Det store bildet

KOMMENTAR: Tolv prosent av jentene på vidaregåande skule seier dei har blitt pressa eller tvinga til seksuelle handlingar eller samleie, 3 prosent av gutane. Det er alvorleg. Men det er ikkje overraskande.

Dei fleste unge syns dei har eit godt liv.
Publisert: Publisert:
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Tala kjem fram i den nye Ungdata-rapporten. Sidan 2010 har ein spurt ungdommar over heile landet, frå 13–19 år, om korleis dei har det. I år er alle tala henta frå våren 2022, for å få eit klart skilje til pandemiåra. Og i år, for første gong, får vi også vita korleis dei frå ti til tolv år har det.

Det finaste

Dei har det fint. Over 90 prosent seier det. Dei syns dei har eit godt liv. Omtrent like mange er fornøgde med korleis dei sjølv er, og dei aller, aller fleste opplever at dei har alt dei ønsker seg i livet. Også oppover i aldersgruppene har dei det fint. Dei opplever meining, meistring, at dei har ein plass å fylla. Dei syns dei har det dei treng, på tvers av dei ulike kåra dei kjem frå, økonomisk, sosialt, geografisk.

Du må gjerne lesa det ein gong til: Dei har det fint. Dei har minst éin fortruleg venn, ein dei kan stola på og snakka med alt om, og dei er optimistiske med tanke på framtida. Dei ser for seg at dei vil få eit godt liv, då også. Den optimismen overraskar i alle fall meg, for dei har svart på dette etter over to år med pandemi, etter at krigen i Ukraina hadde brote ut og med ei klimakrise hengande over oss. Men dei har likevel tru på framtida, og på sin eigen plass i den.

Dei har også begynt å hengja ute med kvarandre igjen, etter at det i nokre år såg ut til at dei hadde slutta med sånt. Tendensen med auka sjølvrapporterte psykiske plager, som ein har sett sidan 2010, har stoppa opp, eller flata ut.

Det er det store bildet. Og det er vel verd å kjenna seg takknemleg og glad for. Anten ein har barn sjølv eller ikkje.

Det kjedelegaste

Dei fleste trivst også enno på skulen, kjenner at dei har ein plass der, og at lærarane bryr seg om dei. Men mistrivselen aukar likevel år for år, opp 6 prosentpoeng sidan 2015. Eit stort fleirtal – sju av ti – svarar nå at dei kjedar seg på skulen. Fleire og fleire gjer det. Fleire og fleire skulkar i ungdomsskulen, særleg blant jentene – heile 30 prosent av dei, mot 20 før.

For altfor mange, og for fleire og fleire, er skulen fjernt frå det dei kjenner som verkeleg liv. Samtidig er skulen og alt som heng fast i den, ein viktigare og viktigare del av livet og dagen deira. For det er ikkje så mange andre stader å gjera av seg, det er ikkje så mange andre alternativ å sjå. Ikkje mange kan henga etter ein bonde eller ein fiskar lenger, få små arbeidsoppgåver å meistra, sjå levande alternativ til alt skulen står for. Skulen står for teori. For mål og delmål. Og eg skulle ønska at planleggingsdagane denne veka blei brukt til å sjå kor mykje av det der rektor og lærarar kunne hiva på båten og kvitta seg med, utan å bryta opplæringslova. Men gjerne skaffa ein skuleeigar eller ein politikar litt meir bry med å sanka inn all dokumentasjon dei meiner dei må ha.

Det alvorlegaste

Det er også ting i svara frå dei unge som vi veit skadar. Som kan gi varige helseproblem. Ein av fire gruar seg ofte til å gå på skulen. Og talet på kor mange som blir mobba, går ikkje ned, uansett nullvisjonar og mobbeprogram. Vi veit at mobbing skadar, det kan skada for livet, det kan ta liv. Talet på kor mange som blir utsette for vald, er det same. Talet på kor mange som har kjend seg pressa eller tvinga til samleie eller seksuelle handlingar, ligg også på same nivå som i andre, tidlegare rapportar og i andre land. Tolv prosent av jentene på vidaregåande oppgir det, tre prosent av gutane. Også det kan gi alvorlege skadar, ikkje berre der og då, det kan skada for livet. Og mens sjansen for å bli mobba minkar jo eldre du blir som tenåring og skuleelev, er gruppa 15–24 dei som har størst risiko for å bli utsette for ei eller anna form for seksuelle overgrep.

I ein rapport frå 2013, der ein har intervjua folk frå 18 til 74 år, oppgav 9,4 prosent av kvinnene at dei hadde blitt valdtekne, 1,1 prosent av mennene. 33 prosent av kvinnene og 10 prosent av mennene oppgav at dei hadde blitt utsette for ei eller anna form for seksuelle overgrep i løpet av livet. Og dei aller, aller fleste av dei hadde opplevd dette før dei fylte 25. Det gir grunn til å tru at det gjaldt omtrent like mange i foreldregenerasjonen som blant dei som går på vidaregåande nå. Og like mange i besteforeldregenerasjonen.

Uretten

Det gjer det ikkje mindre alvorleg. Urett blir ikkje mindre urett av å bli gjentatt i generasjonar. Det er heller ikkje noko argument for at det ikkje går å endra uretten.

Men det er ikkje sånn at det vanlege er null, det vanlege er ikkje at ingen mobbar, eller at ingen tvingar seg på andre seksuelt. Det er ikkje ekstraordinære tal vi fekk nå.

Her burde eg vel vist til gode løysingar. Men eg har eigentleg berre dette å koma med: Dei aller, aller fleste unge har det heilt fint. Men nokre av dei blir utsette for handlingar frå andre menneske som kan skada dei. Og det er ikkje spesielt for akkurat deira årskull, det er ikkje eit teikn på at det aldri har vore så gale som det er nå.

Det er meir sånn at heller ikkje nå har vi klart å få slutt på handlingar som kan skada andre. Heller ikkje nå har vi klart å førebyggja det. Også i denne generasjonen skal nokre måtta oppleva det. Det er eit folkehelseproblem. Det har det vore i fleire generasjonar. Og når det kjem til uønskte seksuelle handlingar, er kløfta mellom gutar og jenter framleis djup og rispande. Det er eit samfunnsproblem. Og det hjelper ikkje at vi vrir oss overraska og forferda på stolen kvar gong tala kjem fram, og vender blikket ein annan veg. Det er berre det enklaste.

Publisert: