Jakten på feriekjensla

GJESTEKOMMENTAR: Kvar sommar jaktar eg kvilelaust på feriekjensla.

Publisert: Publisert:

Den store feriekjensla. Foto: Pål Christensen

  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Nokre ting berre er der. Dei skjer, utan at du treng tenke på dei, igjen og igjen. Som årstidene: bjørka spring, snøen smeltar, varmen legg seg over landet. Så snur sola, bæra modnar, lauvet blir raudt og kulda legg seg over landet. Dagane vert korte, snøen fell. Sakte kjem lyset attende, bjørka spring.  

Like sikkert som årstidene er ferie blitt i det moderne Noreg. Ferien kjem, med faste mellomrom, året rundt. Og lengst kjem den kvar sommar, ferien med stor F. Det kan vel ofte kjennast som om den alltid har vore der, som årstidene, sikker som banken. I alle fall som ein solid bank. Ferien kjem. Men nett som banken ikkje har vore der alltid, har ikkje ferien det heller. Den er faktisk ganske ny, tru det eller ei.

«Ferie er flere fridager etter hverandre». Wikipedia.

Ordet ferie kjem frå det latinske fleirtalsordet feriae, kan etymologien fortelje oss. Det var religiøse festdagar då ein ikkje dreiv med handel eller næringsverksemd. I nyare tid kom ordet gradvis til å bli brukt om dei faste periodane då det ikkje er undervisning på universiteta, eller då det ikkje vart ført saker for retten. 

Først frå slutten av 1800-talet kjem ordet til Noreg som eit framandord – som vanleg var vi litt seint ute. Gradvis vert ordet teke i bruk om fri-periodane i skulen, og også i arbeidslivet. Arbeidstakarar får gradvis korte feriar frå slutten av 1800-talet, og i 1936 – i Arbeidervernlova – får norsk arbeidstakarar rett til 9 dagar ferie. Som vi veit er det utvida seinare.

For vi kom kanskje seint, men vi kom veldig godt! I dag har nordmenn lovfesta rett på 21 dagar ferie. Det plasserer oss i det øvre sjiktet globalt, men berre midt på treet blant europeiske land. Men ein må sjå litt bak dette talet for å finne ut korleis vi faktisk kjem ut; I Noreg har arbeidstakarar med tariffavtale krav på ei femte ferieveke, noko som gjeld fleirtalet av oss. Alle over 60 år har krav på enno ei veke til, og ein god arbeidstakarar har høve til å ta ut fleire dagar. Ja vi har såpass med ferie at det må litt organisering til for å avvikle feriane – såkalla feriavvikling.

I tillegg til den lange ferien vi er midt i, fordeler vi dagane ut over haustferie, vinterferie og påskeferie. Nokre arbeidsplassar har feirelukking på grunn av dette, i alle fall i fellesferien. Andre løyser det med ein ferievikar (eller ferieavløysar som det heiter i landbruket). Og det vi i alle fall treng er ei eller anna slags ferieordning. Sidan skulen har skuleferie lenger enn vi vaksne har sommarferie, kan feriekabalen vere litt vrang å få til å gå opp. Kanskje må du sende barna av garde på feriekoloni, eller bruke ein feriedag då du helst ikkje ville? Vel, så lenge vi har fått feriepengar finn vi nok ut av det.

I lovverket vårt kan ein få intrykk av at ferie er eit tal. I språket kan det like gjerne verke som ein stad. Populært kalla feriestaden. Den kan for nokon vere eit feriehus i Noreg eller ein ferieleiligheit i syden, i det mange vil kalle sitt ferieparadis. I år veit vi alle at dei paradisiske tilstandane må dyrkast fram relativt nær, i Norge – vårt eige ferieland. For heldigvis har vi mange spennande feriemål her heime, anten du føretrekk byferie i ein av storbyane våre, ro og mak i ein søvnig ferieby på Sørlandet eller fartsfylte ferieaktivitetar som rafting og zipline.

For å kome deg dit må du uansett legge ut på ei lang feriereise eller ein kortare ferietur. Kanskje inkluderer du eit feriebesøk til slekt eller vener på i løpet av bilferien. Eller kanskje rømmer du får heile greia og vel båtferie, campingferie eller ein heilt vanleg tur i fjellet frå hytte til hytte.

Men for meg er ikkje ferie eit tal. Eller ein stad. Eller ei reise. Det er ei kjensle. Nokre kallar denne kjensla feriestemning. Eg har ikkje eit godt ord på den. Eg har mange gonger leita etter den, utan å finne den. Eg har ordna meg til på ei strand med handkle, badetøy og bok. Eg har booke meg inn på eit feriehotell med mat, vin og utsikt. Eg har reist på feriebesøk til folk eg kjenner på ei hytte for å kose meg. Eg har bestilt ein storbyferie i Europa og gledd meg til å merke kjensla krype på meg. Alt utan å finne rett kjensle. Eg har sjekka vermeldinga og førebudd meg på perfekt feriever for å slappe av.

Utan å finne den, feriekjensla.

I staden kan heile dagen gå. Eg står for seint opp, vil springe ein tur men må slå graset, henge opp noko klede, slå av ein prat med ein feriegjest som kjem forbi, vil sette meg å lese litt men ein unge har slått seg, eg blir med å kjøpe litt is, vi går ein tur forbi stranda og tek eit bad på vegen heim, men ein brenn seg på ein manet og så er det ein liten rednings- og trøysteaksjon. Den siste ungen var ute halve natta før, og er ikkje stått opp enno, og berre gryntar når eg snakkar til han og vi er alle litt svoltne så eg kokar i hop noko sein lunsj, og då den er over er det for kort tid til gjestane kjem for kvelden så eg rekk ikkje løpeturen (i dag heller) men bannar for meg sjølv og tenker at eg i alle fall vil sitte 20 minutt med ei bok først, men finn den ikkje, og går ned på svaberga og sit der og berre ser matt utover. 

Og der var den. Dagen er nesten over, kvelden på veg, men feriekjensla berre var der, mellom slaga, mellom alle dei små tinga som var ein dag som liksom ikkje vart brukt til noko konkret. 

Det var feriekjensla den dagen. Dagen etter kom den frå ein anna stad.

Twitter: @bardvegar

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Han skal gi Sandnes 400 nye kontorplasser

  2. Silje fikk toppkarakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i klesbutikk.

  3. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  4. Viking raste etter nederlaget: – Sjokkerende

  5. FULL OVERSIKT: 5 døde, 832 påvist smittede i Roga­land – sjekk din kommune

  6. Kan man legge det i fryseren? Eller helle kokende vann over? Her får du svar om hvordan viruset drepes i tøymunnbind

  1. Bård Vegar Solhjell
  2. Ferie
  3. Gjestekommentar