Rita Ravndal.

Gjesdal kommune reknar med at både mor og far er like gode til å ta seg av det sjuke barnet. Dei prøver difor å vera kreative og oppmodar til dømes foreldra til å ta halve dagar kvar. Omkvedet om at mannen min har ein «viktigare» jobb, er ei nedsnakking av eigen jobb og arbeidsplass som både Gjesdal og Hjelmeland vil til livs.

Les også

  1. – Skal ny kunnskap om mor og barn få konsekvenser?

  2. – Festtaler om flere menn i barnehagene nytter ikke

Publisert:
  1. Likestilling
  2. Gjesdal
  3. Hjelmeland
  4. Barnehage

Mest lest akkurat nå

  1. Het budkamp om hytte ved Hellestøstranden

  2. Slik gikk det da politikerne ble orientert om brannnsaken til Berit

  3. Hardt ut mot NRK-program: Tre påstander om vekt, trening og kosthold stemmer ikke, ifølge eksperter

  4. Sjekk programmet: Slik blir 17. mai i Stavanger

  5. – Samfunnet kunne vært spart for utgiften

  6. Tiden som nybakt mamma ble alt annet enn fantastisk. Disse rådene kan gjøre barselperioden enklere.