Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, Sylvi Listhaug er den store frelsaren

GJESTEKOMMENTAR: Dei siste vekene har eg vassa i brungrums og pusta inn ein eim av hat og menneskeforakt. Heilt friviljug.

Publisert:
Jarl Wåge
Lærar og skribent

Den lukka Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst» er gjennomsyra av hat og grove utsegner mot muslimar – alle muslimer – og mot Arbeidarpartiet. Statsministeren får òg gjenomgå. Men Sylvi Listhaug er dronninga. Berre ho kan redde landet. (Skjermdump frå Facebook.)

Det starta då eg melde meg inn i den lukka Facebook-gruppa «Fedrelandet viktigst». Så veldig lukka er forresten ikkje gruppa, for ho har i skrivande stund tett på 10.000 medlemmar.

Ifylgje Bibelen må vi gjennom ein skjærseld for å bli reinsa og klare for herlegdomen. Den skjærselden eg har vore gjennom på Facebook har hatt null reinsande effekt. Den har berre etterlate meg måpande hovudristande til så mykje reinhakka uforstand som er på utstilling her.

Enda ein annan hevdar at ei kule i skallen på bøgjævlane er det som skal til.

Ingen muslimar er gode nok

Hatobjekt nummer ein i «Fedrelandet viktigst» er muslimar. Ikkje nokre. Alle. Fleire såkalla gode nordmenn meiner dei skal ut av landet, for dei har eitt einaste mål: å innføre sharialover og overta styringa. Eit muslimfritt Noreg er målet.

Og nåde den muslimen som klarer å få ei framtredande rolle her til lands; som til dømes leiar i AUF, Mani Hussaini. Han har nemleg, saman med Anniken Huitfeldt, vore med på å foreslå at K-en i KRLE-faget skal fjernast. Dei blir omtala som «to uekte smil som lyser av ondskap mot det kristne Norge». Hussaini er ein dromedarape av eit flyktningesvin som vågar å leggje seg opp i korleis norsk skule skal vere. Han må ut. Attende dit han kom i frå: «Gjerne i en binge sammen med et digert svin. Sender en ikke med dyrefor, ordner den saken seg av seg selv.» «Dypp han i baconfett, rull han i grisebust og sett han på første fly hjem,» foreslår ei anna vennleg sjel.

Plutseleg dukkar det opp eit bilde av Hussaini som gjev «Utøyabøgen, Eskild Pedersen, han som var uforskamma nok til å overleve massakren, ein klem. Akkompagnert av teksten «true love». «Heldigvis blir det ikke unger av det.» «I så fall bare drittunger.» Men dei får «bare holde på til dritten spruter oppover veggene». Så ei teikning av ein som står og spyr. Den eine etter den andre blir «kvalm bare av å se bildet av dei to». «Sist gang han tok Hussaini bak, kom det en dromedar ut av ræva på’n,» kan ein fortelje. Ein annan har lagt ut eit bilde av ein gris med snakkeboble. Der står det: «Jeg driter alltid i retning av Mekka.» Enda ein annan hevdar at ei kule i skallen på bøgjævlane er det som skal til.

Tre satanistar, blir det hevda: AUF-leiar Mani Hussaini, Sveriges statsminister Stefan Löfven og Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix

Landsforrædarane i Arbeidarpartiet

Hatobjekt nummer to er Arbeidarpartiet. I ein tråd er det eit bilde av Jonas Gahr Støre ved sida av bildet av ein apekatt og spørsmålet: «Hvem ville du ha stemt på av disse to?» Svaret er ikkje Støre, for å seie det sånn. Han er «quisling og selger landet til islamister av alle slag».

Arbeidarpartiet «hisser også opp til tredje verdenskrig og Støre er en psykopat som må stanses». Til eit bilde av Støre, statsminister Löfven og Hussaini er kommentaren at dette trekløveret står for satanisme.

Landsforrædarar er dei visst alle politikarane. Dei svik det norske folk, opnar døra på vidt gap for Allah-djevelen og alle terroristfylgjarane hans og gjev blaffen i norske, kristne verdiar.

Erna Solberg er «ei hønsehjerne». Ei spør: «Hvem i all verden lar purka Dagrun Eriksen få uttale seg?»

Sylvi Listhaug blir nesten nesten heilagforklara i denne ekstreme Facebook-gruppa. Ho er uklanderleg, dyktig, klar og tydeleg. Den einaste som kan frelse landet vårt og dei kristne verdiane mot barbariet. Foto: Jon Ingemundsen

Det store idolet: Sylvi Listhaug

Opp i all gørra finst det òg kjærleik og respekt. Dei fleste som spyr ut hatretorikken, har eitt idol, ei ledestjerne, ein frelsar. Denne helten har fødselspermisjon, og eg har fordømt meg på ikkje å nemne ho offentleg medan ho nyt å vere nybakt mor. Men det er umuleg å komme utanom. Listhaug er stadig nemnt i dei ulike trådane. Dei fleste Frp-politikarar får heiderleg omtale, men enkelte av dei må òg tåle (mild) kritkk. Ikkje Listhaug. Ho er nesten heilagforklara; uklanderleg, dyktig, klar og tydeleg. Den einaste som kan frelse landet vårt og dei kristne verdiane mot barbariet. Dei er heilt samde med Listhaug når ho seier at ho er bekymra for barna si framtid. Medan alle andre «vil åpne grensene, stenger hun dem og nekter å selge landet til terrorister».

Gjørmebadinga i «Fedrelandet viktigst»-gruppa har vore sjokkerande. Eg blir sitjande og fundere på kvar i all verda det kjem frå, alt hatet. Dette er vaksne menneske. Har dei blitt steikje galne? Kva med å lære av historia? Hadde vi i alle trådane med muslimhat erstatta ordet muslim med jøde, ville vi ha kjent igjen retorikken frå Tyskland på 1930-talet. Det burde ha skremt vatnet av mange, men nemner ein det, er det mobbing og sjikanøs hitling.

Mange i «Fedrelandet viktigst» er opptekne av norske, kristne verdiar. Om det er verdiane dei blottlegg her dei er redde for skal gå dukken, ja, så tenkjer eg: «Lukke på reisa!» Men eg òg er bekymra. Bekymra for barna til dei som flaggar slike haldningar. Grums kan gå i arv.

Les også

Harald Birkevold: Ytre venstre er hysterisk redde for norskhet, mens ytre høyre bare må ta seg kraftig sammen

Hadde eg vore politikar og oppdaga at eg inspirerer til hat og menneskeforakt, ja, så hadde eg pinadø gått i gang med ei ekstrem oppussing.

Stemmene tel vel mest

Fleire gonger har eg oppmoda Frp til å ta eit skikkeleg oppgjer med brungrumset i eige parti. Det er krystallklart at veldig mange i «Fedrelandet viktigst» stemmer Frp. No kan Frp-arar sjølvsagt toe sine hender og seie at dei ikkje kan ta ansvar for kva folk skriv i lukka Facebook-grupper. Det er sjølvsagt heilt riktig. Men hadde eg vore politikar og oppdaga at eg inspirerer til hat og menneskeforakt, ja, så hadde eg pinadø gått i gang med ei ekstrem oppussing. Men då ville dei kanskje miste stemmene til den frelste skare, – og ei stemme er ei stemme er ei stemme, kan det sjå ut som.

Publisert: