Eg går ikkje i Pride-tog

KOMMENTAR: Ingen kan tvingast til å gå i demonstrasjonstog, ha buttons på jakka eller vera engasjerte på Facebook.

Publisert: Publisert:

Byrådsleiar Raymond Johansen og Ap-leiar Jonas Gahr Støre i årets Pride-parade i Oslo. Mens KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad takka nei. Foto: Fredrik Hagen / NTB Scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

Denne kommentaren blei første gang publisert 28. juni.

Laurdag var eg på Coop Prix i Sveio sentrum. Plutseleg blei forsøket mitt på å hugsa handlelista avbrote av ei som ropte:

– Hei! Eg kjem frå Care og deler ut gratis armband for kvinners rettar og mot seksualisert vald i Syria.

Ho heldt fram eit armband og såg meg rett i augo.

Kva skulle eg svara? Var det mogleg å takka nei? Ville eg då implisitt erklæra meg som ein motstandar av kvinners rettar? Ville eg då stå fram som ein varm tilhengar av seksualisert vald?

Tidenes Pride

Samtidig gjekk tidenes største Pride-parade gjennom gatene i Oslo. Ifølgje VG deltok 50.000, mens 275.000 hadde møtt opp for å sjå på. Årets Pride markerer 50-årsjubileet for den moderne homokampen, og i hovudstaden blei det ei storslått feiring av kjærleiken og mangfaldet.

Aller mest merksemd fekk Arbeidarpartiets leiar Jonas Gahr Støre og byrådsleiar Raymond Johansen, der dei dansa seg gjennom gatene.

– Eg syns me burde hatt familieministeren her, sa Gahr Støre til Dagbladet.

For Pride er ikkje berre feiring. Det er også politikk. Som vanleg har det blitt bråk både om flagging frå offentlege bygg og dei som ikkje vil gå i tog, som KrFs barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad. Han er ueinig i fleire av dei politiske sakene Pride-arrangør FRI står for, som polygami, innføring av eit tredjekjønn, oppheving av sexkjøpslova og opning for surrogati.

Les også

Flere i KrF er kritiske til at Ropstad ikke går i Pride-paraden

Ikkje for alle

Men du treng ikkje vera heterofil KrF-politikar for ikkje å gå i Pride-paraden. I eit innlegg på nettstaden subjekt.no skriv kunstnar og skribent Tone Gjevjon at ho og mange andre skeive ikkje går i Pride. Også Gjevjon er innom dei kontroversielle politiske enkeltsakene, og lurer på kva politikarar og folk flest ville sagt om det var ein muslimsk eller kristen organisasjon som gjekk inn for fleirkoneri, og bodskapen ikkje var pakka inn i «glitter og regnbuefarger».

Jamfør mitt dilemma i Sveio: Signaliserer Ropstad og Gjevjon med si manglande deltaking i Pride-paraden at dei dermed er mot homofiles rettar, mot kjærleik, mot mangfald?

Nei. For å sitera Gjevjon:

«Vi er mange lesber og homser som ikke går i Pride og som reagerer på hva Pride har utviklet seg til. Men vi støtter selvfølgelig lesbiske og homofile sin rettighetskamp og samtidig Stortingets og ordføreres rett til å ikke flagge med Pride-flagget.»

Polarisert posering

Me lever i ei polarisert tid – og ei poserande tid. Dei ytterleggåande meiningane ser ut til å trumfa dei moderate, og frontane har blitt hardare. I staden for å møtast til rolig samtale i eit kompromissvillig politisk sentrum, brølar me til kvarandre frå kvar vår ytterkant. Gjerne på Facebook, der me erklærer oss som Charlie, «jævla sosialist», rammar profilbiletet vårt inn i eit regnbogeflagg, eit norsk flagg eller «Nok er nok» for å visa «vennene» våre at me har dei «rette» haldningane.

I staden for å søkja alliansar, teiknar me fiendebilete av motstandarane våre. Logikken ser ut til å vera at om du ikkje er med oss, så er du mot oss – og sannsynlegvis idiot. Logikken ser også i aukande grad ut til å vera at du må akseptera ei ganske stor totalpakke når du vel side.

Dei påstått tolerante, liberale og progressive kan bli det motsette i sin idealistiske kamp. Dei kan bli autoritære.

Identitetspolitikk

Sidan Donald Trump blei vald til president for to og eit halvt år sidan, har eg lytta fast til Pod Save America, laga av ein gjeng som i si tid jobba for Barack Obama. Eg starta i vantru over Trumps siger, og har sidan fått servert hundrevis av timar politisk analyse sett frå Demokratanes ståstad.

Den merkelege effekten er likevel at eg etter kvart har begynt å skjøna meir av kvifor mange stemmer republikansk. For Demokratanes pågåande kamp med seg sjølv illustrerer for meg eit liberalt dilemma me også ser tydelege spor av i Norge. Nemleg at dei påstått tolerante, liberale og progressive kan bli det motsette i sin idealistiske kamp. Dei kan bli autoritære. Du skal nemleg balansera på ein knivsegg for å ikkje å seia noko «feil» om du nærmar deg tema som kjønn, rase, religion eller homofiles rettar. Det skjønar eg at mange reagerer mot.

Toleranse

Det er lett å vera progressiv og open så lenge alle rundt deg er samde med deg. Utfordringa oppstår når du møter folk som ikkje kjøper heile ditt verdssyn.

Det er også ein hårfin balansegang å vera eit engasjert menneske som kjempar for «det gode» utan å bli moraliserande og forarga over at andre ikkje er like engasjerte i akkurat dine hjartesaker. Det kan vera komplisert å halda hovudet kaldt når hjartet bankar varmt.

Men eg er altså ein sånn kjølig fyr. Eg liker ikkje å bli påført totalpakkar eller tvungen inn i ein flokk fordi andre meiner eg burde vera der. Eg vil bestemma over meg sjølv. Og at andre – inkludert Ropstad og Gahr Støre – også skal få bestemma over seg sjølv. Endåtil om dei tenkjer og handlar annleis enn meg.

Eg har mine idealistiske organisasjonar som eg støttar. Men eg skriv aldri om det på Facebook. Eg går aldri i demonstrasjonstog. Og eg takkar nei når nokon byr meg eit armband som kunne vist verda at eg var ein sånn fyr som støttar ei god sak. Sjølv når eg støttar saka.

Publisert:

Les også

  1. – Manglende respekt for motpartens perspektiv polariserer bomdebatten

  2. Slik så huset ut da familien kom hjem

  3. Kan bli etterforsket som hatkrim

  4. Har samlet inn 250.000 til lesbisk ektepar

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Debattkultur
  3. Donald Trump
  4. Kjell Ingolf Ropstad
  5. Jonas Gahr Støre