Klaus Mohn: Takhøgd og tillit er nøkkelen for at UiS skal lykkast

GJESTEKOMMENTAR: Utan eit særs godt arbeidsmiljø kan ein ikkje utvikle eit særs godt universitet.

Publisert: Publisert:

I sin første gjestekommentar etter at han har overteke som UiS-rektor, held Klaus Mohn fast ved sine store ambisjoner for universitetet. Foto: Pål Christensen

  • Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Akademisk fridom, kultur for kvalitet og eit framifrå arbeidsmiljø er naudsynt for å lykkast i å bygge eit framifrå universitet.

Oppstarten etter sommarferien har sikkert vore tøff for mange. For meg har sjokket likevel vore større enn normalt. Ei opplagt forklaring er at eg er i ny jobb. Overgangen til ny stilling som øvste leiar av Universitetet i Stavanger (UiS) inneber ei drastisk endring av arbeidsdagen, frå fagleg fridom og stor fleksibilitet til faste møtestrukturar og nådelaus merksemd. Men trass i at hausten står for døra, så ser eg lyst på tida som kjem.

Med eit godt utgangspunkt har UiS nemleg potensial til å bli enno betre – i det aller meste me driv med. Betre på forsking, betre på undervisning og betre på innovasjon og samspel med omverda. Ei sak er å kartlegge posisjon og tiltak som kan ta oss i rett retning. Men UiS er ikkje som eit kva som helst føretak. «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente» er eit samfunnsoppdrag som går vidare enn å skape direkte nytte gjennom opplæring og økonomiske verdiar gjennom anvendt forsking.

Kva er det med universiteta?

Difor er det meir interessant å reflektere over kva som skal være den grunnleggande rolla for universitetet i samfunnet. Vårt privilegium er å søkje forklaringar på verda slik ho er, ikkje slik me blir fortalt at ho er, og heller ikkje slik ho ser ut til å være.

Universiteta bør slå kringvern om den kritiske refleksjonen og demme opp mot ei utvikling der spørsmåla dovnar bort, tankekrafta svinn og samfunnet blir avstumpa og noment. Med stor takhøgd og til beste for samfunnet skal UiS tilby kunnskap gjennom undervisning og forsking, ideelt sett utan bindingar og fordommar av noko slag.

Nelson Mandela peika i si tid på at utdanning har potensial til å forandre verda. Det same gjeld forsking, vil eg gjerne legge til. Kunnskap gjev makt. Makt til å endre. Og potensial til å påverke kan kome godt med i tider som desse.

Store samfunnsutfordringar

Rett nok er det mykje som går framover, og mange har fått det vesentleg betre dei siste tiåra. Men samstundes har dei gode tidene gagna rike meir enn fattige. Auka ulikskap har skapt politiske spenningar, og auka risikoen for politisk uro. Den materielle framgangen har i tillegg auka presset mot naturen, og verda er i dag på veg mot 3–4 graders oppvarming.

Feiringa av sigeren for forsking og utdanning bør dermed kanskje vente, etter som verda fortsatt ikkje er heilt på rett kurs. Universiteta må bli enno meir lydhøyre for utviklinga i samfunnet rundt oss, i stor og smått. Målet må være at forsyninga av ny kunnskap skal hjelpe til med å løyse relevante utfordringar i samfunnet rundt oss. Ved UiS skal me legge øyret til bakken, fange utviklinga tidleg og tilpasse utdanning og forsking deretter.

Fridom og arbeidsro

Ei vellykka vidare utvikling av UiS føreset at me kan stå fram som ein attraktiv stad å studere, og ikkje minst som ein attraktiv arbeidsplass. Eit overordna mål for leiinga er å bygge ein kultur for kvalitet.

Kva for eigenskaper er det så ved organisasjonen og arbeidsmiljøet som best kan fremme ei slik utvikling? Her står retten for studentar og forskarar til fritt å gje uttrykk for faglege synspunkt heilt sentralt. Tilsette ved universitet skal ikkje få sanksjonar for formidling og deltaking i det offentlege ordskiftet. Akademisk fridom er ein essensiell føresetnad for fordomsfri og ubunden produksjon av kunnskap. Desto meir urovekkande er det når slike verdiar blir sett under press.

Prinsippet om akademisk fridom vil i sin tur sette preg på organisasjonskulturen ved universiteta. Konstruktiv kritikk står elles sterkt i omgangen mellom forskarar. Forskingsarbeid blir presentert for kollegaer og fagfeller, som grev, spør og utfordrar for å teste kvaliteten i arbeidet som er lagt ned og resultata som kjem fram. Både tilsette og studentar ved universiteta våre blir oppmoda til både å gje og tole ein god dose konstruktiv kritikk.

Målet vårt er elles at studentane ikkje berre skal få del i ny kunnskap, men at dei ideelt sett skal delta i prosessane som skapar den nye kunnskapen. Slik vil studentane få ei meir aktiv rolle i den akademiske fellesskapen.

For å lykkast med det ein sett seg føre er det vidare viktig at ein har det bra med det ein held på med. Med høge krav til konsentrasjon er det spesielt viktig med rammevilkår som gjer at ein kan roe seg og samle seg om det ein har å utrette. At ein kjenner at ein høyrer til og trivast. Eit godt læringsmiljø er like viktig for studentane som arbeidsmiljøet er for dei tilsette.

Samspel og samarbeid

For at trivselen skal være god er det avgjerande at studentane våre engasjerer seg – i miljøet rundt sitt eige studieprogram, i organisasjonar og ikkje minst overfor verda rundt universitetet. Aktiv deltaking vil styrke samhaldet, betre studiemiljøet, legge til rette for betre samarbeid og gje betre resultat – for den enkelte student og for UiS i stort. Ved UiS legg me til rette for involvering og medverknad, og me ser fram til ei vidareutvikling i tett samspel mellom studentane og leiinga.

Utan akademisk fridom, kultur for kvalitet og eit framifrå arbeidsmiljø kan me ikkje lykkast i å bygge eit framifrå universitet. Berre slik kan me sikre at alle studentar og alle tilsette skal gle seg til å dra på jobb, og kjenne seg stolte over innsatsen dei gjer. Berre slik kan me trekke til oss dei beste studentane, dei beste til akademiske stillingar og dei beste administrative tilsette. Berre slik kan me sikre at det er stas å kome til UiS, og ikkje minst at det blir stas å være her.

Twitter: @Mohnitor

Les også

18 universitetsansatte sier de har blitt voldtatt på jobb


Les også

Høytidelig seremoni på UiS da en rektor takket av og en tiltrådte

Les også

Klaus Mohns tale ved rektorseremonien

Les også

Nortura-sjef ny styreleder ved UiS


Les også

UiS for refs for nynorsk-svikt. Men ingen straff for lovvbruddet

Les også

Nybø til univer­site­tene om nynorsk: – Nå er det skjer­pings

Les også

Mikkjell Lønning: «No er det på tide at UiS skjerpar seg»


Les også

Fuktig semesterstart på UiS


Publisert:

Les også

  1. Problembarna: – Forskningen er evalueringer gjort av de samme fagmiljøene som utvikler konseptene

Mest lest akkurat nå

  1. Haaland hyller sitt store idol: – Det er vilt. Den mannen er ikke normal

  2. 65 færre ansatte i skolen: – Vi er alvorlig bekymret

  3. Thorbjørn Lea ble korona­smittet i mars. Slik preges han av sykdommen åtte måneder senere

  4. Siste vrak er hentet ut av P-huset på Sola

  5. Rolf Kristian Larsen med hovedrolle i filmen om alle norske katastrofers mor: «Nordsjøen»

  6. Kvinne (57) dømt for falsk voldtektsanklage mot sin egen nevø

  1. Klaus Mohn
  2. Gjestekommentar
  3. Universitetet i Stavanger