For seint, forvirrande og fortvilande

KOMMENTAR: Ein uforutseibar pandemi er eit argument for forutseibare ordningar for kulturlivet, ikkje motsett. Nå er det framfor alt forvirringa som rår.

Tysdag kom endeleg kulturminister Abid Raja på banen for å orientera om kompensasjonsordningar for kulturlivet. Kvifor hadde han ikkje dette klart før jul? Foto: Stian Lysberg Solum

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Eg skjønnar at det er komplisert å leia eit land gjennom ein koronapandemi. Smitten er lumsk og uforutseibar. Plutselege endringar i smitteutviklinga krev rask og kontant politisk respons. Me skal prisa oss lukkelege over å bu i vesle, rike, tillitsfulle Norge, som så langt har kome betre ut enn dei aller fleste andre land på dei fleste område.

Det betyr ikkje at ting ikkje kunne blitt handtert betre.

Mens «alle» den siste veka har diskutert skjenkereglar og serveringsbransjen, er det ein annan bransje som prøver å manøvrera i eit farvatn som etter mitt syn er blitt unødvendig komplisert: Kulturlivet.

Les også

Abid Rajas sveis

Les også

Staten holdt liv i konserthusene

Les også

Kulturscene ble bedt om å jukse i korona-søknad

Full forvirring

Tre veker inn i det nye året har reglar, påbod og råd for kulturlivet variert, kollidert og endra seg så mange gonger at det per i dag ikkje finst nokon som har full oversikt. Beskjeden frå kulturminister Abid Raja (V) i fjor haust, var at regjeringa ville vri dei økonomiske støtteordningane i ei retning som stimulerte til aktivitet, ikkje avlysingar – i seg sjølv ein fornuftig tanke. I november – då smittebølgje to slo inn – bad rett nok statsminister Erna Solberg (H) folk halda seg heime, ein råd som kolliderer ganske kontant med Rajas beskjed om at han ville at arrangement skulle gjennomførast.

Så kom bølgje tre i romjula, ikkje minst i Stavanger og Sandnes. Dermed innførte kommunane på Nord-Jæren nye og strengare restriksjonar, som i første omgang skulle gjelda fram til 18. januar. Forbod mot arrangement innandørs med meir enn 10 personar, eller 20 om stolane er fastmonterte, er i praksis å stenga ned kulturlivet. Om ein då ikkje kompenserer for tapte billettinntekter. Men Stavanger kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følgje av tiltaka sine.

3. januar kom regjeringa på banen med sine strengare reglar, som i første omgang skulle gjelda til 22. januar. Erna Solberg bad folk halda seg heime dei neste vekene. Og dagen etter sa Abid Raja til Ballade at kulturlivet burde avlysa eller utsetja sine arrangement dei to neste vekene. Men i regjeringa si forskrift var det opning for innandørs arrangement med fastmonterte stolar for 200 personar. Som i Stavanger konserthus eller på Rogaland Teater. Der stolane ikkje er fastmonterte, kan ein ikkje vera meir enn ti personar.

Forvirra? Det blir verre!

Nye reglar - igjen

Denne veka kom nye, justerte retningslinjer. Kommunane på Nord-Jæren held fast på maks 20 personar på innandørs kulturarrangement med fastmonterte stolar – mens det framleis er lov å vera 200 i regjeringas reglar. Men, og dette er eit heilt nytt punkt: Dei som møter på kulturarrangementet bør ifølgje regjeringa koma frå same kommune som arrangementet går av stabelen i!

Les også

Raja (V) lover å hjelpe kultur­sektoren, men det er fortsatt usikkert hva slags ordninger som vil gjelde i år

Les også

Nå skal vi ikke på konserter og teater i nabokommunene. Hva betyr det for arrangører og publikum? Se hva Raja svarer

Les også

Raja vil bruke 1,1 milliard til ny stimuleringsordning for kulturlivet

La oss då seia at du har planlagt, og selt billettar til, eit kulturarrangement nå i helga eller i komande veke – heilt i tråd med Rajas oppfordring til aktivitet i kulturlivet. Kva gjer du då? Kona mi Britt-Synnøve Johansen hadde så godt som selt ut to Zetlitz-salar i Stavanger konserthus laurdag 23. januar, som fram til Stavanger måndag 18. januar forlenga si forskrift kunne ta imot 200 publikummarar. Nå kan det berre koma 20 på kvar. Hå gamle prestegard har utstillingsopning laurdag. Der var ein inntil nylig usikker på om ein kunne ta imot 10 eller 50, men nå blir det berre plass til dei ti som er involverte i opninga – og altså ingen publikummarar. Så blir det digital strøyming i staden. Og kva med premierane på Rogaland Teater til veka? Tre av fire blir gjennomført, med maks 20 i salen, mens den fjerde ryk fordi ungdomsteatret er ein fritidsaktivitet. Men kva som så skjer? Ingen veit. Teateret har stengt billettsalet.

For seint ute

Kva burde vore gjort annleis og betre i denne høgst forvirrande og fortvilande situasjonen? Svaret er ganske klart. For per i dag er det ingen som nøyaktig veit kva som er dei gjeldande kompensasjonsordningane for kulturlivet frå 1. januar, i ein situasjon der kulturlivet for alle praktiske formål er stengt ned av kommunale og nasjonale restriksjonar.

Tysdag denne veka kom endeleg kulturminister Raja på banen og sa at stimuleringsordninga for kulturlivet held fram meir eller mindre som før jul – og at det kjem ei kompensasjonsordning for avlyste arrangement. Verken Raja eller kulturlivet veit per i dag korleis ordninga blir.

Det komplett ubegripelege er kvifor alt dette ikkje kom på plass allereie før jul – særleg med tanke på at pengane allereie er sett av i budsjettet. Koronareglane vil variera med smitteutviklinga. Men hadde statens kompensasjonsordningar vore forutseibare og tydelege, ville det spart kulturlivet for uendeleg mykje fortviling og bekymring. Og så ville det spart Abid Raja for uendeleg mykje støy.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. «Var Tix-gate ein vinn-vinn-vinn-situasjon?»

  2. Absurd kommuneregel

  3. Arbeidslivets store paradoks: Mange er utan arbeid, likevel manglar me arbeidskraft

  4. Full forvirring for kulturbransjen

  5. «Stakkars USA»

  6. «Kulturlivet står i ein umogleg situasjon»

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Koronaviruset
  4. Abid Raja
  5. Hå gamle prestegard