Tida er omsider inne for ei kvinne som utanriksminister

KABAL: Børge Brende har vore ein populær utanriksminister for Høgre. Etterfølgjaren vert truleg ei kvinne. Den beste kandidaten synest heilt opplagt.

Utanriksminister Børge Brende (H) og statsminister Erna Solberg (H) møtte pressa fredag klokka 12 og stadfesta at Brende går ut av regjeringa i oktober.
  • Jarle Natland
    Jarle Natland
    journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Børge Brende går tilbake til ein internasjonal toppjobb, no som president i World Economic Forum.

Om den entusiastiske og kunnskapsrike trønderen er det sagt at han kunne hatt alle moglege statsråd-postar, men han har aldri lagt skjul på at han er meir interessert i verda der ute enn i å bygga vegar her heime.

Les også

Utenriksminister Brende (H) blir president i World Economic Forum

Les også

Brende: Norge fordømmer Nord-Koreas atomprøvesprengning

Les også

Det haster for befolkningen i Venezuela

Alt tysdag denne veka vart det kjent via Adresseavisa at Brende vurderer å hoppa av etter valet. Fredag kom den offisielle stadfestinga.

Samlande figur

Utanriksminister-posten er den mest upolitiske stillinga me finn i regjeringa. Norske utanriksministrar har ofte vore populære, samlande figurar med større vekt på diplomatiske evner enn på tradisjonell partipolitikk og skarp retorikk. Thorvald Stoltenberg (Ap) er eit framifrå og raust eksempel i så måte.

I nyare tid har me vel knapt hatt betre utanriksminister enn Jonas Gahr Støre (Ap), men han vart sett på som helseminister for å bryna seg på meir heimslege utfordringar.

Den første utanriksministeren vår heitte Jørgen Løvland (V) og hadde posten frå 1905 til 1908. Lista over etterfølgjarane er lang. Alle har vore menn. Eit trygt tips er at vår nye utanriksminister vert ei kvinne, den siste kjønnsbastionen som vert erobra ved Kongens bord.

Solberg har bedt Brende sitja til etter trontalen i oktober. Sjølv understrekar Solberg at me i pressa kan spekulera alt me vil dei neste fire vekene, men at berre ein person veit svaret – og sjølv har ho ikkje bestemt seg ennå.

Sikkert tips

Nokre opplagte tips kan me likevel gje henne.

Fremst mellom dei er noverande forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide (H).

Ine Marie Eriksen på talerstolen på Høyre-landsmøte.
Les også

Søreide i ilden om hemmelighold igjen

Les også

Søreide beordrer stans i endringen av HV-styrken

Les også

HV trekker tilbake oppsigelser

Ho går inn i sin fjerde periode på Stortinget, og har gjort ein solid jobb i noverande post. Søreide er trygg og populær i partiet, og truleg klar for nye utfordringar etter at langtidsplanen er i hamn. Ho vil ikkje bli første forsvarsminister som går til å bli utanriksminister, me nemner Espen Barth Eide (Ap).

Ein annan, mindre mogleg Høgrekandidat som utanriksminister kan vera noverande næringsminister Monica Mæland. Vidar Helgesen (H), noverande klima- og miljøminister, har vore relativt usynleg også på denne posten. Men han har diplomatisk bakgrunn og er tidlegare EU-minister.

Å finna ny utanriksminister opnar for at Solberg kan skifta om på fleire postar i regjering. Etter alt å døma vil Høgre heilt opplagt ønska å halda på utanriksministerposten sjølv, av omsyn til å ha stø kurs på utanriks i ei utrygg verd. Frp vil neppe heller ha interesse av denne ministerposten.

Ingen veljarmagnet

Nokon veljarmagnet har utanriksminister aldri fungert som.

Dersom nokon frå Frp skulle ha vore aktuelle måtte det ha vore partileiar og noverande finansminister Siv Jensen sjølv, men det vil vera krevjande å skulle kombinera leiarvervet med mykje reiser utanlands. Av andre i Frp som Høgre kunne ha tenkt seg å tilby posten, ser eg berre for meg Ketil Solvik-Olsen. Men å ta han ut som hyperaktiv samferdselsminister for å senda han utanlands vil knapt vera eit sjakktrekk før neste val.

Høgst sannsynleg vil Venstre gå inn i regjering denne hausten. Posten som utanriksminister kunne ha gått til Trine Skei Grande som har vore i utanriks- og forsvarskomiteen sist periode. Men med Venstre i posisjon er Grande ein sjølvsagt kunnskapsminister.

Publisert:
  1. Børge Brende
  2. Ine Marie Eriksen Søreide
  3. Siv Jensen
  4. Ketil Solvik-Olsen
  5. Trine Skei Grande

Mest lest akkurat nå

  1. Vil gi billig strøm til 2000 hytter

  2. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  3. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  4. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv

  5. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  6. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største