Det er rimeleg å spørje kor gyldig «Oljefondet» eigentleg er som kallenamn

GJESTEKOMMENTAR: Om du sel gard og grunn, så er ikkje salssummen heilt å rekne som anna inntekt.

Nicolai Tangen (biletet) er sjef for Statens pensjonsfond utland, som kanskje bør kallast for noko anna enn «Oljefondet», skriv Klaus Mohn.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor og professor, Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

«Kva skal me leve av etter oljen?» har nærmast blitt det store spørsmålet i vår tid. Blant mange fantasifulle forslag finn me laks, IT, blåbær, asylmottak, kunnskap, empati, kjærleik og – øl (!). Ei sak er sikker, og det er at ingen av desse aktivitetane nokon gong vil kome nær det oljeverksemda representerer i dag, korkje i lønsemd eller omfang. Men heldigvis finst det eit enklare og meir opplagt svar.

Oljefondet er den nye oljen

Det er nemleg så enkelt at Oljefondet er den nye oljen. Svaret er opplagt fordi det er ein logisk konsekvens og ingrediens i den norske modellen for forvaltning av «inntekter» frå naturressursar. Når eg skriv inntekter i hermeteikn, så er det fordi milliardane som kjem til staten frå oljeverksemda i realiteten ikkje heilt er å rekne som andre inntekter. Dei er meir å rekne som summen du får om du sel gard og grunn. Difor kan ein heller ikkje samanlikne inntektene frå olje- og gassutvinning med staten sine inntekter frå andre næringar.

Olje- og gassressursane er ein del av vår felles formue. Pengane ein får når ein sel oljen og gassen er dermed også ein del av nasjonalformuen. Og når desse pengane kjem til staten er det som ei omplassering av formue. Som når ein sjølv flyttar pengar frå sparekontoen til brukskontoen. Eller om ein sel hytta og set pengane på aksjefond. Då forstår ein betre at om ein brukar av dei såkalla oljeinntektene, så vil ein samstundes tære på formuen og ende opp som mindre rik. Eit viktig kriterium for suksess ved den norske modellen for ressursforvaltning er difor at inntektene frå oljeutvinninga aldri skal brukast. Det ville vere som å sløse bort arvesølvet for ein fest.

Det er ikkje oljeinntekter ein brukar

Ikkje desto mindre bør me alle vere glade for at omplasseringa av ressursformuen går direkte til finansformue på «Oljefondet». At oljeinntektene finansierer velferd er likevel i beste fall unøyaktig, og vel så ofte villeiande. Over statsbudsjettet er det nemleg ikkje oljeinntekter ein brukar, men renter (avkastning) frå «Oljefondet». Sjølv om inntektene frå salet av olje og gass ikkje er heilt som andre inntekter, så er pengane nett som andre pengar. Men her er det tale om store pengar.

Eit hovudmål med Oljefondet og handlingsregelen for finanspolitikken er å gjere Velferds-Noreg mindre avhengig av olje- og gassverksemda. Frå enkelte hald kan ein stundom få inntrykk av at det motsette er tilfellet

Med 11 000 milliardar kroner på bok og tre prosent i årleg avkastning kan ein i år tappe 333 milliardar kroner i året frå fondet, utan at totalverdien tapar seg. Det er eit større tal enn kontantstraumen frå olje- og gassverksemda i dag. I åra som kjem vil forskjellen berre auke. Avkastninga frå «Oljefondet» vil bli stadig større og viktigare enn pengane som kjem frå sjølve utvinninga av olje og gass. Etter som verdiane blir flytta frå oljefelta til fondet blir dei samstundes mindre kjenslevare for svingingar i oljeprisen, men meir sensitive for variasjonar i verdipapirmarknaden verda over.

Eit hovudmål med Oljefondet og handlingsregelen for finanspolitikken er å gjere Velferds-Noreg mindre avhengig av olje- og gassverksemda. Frå enkelte hald kan ein stundom få inntrykk av at det motsette er tilfellet – at velferdsnivåetavheng av framtidige oljeinntekter. I så fall har den norske modellen for ressursforvaltning spelt fallitt. Det finst andre ressursrike land i verda som faktisk bygg velferda på løypande inntekter frå olje- og gassverksemd. Det har sjeldan gått bra.

Kor lenge er det eit oljefond?

Omgrep som oljeinntekter, oljefond og oljepengar kan elles bidra til å forvirre ordskiftet om pengerikdommen i Noreg. Først og fremst fordi det ikkje er tale om inntekter, men omplassering av formue. At pengane frå oljeutvinninga gir opphav til eit fond, gjer heller ikkje det såkalla «Oljefondet» annleis enn andre fond. Om ein likevel insisterer på å sette merkelapp på pengar, så er faktisk slik at om lag ein tredel av verdiane på fondet i dag kjem frå kontantstraumane frå oljeverksemda, medan to tredelar har opphav i opphopa avkastning.

Dette gjer det rimeleg å spørje kor gyldig «Oljefondet» eigentleg er som kallenamn på Statens pensjonsfond utland. Og pengane ein brukar er i alle fall ikkje å sjå på som oljepengar. For familieselskapet Ferd kjem store delar av formuen opphavleg frå ei omfattande tobakksverksemd. Men dei kallar ikkje fondet sitt Tobakksfondet. Og ingen ville vel meine at det er tobakkspengar Andresen-familien investerer og lever av i dag.

Når Statens pensjonsfond utland likevel framleis blir omtalt som Oljefondet, og pengar frå fondet blir omtalt som oljepengar, så burde ein kanskje undre seg over korfor slike premiss og omgrep blir haldne ved lag.

Formuen: Ein test for fornufta

Ein sentral idé bak den norske modellen for ressursforvaltning er å skilje oppteninga av oljeinntekter frå bruken av dei same inntektene. Dei som lykkast med ein slik separasjon vil få oljeformuen til å vare lengre, og samstundes skåne økonomien frå verknadar av at oljeprisen går opp og ned. Det er med dette som siktemål at ein har etablert eit fond for opphoping av oljeinntekter og ein handlingsregel som avgrensar uttaket frå fondet til den forventa avkastninga.

Målet med denne forvaltningsmodellen er at økonomi og samfunn skal stå betre rusta etter at oljeutvinninga er over enn før utvinninga tok til. Føresetnaden for suksess er at politikarane held seg i skinnet, og viser nøktern omgang med fondsverdiane, i gode og vonde dagar.

Følg på Twitter: @mohnitor

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Oljefondet
  3. Statens pensjonsfond utland
  4. Handlingsregelen
  5. skatt

Mest lest akkurat nå

  1. Lisa og Vetle gjorde funn som kan hele Stein­kjerringa

  2. Ny, posi­tiv trend på Jærstrendene

  3. Viking Stadion AS foreslår kraftig utvidelse

  4. 679 nye koronasmittede registrert siste døgn

  5. Ramponert hytte i Sandnes er til salgs – byantikvaren håper nye kjøpere er årvåkne

  6. Scoret fire i ellevill målfest