Kva skal me med kritikarane?

KOMMENTAR: Lyttar du mest til kritikarar, venner, bloggarar eller algoritmar når du vel bok, film, tv-serie eller musikk?

Folk skal stola på deg på grunn av argumenta dine og teksten din, ikkje fordi du er kritikar, meiner kritikar og forfattar Daniel Mendelsohn.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

Månaden før jul er ikkje bare viktig for alle oss som lurer på kva me skal finna på for store og små. Denne tida er også heilt avgjerande for kulturlivet. Bokbransjen tener ein stor del av pengane sine nå, frå folk på jakt etter harde pakkar. Desse vekene – i alle fall når det ikkje er korona – har musikarar og artistar det som travlast, når folk løyser billett for å gå på konsertar eller blir underhaldne på julebord.

Men kva avgjer kva bok du kjøper, kva artist du vel? Eller kva film du ser på kino eller tv-serien du prioriterer på strøymekanalane?

Aviser – som Aftenbladet – har lange tradisjonar for å driva kulturkritikk som ein viktig del av kulturjournalistikken. Altså at eit kompetent menneske går ut og les ei bok, høyrer eit plate eller ser eit teaterstykke, og så vurderer kor bra det er.

Kutt i kritikken

Men dei siste åra har dei fleste avisene kutta i kulturkritikken sin, som eit ledd i økonomiske innsparingar etter at Facebook og Google åt seg inn på den norske annonsemarknaden. Samtidig har plutseleg «alle» blitt kritikarar og «ekspertar». Du må ikkje lenger gå via eit redaksjonelt system for å kunna ytra deg eller lesa om bøker, filmar, musikk eller teater. Du kan gjera det på sosiale medium, bloggar – kor som helst. Eller du kan gi deg over til algoritmane og la teknologien i Netflix eller Spotify bestemma kva du skal sjå og høyra, basert på det du allereie har sett og høyrt.

I tillegg har det vakse fram ein slags skepsis mot smaksdommarar og førestillinga om at enkelte utvalde i utvalde publikasjonar veit betre enn deg sjølv kva som er bra.

Frå prestisje til problem

– Før var det prestisjefullt å skriva for The New York Times. Nå er det for mange eit problem, fordi du då er ein del av eliten, sa amerikanske Daniel Mendelsohn då Norsk kritikarlag for eit par veker sidan inviterte til seminar om litteraturkritikken på Litteraturhuset i Bergen.

Mendelsohn – som blant anna har gitt ut den kritikarroste bestseljaren «Forsvunnet», der han nøstar i sin eigen jødiske families lagnad under 2. verdskrig – er nesten klisjeen på ein klassisk New York-intellektuell: Veltalande, belest, lynande smart, jødisk, homofil, professor, feira forfattar og kritikar. Han publiserer tekstane sine i prestisjetunge publikasjonar og kjenner alle dei rette folka.

Men plutseleg er det ikkje nok. Plutseleg kan alt dette tvert om vera eit problem. Det kan nesten stå fram som suspekt, eit argument mot å lytta til han, at han er så smart og vellukka. Jamfør Donald Trumps vekst og framgang og opprøret mot dei liberale elitane.

Kulturkrig

Men folk som Mendelsohn blir også utfordra frå delar av venstresida i identitetspolitikkens USA:

– Når nokon ikkje liker det eg skriv nå for tida, blir det knytt til at eg er ein kvit mann. Ikkje til at eg til dømes er ein homofil mann, sa Mendelsohn, som meiner ein er på ville vegar om ein krev at ein kritikar må vera lik forfattar eller tematikk for å kunna kritisera eit verk. Altså at ein kritikar til dømes må vera svart for å vurdera boka til ein svart forfattar.

Noko av poenget med ei bok – med kunst i det heile tatt – er jo å snakka på tvers av kjønn, alder, etnisitet, tid og bakgrunn.

Alt dette er ikkje noko som berre skjer i USA. Me har jo internett, sosiale medium og algoritmar som utfordrar kritikarens posisjon i Norge også. Men i tillegg har me ein særeigen egalitær kultur, som også har konsekvensar for kulturell smak og dømming. (Ordet «kritikk» kjem av greske «kritikós», som betyr «i stand til å dømma»).

Egalitær kultur

I det som sidan blei kåra til Årets tidsskriftartikkel i 2007, skreiv sosiologen Ove Skarpenes i «Den ’legitime kulturens’ moralske forankring» om korleis høgt utdanna nordmenn nærmast såg det som forkasteleg når kritikarar peikar ut noko som betre eller dårlegare enn noko anna. For mens borgarskapet i eit land som Frankrike nettopp er kjenneteikna av sin «gode smak» og at dei meistrar den «høgverdige» kulturen, er idealet i Norge å vera egalitær og ikkje høgt på strå. Det store fleirtalet i utvalet av høgt utdanna nordmenn som Skarpenes intervjua i si undersøking, føretrekte lett og middels lett underhaldningskultur.

Så kva skal me då med kritikaren? Om kritikarens legitimitet, autoritet og funksjon blir utfordra frå folkeleg hald fordi kritikaren blir sett på som ein del av eliten? Av woke-folket fordi ein har feil kjønn, alder og farge? Av ressurssterke norskingar som skyr finkulturell smaksdømming?

Vel, me treng kritikarar av omtrent same grunn som me treng journalistar. Me treng nokon som er uavhengige av marknadsavdelingar og kapitalkrefter. Som vurderer kulturelle produkt på bakgrunn av ekspertise og erfaring. Som tør å skilja mellom godt og dårleg – innanfor ei brei vifte av sjangrar. Nokon som hjelper folk som deg å manøvrera i eit gigantisk tilbod av kulturprodukt.

Som ein legendarisk New York-direktør ein gong sa til Mendelsohn:

– Kritikk er ein del av sørvisindustrien: Du får betalt for å lesa og skriva for å hjelpa lesarane våre. Du skal ikkje forelesa for dei. Du skal ikkje visa kor smart du er. Du skal hjelpa dei med tankane dine.

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Den vesle justeringa av korona­reglane har fint lite å seia for kul­tur­livet fram­over

  2. Kva er det utelivs­bransjen kan, som kultur­livet ikkje får til?

  3. «Så feil kan ein altså ta»

  4. Interessant å møta seg sjølv i døra, Anette Trettebergstuen?

  5. «Lyttar du mest til kritikarar, venner, bloggarar eller algoritmar når du vel bok, film, tv-serie eller musikk?»

  6. Hemnen frå dei som hadde alt

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Litteratur
  3. Bok
  4. TV-serie
  5. Teater