Nådelaust maktmisbruk

KOMMENTAR: Eg trudde vi hadde ein rettsstat som sette menneskeverdet høgt. Det har vi ikkje.

Publisert: Publisert:

Korleis kan det skje at så mange mektige så unisont mister gangsynet totalt? Her ved Nav-direktør Sigrun Vågeng. Foto: Terje Pedersen

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør

Aktor, statsadvokat Svein Holden handhelser på tiltalte Anders Behring Breivik på første dag av rettssaka i april 2012. I utlandet var dette oppsiktsvekkande. Foto: Heiko Junge, Scanpix

Hugsar du bileta frå rettssaka mot massemordaren Anders Behring Breivik? Der aktoratet, bistandsadvokater og psykiatrisk sakkyndige handhelsar på han? Det gjorde meg stolt, oppi alt det forferdelege. Stolt over rettsstaten vår, sikker på at den står i fremste rekke blant ordningane som gjer Norge til eit av verdas mest likestilte land. Der alle skal behandlast skikkeleg.

Les også

Mer enn bare et håndtrykk

Mektige nikkedokker

Men nå? Minst 36 menneske har måtta sona i fengsel for trygdesvindel utan å ha gjort noko gale. Over 2000 kan ha fått feilaktige krav om tilbakebetalingar. Nav har lagt til grunn at ein ikkje utan vidare kan ta med seg norske trygdeytingar ut av landet, og dratt folk for retten eller send dei tilbakebetalingskrav viss så har skjedd.

Men Nav har tatt feil. I årevis har dei tolka EØS-reglane feil. Heile poenget med reglane for fri flyt av arbeidskraft mellom landa er at ein skal behandlast likt.

Det er ille nok at Nav har tatt feil. Det er rystande ille. Men at påtalemakta, politi, dommarar og advokatar i mange norske rettssalar blindt har tatt Nav si tolking av lovverket for god fisk, er sjokkerande. Det er sjokkerande at dei ikkje i utgangspunktet kjenner til korleis lovar står i forhold til kvarandre når EU og EØS er inne i bildet. Og det er sjokkerande at dei ikkje har funne det bryet verdt å sjekka det, nettopp fordi dei som står tiltalte er sårbare enkeltmenneske. Det er folk som er sjuke og har vore det lenge, folk som har blitt utsett for ulykker og er skada, folk som har alvorleg sjuke barn. Maktforholdet mellom enkeltmenneska og Nav er himmelropande skeivt.

Dei som utgjer rettsvesenet vårt skal vera klar over slikt. Sørgja for at ikkje maktforholdet mellom partane blir avgjerande for utfallet. Men det er nettopp det dei har gjort. Dei har gjort seg til nikkedokker for den mektigaste parten.

Les også

Elden om NAV-skandalen: – Loven burde vært endret i 2012

Open kunnskap

Hugsar du Brochmann-utvalet, då? Professor Grete Brochmann har leia to offentlege utreiingar det siste tiåret. Den første kom i 2011, og blei mest kjend som rapporten som endeleg gjorde det stovereint å koma med ein innvandringsrekneskap. Utvalet brukte mykje tid på å sjå på såkalla trygdeeksport – kunne ein unngå at trygdeytingar forsvann ut av landet? Svaret dei fekk frå ekspertise på EU-rett var eintydig: Retten til likebehandling, uansett kor du er i den indre marknaden, står sterkt. Retten til å eksportera trygdeytingar er eit kjernepunkt i EØS-avtalen, og det nasjonale handlingsrommet er nært null.

Det politiske Norge engasjerte seg sterkt i rapporten. I 2012 tok Frp-leiar Siv Jensen til orde for å endra EØS-reglane for å hindra eksport av kontantstøtte og andre ytingar. Brochmann gjekk ut og åtvara – det går ikkje, likebehandlingsprinsippet står sterkt. Stoltenberg II-regjeringa, som då sat med makta, sjekka også om det fanst opningar for å endra dette, men såg fort at det ikkje gjekk. Den første Solberg-regjeringa omtala også ønske om å setja grenser for trygdeeksport i Sundvolden-plattformen frå 2013. Det politiske Norge har altså god kunnskap om dette.

Sidan 2012 har EUs trygdereglar vore gjeldande i Norge. Sidan 2012 har Nav tolka dei feil. Det verkar nidkjært, nådelaust og navlenærsynt. Sjølv når ein legg til at det stadig finst folk som prøver å snylta til seg trygdeytingar dei ikkje har krav på, og at ein sjølvsagt må stansa dei.

Les også

Nav-ofre kan kreve millioner i erstatning

Blinde og døve

Politikarar, mektige byråkratar og dommarar har alle vore blinde og døve for at ingenting tilseier at ein kunne tolka regelverket slik. Sjølv om kunnskapen om det låg oppe i dagen. Å krevja at alle som jobbar på feltet og dermed har makt over menneskes kvardag, veit kva lovverket seier og kva lovar som gjeld, er latterleg lite å be om.

I 2017 gjorde i tillegg norsk trygderett Nav merksame på dette, i den eine saka etter den andre. Likevel kom det fleire dommar. Likevel fortsette det i to år til.

Mange av dei som blei tiltalte, eller som berre fekk krav i posten om store tilbakebetalingar, har ikkje hatt råd til å hyra seg ein advokat. Og i møte med svære maktapparat som Nav, kan kven som helst kjenna seg for liten til å prøva å heva stemma.

Korleis kan det skje at så mange mektige så unisont mister gangsynet totalt? Og det i saker som til dei grader gjeld enkeltmenneske?

Det kan rett og slett ikkje forklarast som systemsvikt. Kunnskapen var lett tilgjengeleg, dei som burde kjenna til den, mange.

Frisk, sterk og verdig?

Skuldast det ideologi? Haldningar om at norske statsborgarar fortener sine rettar meir enn utanlandske, sjølv om dei siste har opparbeidd seg desse rettane på same måten? Eller ei ganske frekk, politisk haldning til at jo, vi vil gjerne ha fordelane med EØS, men krev samtidig å få reservera oss mot det som kostar? Prøver ein å albua seg til større handlingsrom enn ein eigentleg har rett til, og snur ryggen til enkeltmenneska som må betala dyrt for det?

Eller lever haldningar der mistanken mot den som er på trygd rår, langt inn i rettsstaten? Gjeld ikkje prinsippet om at ein er uskuldig inntil det motsette er bevist viss ein er trygdemottakar? Er ein så ridd av mistenkeleggjering at ein ikkje klarer ta vare på rettsvernet til dei sjuke og svake blant oss, men i staden tar verdigheit, livsmot og truverd frå dei? Kastar dei i fengsel?

Slike diskusjonar må vi ta.

For dei tyngste maktinstitusjonane vi har, politikarar, Nav-byråkratar og Gud hjelpe meg også rettsvesenet, har det siste tiåret konsekvent, taktfast og blindt meisla ut eit skilje mellom verdige og uverdige blant oss. Mellom oss som bidrar og dei som tar imot, mellom oss som er norske og dei som ikkje er det, mellom oss som skal forsvarast og dei som skal avslørast. Sterke, friske og norske på den eine sida. Svake, sjuke og utanlandske på den andre.

Det er til å mista nattesøvnen av.

Publisert:

Les også

  1. For kvar tale eg les, blir avstanden til 22.juli større. Var det for store ord for oss?

  2. – Regjeringa seier dei vil styrka fag som musikk og kunst og handverk. Men dei vågar lite for å få det til.

  3. – Det der blei vel litt pompøst, Trine Skei Grande

  1. Nav
  2. EØS
  3. Trygd