Det store spriket
KOMMENTAR: Vi må stå saman om å ta «begrensende valg», meiner regjeringas utval om helsepersonell. Det er lovleg seint å be om det nå.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Vi må leggja om. Litt over 15 prosent av heile arbeidsstokken vår jobbar alt i helse og omsorg. Og alle sektorar treng folk. For framover blir det langt fleire eldre, men ikkje fleire i arbeidsfør alder. Talet på eldre over 80 år vil bli nesten tredobla innan 2060, frå 240.000 nå til nesten 720.000.
Vi har alt fleire legar og sjukepleiarar per tusen innbyggjarar enn andre land i Europa. Hos oss har kvinnene gått ut i arbeidslivet, dei er ikkje heime og tar seg av dei gamle. Det er ikkje menn heller, dei er framleis i arbeidslivet. Vi har også spesialisert helsefolka våre veldig. Der du før møtte éin lege, møter du nå tre, med ulik, høg spesialkompetanse. Vi kan ikkje godt henta fagfolk til helse og omsorg frå land som treng dei meir enn oss, og vi ser frå pandemien at vi må kunna klara oss sjølv, for dei andre reiser heim til sine når krisa rammar. Difor må det bli færre tilsette per pasient i helsetenestene våre, seier regjeringas helsepersonellkommisjon, som la fram rapporten sin på torsdag.
Reint praktisk
Dei meiner helsefagarbeidarane må bli langt fleire og brukast meir og betre. Sjukepleiarane må brukast akkurat der dei trengst, legane der dei trengst, og kor dei høgast utdanna spesialistane skal bruka kunnskapen sin, må vi kunna peika på med spissen på ein skalpell. Så vi ikkje vasar vekk kompetanse på noko nivå.
Vi kan ikkje ha mange små sjukehus, vi må heller forsterka sjukeheimane nokre stader, så ein lege eller to ekstra kan ta seg av litt fleire enn pasientane der. Vi må kunne bu i omsorgsbustader før vi er sengeliggjande, der nokon alltid har tilsyn og passar på, utan at det ennå treng å vera helsepersonell. Kanskje ein god vaktmeister. Og vi må flytta inn til kommunesenteret så vi ikkje bruker opp helsepersonell si tid på å sitja i bilen, og helsa deira på å jobba i kronglete hus med trapper og tronge bad. Alle fagfolk må kunna jobba både i «hus og hytte» – både på føden og på helsestasjonen, både på medisinsk og på intensiven. Og kanskje bør ein også slutta med å splitta ansvaret mellom sjukehusa og kommunen, så ikkje pasienten blir skyvd mellom senger, eller flytta frå den eine til den andre og tilbake igjen.
Spriket
Jo, det finst vegar å gå og steinar å snu. Men viss vi skal klara dette, seier også helsepersonellkommisjonen, må vi stå saman om å ta slike val, val som avgrensar.
Med «vi» meiner dei alle som er i helse- og omsorgssektoren. Dei meiner politikarane, som må slutta å by over kvarandre, og dei må i alle fall slutta å gi oss som kanskje blir pasientar fleire og fleire rettar, utan å sjekka nøye kor mange ekstra folk det kjem til å krevja hos dei som skal utføra jobben.
Og dei meiner alle som jobbar som legar, fastlegar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar. Dei som står ved sjukesenger, hos sårbare pasientar, heime hos redde og demente gamle, eller med altfor mange psykisk sjuke barn på ventelista. Dei har altfor lenge kjent at det er dei som må strekkja seg over gapet mellom behov hos pasientane, og tid og ressursar dei rår over. Trykket menneskeleg og emosjonelt, ved å stå så nært sårbare menneske, og vera den som kjenner på spriket mellom kva dei treng, og kva du kan klara gi, gjer helsepersonell sjuke, og kan få dei til å forlata posten sin i det offentlege, og gå.
Det finst ei djup tillitskrise i helsevesenet. Det er ikkje lett å stå saman om avgrensande val, når ein har mista tilliten til dei ein skal stå saman med. Og jo meir politikarane skyv ansvaret nedover, jo større blir den krisa.
Tapet
Både sjukehus og kommunar har skrudd opp alle kranar dei kunne under pandemien. For å gjera det dei skal: Gi nødvendig helsehjelp. Men for sjukehusa har det betydd at dei har tapt pengar, for systemet er sånn at det er planlagde operasjonar dei tener pengar på. Dei må utsetjast, når koronapasientar fyller intensiven. Folka på sjukehusa har gitt alt dei har klart i nesten tre år. Og fordi dei har gjort det, må dei kutta, og springa fortare frå seng til seng.
I tillegg har ein to år på rad bomma – eller lagt seg altfor lågt – på forventa prisvekst i statsbudsjettet. Det som eigentleg ikkje ser så verst ut, er eigentleg tunge innsparingar. Dei innsparingane er det også folk lenger nede i systemet som må ta, anten det er i sjukehusa eller i kommunane. Og det er jo ikkje sånn at influensavirus og hjarteinfarkt og anoreksi tar omsyn til prisveksten i samfunnet, og ventar med å ramma folk til det kjem betre tider.
Sånt kan det bli postkode-sprik av. Kor du bur, kan bety mest for kva helsehjelp du får. Eller om du har god nok jobb eller inntekt til å skaffa deg privat helseforsikring.
Toppen
Toppen av det offentlege helsevesenet, som regjering, statsråd, departement og Storting, må byggja nødvendig tillit nedover i rekkene. Viss ein skal ha håp om å klara denne omlegginga.
Då må det bli soleklart at det er dei på toppen som tar ansvaret, prisen og støyten for omlegginga. At dei lyttar, før dei handlar. Fagfolka må få meir tid med pasienten, meiningsfulle dagar, høgare lønn, betre turnus, Og ein ledig parkeringsplass å koma til på seine kveldar og altfor tidlege morgonar.
Kommunar og sjukehus må få nok pengar til å kunna gjennomføra skiftet, dei kan ikkje starta i minus, med utslitne folk.
Av alle ting kommisjonen meiner skal til for å letta trykket i helse- og omsorgstenestene, er dette det aller vanskelegaste: Tillit nok til dei som styrer, frå dei som står ved pasienten.
Utan den går ikkje dette.
Les også
«You’ll never walk alone,» syng Jan Runar i Demenskoret. Vil det vera sant, når vi blir gamle?
Viss sjukehusa våre skal bevara ein slags tillit til regjeringa, må det koma meir pengar
– Kven av oss må ut fra sjukehuset? Og kven skal bestemma det?
Tankesmia Civita meiner offentleg sektor er dømt til å sløsa. Det forklarar jo ein heil del
Det går ikkje lenger å tru at dette ikkje vil gå utover behandlinga av pasientar og arbeidssituasjonen til dei tilsette
«Er det ingen vaksne heime blant dei som styrer helse-Norge?»
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det