Alt, SV?
Kommentar: På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk.
- Solveig G. SandelsonKommentator

Eg blir litt rørt av politiske landsmøte. Av smånervøse eller veldig entusiastiske delegatar frå alle landets fylke og frå kommunar eg hadde gløymt vi hadde. Av tida og alvoret bak eit tre minutt langt innlegg, som trass alt skal inn i rekkja av minst femti slike. Av mangelen på dresskledde vakter med krøllete leidningar bak øyra.
Av at du kan stå i buffetkø med både Lars Haltbrekken og Audun Lysbakken, treffa påtroppande leiar Kirsti Bergstø ved kaffi-automaten. Høyra Lars Nehru Sand vera inne på direkten i Dagsrevyen bak i salen, eller Kari Elisabeth Kaski bli intervjua om kriser i livet i ein pause, mens baby-Kaski heng trygt i sele inn mot fars bryst litt lenger borte. Far gyngar i knea, baby-Kaski skal sikkert sova.
Demokrati på to bein
Dei er alle i same sal. Og det er ikkje berre SV sine landsmøte som er slik. Politiske landsmøte i Norge er slik. Opne.
Det er fint. Dei er beundringsverdige, alle desse menneska, der dei vrimlar rundt og er norsk demokrati på to bein. Dei lever det. Sjølv når det går trått. Sjølv om det tar tid. Sjølv om vegen frå lokallag til delegat til talarstol til gjennomslag er lang.
Det tar litt av
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk. Det tar av alt i diskusjonen om kor mange innsende uttalelsar dei skal diskutera. Blir det fem, eller kanskje heller sju, og vil dei nå eigentleg gå for akkurat dei fem landsstyret har gått inn for – av dei førti som kom inn – eller kanskje heller ta inn ein om betre seksualundervisning og droppa den om å fordømma brot på menneskerettane i Tyrkia? Kanskje lettare å få unge veljarar i tale med den første der enn den siste? Pluss den om ruspolitikk, for å demma opp for Senterpartiet? Ut med den om EØS? Som nokon straks meiner ikkje handlar om EØS, men om kraft?
Ein delegat oppfordrar landsmøtet til å la vera å klappa etter innlegg, for det er lite demokratisk og lite feministisk, for tenk om nokon innlegg får meir applaus enn andre. Det blir aldri stemt over, men landsmøtet rettar seg etter det likevel.
Eg trur dei blei einige om å diskutera dei fem uttalelsane som landsstyret alt har gått inn for at dei skal. Sjølve diskusjonen om dei fem? Den er dagen etter.
Dei mange, mange innlegga
Alt her ligg SV ein halvtime etter sitt eige program. Før dei heilt har begynt å diskutera. Ein delegat føreslår at ingen kan få ha to innlegg i same runde. Det syns landsmøtet er klokt. Dei er over i sikkerheitspolitikk nå. Dei må gå frå tre minutts taletid til to. Sånn at alle får sleppa til. Men det må dei jo stemma over. Tar litt tid, riktig nok, men, men, demokrati er demokrati! Nokon ber også om at heile talelista må lesast opp. Det blir den.
Og DER må dei stryka replikkar også for å koma i mål. Eller, dei kjem ikkje i mål. Ennå er det hundre minutt med innlegg igjen på talelista, og berre ein time til middag. Dei blir einige om å fortsetja etter middag.
Eg blir litt rørt av politiske landsmøte. Sånn i starten.
Kommentator Solveig G. Sandelson
- KOMMENTAR
«Sjukehuset trudde dei ville gå bitte litt i pluss i februar. Kor kom den tanken frå?»
- KOMMENTAR
På SV sitt landsmøte diskuterer dei alt. Dei kan snakka eit demokrati i senk
- KOMMENTAR
- Du risikerer å døy ung, viss du får dårlege karakterar på ungdomsskulen. Hæ?
- KOMMENTAR
All næring dette barnet har trengt, kan det ha fått frå mor. Ikkje far
- KOMMENTAR
Rema 1000 frys samarbeidet med Sophie Elise. Det gjer ikkje NRK. For NRK er jo ikkje akkurat Rema. Eller?
- KOMMENTAR
Jo, vi må snakka om det