Har pandemien svekka rettsstaten?

GJESTEKOMMENTAR: Demokratiet i Noreg har vorte alvorleg svekka på grunn av pandemien, hevdar sentrale juristar. Har dei mista gangsynet?

Professor i rettsvitskap, Hans Petter Graver og andre juridiske ekspertar er kritiske til korleis det norske demokratiet har handtert koronakrisa. Svein Erik Tuastad er ikkje sikker på om tida er inne for slike klagesongar.
  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

I fleire avisinnlegg påstår deler av vår fremste juridiske ekspertise at pandemien har ført til ei klar svekking av rettsstaten og den demokratiske kontrollen. Dei fryktar det vil vare ved. Men kan ein kvar avgjerdsprosess vere like omstendeleg under pandemien som før og etter pandemien?

«Kan true demokratiet»

La oss ta det i ro og orden. Professor i rettsvitskap, Hans Petter Graver, gav nyleg ut boka Pandemi og unntakstilstand, ei bok som er kritisk til korleis det norske demokratiet har handtert koronakrisa. Det heiter til dømes at lovframlegget om Korona-lov i mars 2020 synte at sentrale garantiar til vern av demokrati og rettsstat vart tilsidesett på grunn av effektivitetsomsyn. Han påstår vidare: «Våre grunnleggjande institusjonar var plutseleg ikkje så stabile som mange trudde» (s. 94).
Graver er også med på dei andre innlegga som her vert omtalt. Den andre veka no i desember hadde fem ekspertar i rettsvitskap eit innlegg i Morgenbladet der dei åtvara om at demokratiet og rettsstaten i Noreg er svekka. Deira viktigaste ankepunkt var at. «grunnleggjande prinsipp om openheit, folkestyre og politisk kontroll presses stadig lenger utover sidelinjen».

Dette var på same tida som omikron-varianten eksploderte i Noreg og andre land. Det førte til drastiske innstrammingar i land som Danmark, Storbritannia og Noreg. Nederland har stengt ned samfunnet. I Aftenposten den same veka hadde Graver, no på lag med mellom anna legar, på ny ein kronikk med same hovudbodskap. Dei meinte at vurderingane av «forholdsmessighet» då regjeringa stramma inn igjen (kor naudsynte tiltaka var gitt alvoret), var for lite grundige og presise. «Det kan true rettsstaten og demokratiet», hevda dei.
Kor rimelege er desse påstandane?

Hovudforteljinga må korrigerast

Eg meiner at den juridiske ekspertisen sin versjon av korleis det norske demokratiet har handtert pandemikrisa, ikkje bør bli ståande. Eit sentralt ankepunkt for juristane gjeld at det har vore ei utvikling i retning av «mindre openheit og innsyn». Kjernen her dreier seg om å få godt innsyn i grunnane som taler for og mot avgjerder. Om vi ser tilbake, står tidlegare helseminister Bent Høie att som symbol på politikkhandteringa. Høie la for dagen ein nærast sjølvutslettande vilje til å stille opp og gje grunnar. Om han var på hytta, på flyplassen, på ein liten fjelltur eller utanfor arbeidsplassen eller bustaden sin, prøvde han å svare. Den same innstillinga la leiarane i helseforvaltninga for dagen – Camilla Stoltenberg og Line Vold hjå Folkehelseinstituttet; Espen Nakstad og Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet. Hovudbiletet under pandemien er ikkje at styremaktene held korta for tett til brystet.

Den overordna politikken med detaljane om kontrollfunksjonane til Stortinget, får Stortinget på bordet når saka kjem opp i vår – då kan eventuelle manglar rettast opp.

Svekka rettsstat?

Jusekspertane sitt dystre bilete av situasjonen for rettsstaten harmonerer vidare dårleg med slik menneskerettsutviklinga har vore i Noreg dei siste tiåra. For nokre år sidan konkluderte den andre Maktutgreiinga med at den sterke og aukande rettsleggjeringa i politikken nærast var eit problem: Folk har fått så mange rettar at det kan gå ut over høvet til å finne gode politiske løysingar, hevda samfunnsforskarane.

Etter dette har menneskerettsvernet skote ytterlegare fart, til dømes med innlemminga av menneskerettar i grunnlova i 2014. Ta til dømes barne- og familiepolitikken. Berre dei siste par åra har barnerettskonvensjonen ført til at medverknadsretten for barn i barnevernet i mykje større grad vert praktisert etter intensjonen. Og dommane mot Noreg i Den europeiske menneskerettsdomstolen har styrka menneskerettsvernet av familien.

Rettsleggjeringa berre på dette eine feltet åleine illustrerer ein breiare trend som har resultert i styrkt rettsvern for norske borgarar.

Rett balanse

Dei ulike pandemi-forskriftene er i hovudsak basert på smittevernlova som nettopp er meint å sikre rettstilstanden i ein situasjon som den vi er i no. Lova og forskriftene baserte på den, har stått seg godt, vil eg hevde. Det same gjeld verkemåten til det demokratiske systemet under pandemien.
Demokratiske og rettsstatlege verdiar er grunnleggjande, men dei må balanserast mot kvarandre og mot effektivitetsomsyn. Under ein pandemi må og bør balansepunktet flyttast mot handlekraft, utan at rettsstat og demokrativerdiane vert overkøyrde, men slik at balansepunktet vert midlertidig justert. Dette er naudsynt for å kunne handtere krisa godt. Då vil til dømes lengre høyringsfristar eller å lage lover i staden for forskrifter, stundom måtte vike plassen når situasjonen krev det. Viruset bryr seg ikkje om høyringsfristar.

Det er ikkje nokon grunn til syngje klagesongar over det norske demokratiet. Når alt kjem til alt, kan fasiten bli at demokratiet stod seg godt under koronapandemien.
  • Tidlegare gjestekommentarar av Svein Erik Tuastad og artiklar om han
  • Samleside for gjestekommentarar

Les også

  1. Severin Suveren møter EU

  2. Mellom barken og Vedum – fiasko for Støre?

  3. Kvar er Mímir-effekten?

Publisert:
  1. Koronaviruset
  2. Demokrati
  3. Svein Erik Tuastad
  4. Folkehelseinstituttet

Mest lest akkurat nå

  1. Testet positivt? Dette gjør du

  2. Konen var skeptisk da de ringte fra «Mesternes mester»: – Hun hadde aldri sett meg grine før

  3. Folk for­tjener bedre og sanne svar fra en olje- og energi­minister midt i en strøm­krise

  4. Har du lagt merke til er at kampropet «ubuntu» er borte. Hva skjedde?

  5. Stavanger-investorer sprøyter penger inn i e-sport-satsing - vil ikke røpe beløpet

  6. Enige om krisepakke for strøm og koronatiltak