Kommentar: Bompengepartiet fyk inn i Klepp og gir Braut Nese store utfordringar

Kommentar: Ane Mari Braut Nese har hatt god bør fram mot sin tredje periode som ordførar og er framleis favoritt, men bompengesaka rystar lokalpolitikken i Klepp.

Publisert: Publisert:

Jan Stokka fra Klepp var en av mange bom-aksjonister som markerte sitt syn i forkant av det ekstraordinære kommunestyremøtet i Klepp i slutten av mai. Foto: Fredrik Refvem

  • Egil Ø Nærland
    Journalist

Ei ny meiningsmåling Respons Analyse har gjort for Aftenbladet, viser at Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, FNB, går frå null ved målinga i mars til tre representanter i kommunestyret.

Den same målinga viser at Frp i motsetnad til i Sandnes og Stavanger, der FNB også byksar fram, held koken i Klepp.

Arne Madland & co. kjem inn med seks som i dag, i sum får FNB og Frp 9 av 31 i kommunestyret viss målinga slår til på valdagen 9. september.

Om dei får makt, er ei heilt anna sak.

Resultatet er uansett oppsiktsvekkande, og syner at motstanden mot bompengar er større og meir standhaftig i Klepp enn i nabokommunen Time.

Les også

Får hun fire nye med dette kjedet?

Les også

Timeordføraren har grunn til å skjelva i buksene, men ein ukjent kompliserer valet

Tøffare for Braut Nese enn for Kverneland

Ordførarane Ane Mari Braut Nese og Reinert Kverneland fronta begge det dei meinte var ein heilt naudsynt bomring for å få bygga nye vegar, sikra mjuke trafikantar og fremja kollektivbruk.

Kverneland fekk ingen tilbakeslag av den grunn, tvert om. I Time måtte Frp li, den tydelegaste motstandaren av bompengar, viste meiningsmålinga Aftenbladet presenterte måndag og tysdag.

Verre då for Braut Nese og Høgre i Klepp. Etter ein liten nedgang frå valet i 2015 til Aftenbladet si måling i mars, er utslaget langt større nå.

Høgre går tilbake 4,6 prosentpoeng samanlikna med valet for fire år sidan. Det høyrer med at Høgre også den gongen gjekk tilbake samanlikna med valet i 2011.

Nedgangen nå medfører tap av eitt mandat i kommunestyret, frå ni til åtte.

Kraftig tilbakegang for KrF

Når samarbeidspartnar KrF får smaka same medisin med endå sterkare dose, ryk fleirtalet for konstellasjonen som styrer. KrF går frå 15,5 prosent i 2015 til 10,3 prosent nå og taper to mandat. Det gjer Torbjørn Hovlands verv som varaordførar er svært utsett.

Det hjelper ikkje at Senterpartiet held stand.

I sum har H, KrF og Sp 18 av 31 i kommunestyret, eit fleirtal som er redusert til 15 og mindretal i dag.

Det høyrer med at Senterpartiet, som hadde fem på målinga vår i mars, er nær ved å ta eitt mandat frå SV, som akkurat nå er inne med to og gjer solid comeback etter at partiet ikkje stilte liste i 2015.

Les også

Nå kjører de mot bompenger og rett inn i rådhuset

SV svekkar Ap

Med SV i framgang kunne ein venta at den sosialistiske sida styrka seg. Feil, for Ap taper nesten like mykje som SV vinn, går fra 16,2 prosent ved valet i 2015, via 13,3 prosent i mars til 12,1 prosent nå.

Eitt mandat tapt, fra fem til fire, gir ikkje gode kort på handa.

Madland sit med jokeren

Veteranen Arne Madland og Frp sit med jokeren.

Dersom det er eit sterkt ynskje å skvisa Høgre etter fem strake periodar med ordføraren (tre ved Elfin Lea og to ved Ane Marie Braut Nese), kan Frp skapa fleirtal saman med Sp og Ap og truleg FNB.

Meiningsmålinga viser at konstellasjonen får 17 av 31 i kommunestyret.

Madland og Frp har gode kort på handa også i eit samarbeid med Høgre, slik det var i perioden 2011–2015.

Usikre unge

Opsjonane er mange, og konstellasjonane usikre. Feilmarginane i målingane ligg mellom 2,5 og 4,5 prosent for dei største partia, det kan slå ut, og som i Time er ei stor gruppe i spel: Dei som ikkje har bestemt seg.

Ungdommen står klar for den som appellerer og presenterer best og mest truverdig. Heile 41 prosent av dei under 30 år har ikkje bestemt seg.

Publisert:

Les også

  1. Bom-parti kjører rett inn i rådhuset

  2. Jærens einaste kvinnelege ordførar er trygg om ikkje noen tar «ein Wirak»

  1. Reinert Kverneland
  2. Kommentar
  3. Meningsmålinger
  4. Klepp
  5. Time