Har vi ei omsorgskrise?

KOMMENTAR: Det ligg stor sprengkraft i ein kvinnekropp. Gjer det oss tafatte når barns behov bør kjempast for?

Publisert: Publisert:

Kan vi snakka om dei aller minstes behov utan å senda både mor og far tilbake i gamle mønster? Foto: Frank May, NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Ja, det er sprengkraft i ein kvinnekropp. Alle som har vore med på ein fødsel, veit det. Naturen herjar på, slit i musklar og vev og ledd og bein, pløyer ei ti centimeters rydning på langs i det som til vanleg er ein heil kropp, for så å pressa ut ein svær baby. Opptil tre–fire kilo menneskebarn, med nase og øyrer og hjarte og musklar. Der alt som trengst etter befruktninga, har blitt til gjennom næring frå mor. Og sjølv om navlestrengen blir kutta, kan mors kropp aleine gi babyen alt som trengst i endå eit halvår.

Ei mor som ammar, gjer det omtrent sju timar i døgnet, til å begynna med. Omtrent ein arbeidsdag, til svært uregulerte tider, med svært varierande vilkår for kvile. Å vera for lenge vekke frå babyen sin kan kjennest fysisk vondt. Ikkje berre som mjølkespreng, men som rein, fysisk lengt.

Vanskeleg

Men går det eigentleg an å seia det siste der høgt, utan å redusera både den kvinna som har det slik, dei som ikkje har det slik, – og far?

Gjera ho som ikkje er mor eller ikkje ammar, til litt mindre kvinne, gjera far til ein som ikkje nokon gong trengst like mykje som mor, ein som alltid må stå litt lengre vekk frå barnet enn henne, gjera kvinna som føder og ammar til fange av historia, der kvinners biologi ein gong kunna gjera liva deira kortare, livsvala færre og eit sjølvstendig liv umogleg? Eller den sterke biologien brukt for å halda henne nede, tilbake, gjera henne mindre verd på alle andre arenaer?

Det er vanskeleg. Eg synest det er vanskeleg. Og ser at det er lettare å skyva den sprengkrafta i kvinnekroppen stillteiande litt til sides når vi skal snakka om likestilling og likeverd i familie- og arbeidsliv. Slik det også er lettare å putta det omsorgsarbeidet kvinner gjorde før dei gjekk inn i arbeidslivet inn i ein stille parentes, til noko privat som ikkje høyrer samfunnslivet til.

Tre stores kritikk

I Dagsavisen kritiserer tre nestorar i kvinnesaksarbeidet i Norge likestillingskampen tilbake til 1970-talet for å ha gjort akkurat det – SV-aren og psykologen Torild Skard, arbeidslivsmedisinaren Ebba Wergeland, og sosiologiprofessoren Kari Wærness.

Wærness meiner kvinnekampen på 70-talet blei middelklassas kamp, og suksessen målt i kor høgt kvinner kom opp i arbeidslivets hierarki. I staden for at kvinners liv og tradisjonelle arbeid blei med på å forandra arbeidslivet, blei kvinnelege arbeidstakarar i stor grad ein kopi av den mannlege modellen. Slik fekk vi eit yrkesliv som ikkje tar omsyn til at kvinner har ein annan biologi og føder og ammar barn, meiner Wærness.

Ebba Wergeland går tilbake til 80-talet, då Willochs regjering vurderte sekstimarsdagen. Ho håpar ennå på den som eit svar på dette, ikkje minst for far. Auka produktivitet og effektivitet burde føra til kortare arbeidsdag, både for mor og far, meiner Wergeland.

SV-aren og psykologen Torild Skard meiner venstresida har svikta dei minste barna. Ho er alvorleg bekymra for at vi sender eittåringane i barnehagen, og ho kallar det ei omsorgskrise. Over åtti prosent av eitt- og toåringane våre er der. I 2000 var talet under førti prosent. Skard meiner vi tar altfor lite omsyn til kor avhengig barnet er av mor dei to første leveåra. Ho viser blant anna til nyare forsking som finn at barnets hjerne utviklar seg i samspel med mors. Ho vil utvida foreldrepermisjonen, heller enn å byggja ut barnehagane for dei minste.

Sårt

Dette er eit sårt tema. Det er lett å ta personleg, for kvardagane vi lagar for barna våre kjennest sjølvsagt personlege. Men det er systemkritikk dei tre kjem med.

Er den på sin plass? Vi har verdas rausaste foreldrepermisjon, vi har eit arbeidsliv der det er stor aksept for at arbeidsdagen må ha ein slutt, for barn skal hentast i barnehagen og familieliv levast. Vi får betalt for å vera heime når dei er sjuke. Vi kan ta omsorgspermisjon utan lønn. På ein arbeidsplass er det ikkje lenger berre mor som kan bli lenge borte fordi ho får barn, det gjeld også far.

Men vi stiller sjeldan spørsmål ved den overordna måten vi har valt å organisera yrkesliv og familieliv på. Vi set sjeldan dei aller minstes behov høgast på dagsorden.

I staden regulerer vi oss fort inn etter det vi får. Far tar farspermisjon når han får, mor tar sin permisjon så lenge ho får. Og i nyliberalismens ånd meiner vi mor har for høge krav til seg sjølv og treng å ty til Toro oftare, mens far må ta meir ansvar heime, når småbarnsfamiliar meiner dei ikkje får kvardagane til å strekkja seg langt nok. Og vi har ei klar oppfatning av at fleire av oss må jobba mykje og lenge for å halda velferdsstaten oppe og sjølve få ein pensjon å leva av.

Tafatt

Plassen vi gir barnets næraste omsorgsperson i det første leveåret, anten det er mor eller far, er i ei boble der ingenting anna tel med. Den er ein parentes. Først når mor og far er tilbake i jobb og eittåringen i barnehagen, tel dei eigentleg med i det store bildet, der alt heng saman med alt.

Barns behov snakkar vi mest om når det er knytt til institusjonane våre – barnehagen og skulen. Sjeldan når det er knytt til behovet for meir tid med mor, og seinare far.

Ennå ryggar vi tilbake for sprengkrafta i ein kvinnekropp, redde for at den skal senda både mor og far tilbake i gamle mønster.

Eg veit det ikkje, men eg trur det gjer oss altfor tafatte når barns behov bør kjempast for.

Publisert:

Les også

  1. Pass på mor og barn! Det nyfødde livet er skjørt.

  2. Den siste trenden blant foreldre er sherpaforeldretrenden. Den må du passa deg for. Den også.

  3. – Vanlege arbeidsfolk blir mindre og mindre synlege i mediebildet. Det kan bli farleg snevert.

Mest lest akkurat nå

  1. Barnehagebarn og ferjemannskap smittet

  2. – Det er fantastisk å se rikinger gå i oppløsning

  3. Scoret igjen: Dette har ingen gjort før Haaland i Champions League

  4. «Kortsiktige, subsidierte industri­­eventyr uten konsekvens­­utredning – kjernekraft er løsningen på energi­­behovet»

  5. Mona Anita Espedal tilkjent erstatning fra tidligere stemor

  6. Forsvaret vil ikke ha innsyn fra nabolaget

  1. Foreldrepermisjon
  2. Likestilling
  3. Barn
  4. Solveig G. Sandelson
  5. Familie