Å jul med di glede (og overdose)

Eller tenk om sjølvaste Jesus hadde dukka opp på bursdagen sin. Ikkje barnet, men vaksenutgåva. Han som Faderen visstnok har bestemt skal komme attende. Hadde han fått asyl? Hadde vi sleppt han inn?

Julegåver er noko av det finaste med jula, men det blir for mykje styr, vi får overdosar. Kva er det som skjer? Hadde vi hatt plass til Jesus i herberga våre om han kom att på bursdagen sin?
  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Lærar og skribent
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Kredittkorta klør, dirrar, skjelv og rykkjer i taumane. Nesten som eit koppel av topptrimma husky-ar klare til endeleg å kaste seg ut i det store Finnmarksløpet, kjenner dei at tida er inne. Dei har fått ferten av jul og veit at snart skal sjølv ristande olding ta sin stav, til butikkar hen. Snart skal sju sortar i boks. Snart skal det hamstrast ofselege mengder med mat vi aldri har ant at vi berre må ha. Snart skal vi vri hjernen for å komme på den ideelle og geniale gåva, gjerne litt dyrare enn i fjor, til dei som har så altfor mykje av alt. Snart skal jula manast fram att i hytte, hus og slott. Snart skal vi, utmatta av julestress, senke tempo og skuldrer, puste ut og synge: «Fred over jorden, menneske fryd deg!»

Aldri såg du vel meir tindrande lommelykt-lukke.
Ja da, biletet er oppstilt og arrangert, men du tek poenget. Skulle Moses stige ned frå Kjerag, Vårlivarden eller Dalsnuten og bli vitne til vår glansa, glitrande dance macabre rundt gull, røykelse og myrra, ville han hatt bruk for mykje meir enn to steintavler og ti bod å knuse til fillebitar for å få utløp for frustrasjonar og raseri over menneskeleg dårskap.

Store forventningar

For nokre år sidan feira eg jul med nær og kjær familie i alle aldrar. Julehuset var slik julehus skal vere. Moder, eller fader, hadde tent alle ljos. Det var overdådig pynt overalt. Ribbelukt seiv inn i alle rom. Juledrammen som stod klar på bordet, hadde segla fram og tilbake over Ekvator. Forventningsfulle barn sitra av oppdemd spenning. Juletreet trona midt i eine stova med gåvehaug til langt opp på midja. Og høgt i toppen den blanke stjerne. Ho hadde visst fått i oppgåve å minne oss om vår Gud, oss om vår Gud.

I det uendelege havet av advent før maten endeleg var klar og vi kunne setje seg til sjølvaste julaftabordet, fekk ungane lov å opne ein pakke kvar for å stagge den gnagande gåvesvolten. Pål på fire år pakka med store auge ut ei lommelykt. Aldri såg du vel meir tindrande lommelykt-lukke. Med jubel i røysta gjekk han rundt til kvar enkelt og stråla: «Sjå, eg har fått julegåve! Sjå eg har fått julegåve!» Og vi visste, ømme langt inn i hjarterøtene, at det er dette julegleda, den ekte og uforfalska, handlar om.

Lommelyktglansen hadde falma fordi han rett og slett, som tvangsfôra, franske gjess, hadde blitt overdosert. Ikkje med mat, men med gåver.

Det vart for mykje

Etter oveting og rydding av kjøken, kunne vi så grave oss ned i det synlege resultatet av shoppingbonanzaen vi hadde vore gjennom; gåvehaugen. Som seg hør og bør i ein møblert heim, var det ei gåve til kvar, oppakking og framvising for alle kva den heldige hadde fått før vi gjekk vidare til neste. Ganske snart innsåg vi at med slikt eit tempo ville det vere langt ut i romjula før vi var ferdige. Tenåringen i huset fekk i oppgåve å samle silkeband og glansa papir i svarte søppelsekkar, og så var det bare å køyre på.

Då vi var halvvegs nede i pakkerøysa, utbraut Pål, der han sat på golvet, heit og forkava, omkransa av dinosaurar, legoøskjer store som hus, ski, hjelm, rattkjelke, fjernstyrt bil og strikkastrømper frå oldemor: «Nå gidde me ikkje mer.» Lommelyktglansen hadde falma fordi han rett og slett, som tvangsfôra, franske gjess, hadde blitt overdosert. Ikkje med mat, men med gåver.

Skjønt frå sjel til sjel skal den lyde, songen frå eit himmelsk kor av kassaapparat og sølvgutar som syng jula inn om fred og fryd og eit lite barn som ligg bortgøymt og gløymt i ei krybbe i ein ussel stall.

Same procedure...

Snart er ho altså over oss igjen, i dei tusen heimar. Jula. Same procedure as every year (just more of it). Gåvene er kjøpte, om ikkje alltid betalte. Englar dalar fram frå skjul. I herberget vil det ikkje denne gongen heller vere rom for dei arme små som kjem og bankar på. Skjønt frå sjel til sjel skal den lyde, songen frå eit himmelsk kor av kassaapparat og sølvgutar som syng jula inn om fred og fryd og eit lite barn som ligg bortgøymt og gløymt i ei krybbe i ein ussel stall.

Ein rasande Moses knuste steintavlene med dei ti boda då han såg folket danse rundt gullkalven. Korleis ville han ha likt vår dans rundt jula? Illustrasjon frå «Bible Pictures and What They Teach Us» (1897).

Tenk om Moses, han som berga israelsfolket ut av Egypt og fekk dei ti boda av Gud, skulle få det føre seg at han òg ein dag vil kome tilbake til jorda. Kanskje for å sjå ut over ein uoverskueleg pilgrimsgang gjennom ørkenen til det lova landet. Landet han sjølv aldri fekk komme inn til i si levetid. Tenk om han skulle forville seg opp til våre breiddegrader. Om ikkje anna hadde han kome til eit land der det flyt av mjølk og honning. Men lat oss i så fall inderleg håpe at han ikkje finn på å komme virrande hit den 24. desember. Skulle han stige ned frå Kjerag, Vårlivarden eller Dalsnuten og bli vitne til vår glansa, glitrande dance macabre rundt gull, røykelse og myrra, ville han hatt bruk for mykje meir enn to steintavler og ti bod å knuse til fillebitar for å få utløp for frustrasjonar og raseri over menneskeleg dårskap.

Det er vel langt frå sikkert at vi hadde våga å opne døra for ein skummelt utsjåande mann med sid kjortel og langt hår og skjegg.
Om Jesus hadde kome attende no, som Kyrkja lærer at han vil gjere, og hadde søkt asyl i landet. Hadde vi late han inn i herberget? Invitert han til bursdagsfeiringa si?

Kva med bursdagsbarnet?

Eller tenk om sjølvaste Jesus hadde dukka opp på bursdagen sin. Ikkje barnet, men vaksenutgåva. Han som Faderen visstnok har bestemt skal komme attende.

Hadde han fått asyl? Hadde vi sleppt han inn? Det er vel langt frå sikkert at vi hadde våga å opne døra for ein skummelt utsjåande mann med sid kjortel og langt hår og skjegg.

Han hadde i alle fall gjort lurt i å kle seg i raude klede, farge hår og skjegg kvitt og øve seg på å seie: «Ho-ho, finst det nokon snille born her i huset?»

  • Forrige tekst frå Jarl Wåge: Kall meg gjerne analfresar, rumperyttar, sopar, bøg, homo. Men kven eg eigentleg er..?

Tidlegare tekstar frå Jarl Wåge:

Les også

  1. «Homolobbyen» skal knusast, seier dei, – ja vel, kven då – eigentleg?

  2. Instramming, innstramming, innstramming...

  3. Diktatur er diktatur er diktatur!

  4. Når ytre høgre marsjerer

  5. Juksemakar pipelort

  6. Trøyste og betre

Publisert:
  1. Asyl
  2. Jul
  3. Jesus
  4. Gjestekommentar
  5. Jarl Wåge

Mest lest akkurat nå

  1. – Vi vet nå at munnbind demper smittetrykket ganske vesentlig

  2. Disse korona­reglene gjelder nå

  3. 8 myter om koronavaksinen

  4. Marcus (8) er koronasmittet. Det var ikke åpenbart for noen. Så ble det for første gang masse­testing på skolen

  5. Premier League-kamp stanset: Tilskuer får medisinsk behandling

  6. 41 smittet på bedehus-basar