Lyset vi treng

Det året finst ikkje som er for mørkt til å driva med kåringar. Time Magazine har alt kåra Metoo-kampanjen til årets person.

Publisert: Publisert:

Nationaltheatret sundag kveld. Skodespelarar fortel historier knytta til #meeto-kampanjen. 606 norske skodespelarar har signert oppropet #stilleforopptak. Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

2017 er året då Donald Trump faktisk blei innsett som president i USA. Det er eit år der språket frekt og skamlaust prøver å gjera seg mektig med skitne triks og blanke løgner.

Bare nekt

Bare nekt. Bare lyg. Bare avvis reine fakta. Bare bruk tal og statistikk som plog for å oppnå det du helst vil.

Hat i veg på sosiale media, til du har tynt både livskiten og ytringsfridommen ut av andre.

Bare kall meiningsmotstandarane dine naive godheitstyrannar eller reint umenneskelege. Begge deler bare eigna til å avskriva alle andre sider ved ei sak enn den du er på.

Og alt saman nok til å sjå mørkt på kva eit demokrati eigentleg kan klara seg gjennom.

Lys

Men det finst lys. Metoo-kampanjen er eit slikt lys. Det hadde eg ikkje trudd den kunne bli, då alt starta i oktober i haust. Då kvinnelege stjerneskodespelarar høglydt greip ordet, ei etter ei, og fortalde om seksuell trakassering og overgrep frå den mektige filmprodusenten Harvey Weinstein. Felles for historiene var makta han hadde over deira framtid.

Les også

Merkel hyller «dem som bryter tausheten»

Så bad skodespelaren Alyssa Milano kvinner som hadde opplevd seksuell trakassering om å retta opp handa. På Facebook eller Twitter, under merkelappen – eller emneknaggen − «Metoo». I løpet av 48 timar hadde nesten ein million kvinner gjort akkurat det.

Det kunne enda i lynsjing, i gapestokkar og mobb. Det kunne enda med at tafsarane stod igjen utan rettsvern. Det kunne enda med at kvinnene bare ville ta namngitte mannsgrisar, ein gong for alle, og det fort. Det kunne enda som ei bølgje ein begeistra kunne la seg riva med av, for seinare å finna seg sjølv og alle andre skylt i land, utan at noko som helst eigentleg var varig endra.

Men det har ikkje gått slik. Stort sett har det ikkje gått slik.

Saker har enda i rettsvesenet, eller som personalsaker på den aktuelle arbeidsplassen.

Les også

Netflix setter «House of Cards» på pause etter overgrepspåstander mot Kevin Spacey

Måten

Dei som har den sterkaste ryggen, tok den tyngste børa: Mektige kvinner med etablerte filmkarrierar. Dei tok omsider det ansvaret dei er i posisjon til å ta. Så melde millionar av andre seg på. Dei henta fram personleg mot, heller enn store ord og fakter. Vi har høyrt frå filmstjerner, teaterfolk, artistar, journalistar, politikarar og legar. Dei samla seg og fortalde historiene sine. Konkret, og rett fram. Slik kjem mønster og strukturar fram.

Og mønsteret er det same. Dei som tafsar, verbalt eller fysisk, er trygge på at dei er mektigare enn den dei tafsar på. At dei er i ein posisjon som gir dei rett til å ta på, sjå på, eller omtala det dei måtte ha lyst på, utan omsyn til den som i grunnen har eigarskap til alt dette. Det inngrodde mønsteret er at den som ikkje har sterkt vern og solid posisjon på arbeidsplassen, faktisk ikkje kan rekna med å ha fullt eigarskap over eigen kropp. Det er jo heilt hinsides.

Les også

Trakassering. Overgrep. Skam. Over 400 norske skuespillere har fått nok.

Alle innvendingane mot kampanjen har også kome. Om at det er nok nå, om at det blir gapestokk av dette, om at dei som blir kalt tafsarar står i fare for å bli rettslause.

Motstemmene har fått tyn. Men kampanjen har likevel ikkje spora av. Ennå held den seg i det store til å påpeika maktmisbruk i stor og inngrodd skala.

Stort

For omfanget er svært. I ei amerikansk undersøking i kjølvatnet av alt dette svarar 47 prosent av kvinnene og 17 prosent av mennene at dei har opplevd seksuell trakassering.

Det er sjølvsagt ikkje bare kvinner som blir trakasserte, og heilt sikkert ikkje bare menn som trakasserer. Men det store fleirtalet som har brukt mot og solidaritet frå andre til å stå fram, er kvinner. Det er ikkje så rart. Blant kvinner er dette så vanleg å oppleva at dei veit dei ikkje er aleine.

Les også

Kvinner krever kongressgransking av Trump

Å ta privilegier frå nokon som er mektigare enn deg, har alltid krevd stort personleg mot, uthaldenheit og solidaritet. Alt på tvers av klasse og geografi. Strategisk bruk av massedistribusjon og nettverk må til. Og disiplin. Så ikkje ein slik kampanje sjølv bikkar over i nytt maktmisbruk.

Før

I 1905 skulle det vera folkeavstemming i Norge, for endeleg å kvitta oss med svenskeunionen. Den mektige kvinnesakskvinna Fredrikke Maria Qvam sende straks telegram til Stortinget og argumenterte for at kvinnene også måtte få stemma. Det lykkast ikkje.

Qvam var blant dei privilegerte, oppvaksen i ein heim der Bjørnstjerne Bjørnson og Aasmund Olavsson Vinje vanka, gift med jurist, amtmann, justisminister og ein gong statsminister Ole Anton Qvam, som døydde i 1904.

Ho brukte posisjonen sin, nettverket sitt, familien sin. Ho hadde vore med og starta Landskvinnestemmerettsforeininga. I 1905 ville andre kvinner starta underskriftskampanje. Qvam var skeptisk, ho trudde det var for kort tid. Så begynte det likevel, på Røros, i Drammen og i Trondheim.

Etter knappe tre veker blei nesten 280.000 underskrifter overleverte til støtte for unionsoppløysinga. Til samanlikning var det 380.000 menn som stemte.

I 1909 og 1912 fekk kvinnene prøva å stemma ved stortingsvala, i 1913 var det ikkje lenger argument igjen for ikkje å gi dei stemmerett på lik linje med mennene.

Kvinnene stemte på etablerte, politiske parti. Dei laga ikkje noko «Fruentimmerstyre». Dei endra skeive og undertrykkande strukturar i samfunnet.

Spor

Metoo-kampanjen tråkkar i same spor. Den har ennå ikkje kome langt nok til at vi kan sjå om strukturar faktisk vil bli endra på varig vis.

Les også

Mannlige kolleger med full støtte til opprop mot trakassering av kvinnelige skuespillere

Men den er eit kraftig vitne om at demokrati verkar. Det krev tid, mot og solidaritet. Men det verkar. Sjølv i året 2017, då ein mann som Trump faktisk blei innsett som president i USA.

Måtte vi klara å la vera å tafsa det til for oss.

Publisert:
  1. Seksuell trakassering
  2. Donald Trump