La regjeringsforhandlingane bli til ein klima-auksjon!

GJESTEKOMMENTAR: KrF bør gjere regjeringsforhandlingane seinare i haust til ein klima-auksjon, uansett om dei vel å gå til høgre eller venstre. Slik kan dei sette varige spor etter seg, og sørge for at Noreg tek vår tids største utfordring meir på alvor: Klimaendringane.

«KrF har ein stolt tradisjon som miljøparti. Partiet har eit godt program, har hatt miljøvernministeren og har eit sterkt engasjement. Hent det fram!» skriv Bård Vegar Solhjell. Fra venstre nestleiar Olaug Bollestad, partileiar Knut Arild Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

  • Bård Vegar Solhjell
    Bård Vegar Solhjell
    Generalsekretær, WWF Verdens Naturfond
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Dette trudde eg aldri skulle skje: At eg – Bård Vegar Solhjell, fødd i Kristiansand i det Herrens år 1971 – sat klistra til NRK si direktesending frå Rogaland KrF sitt fylkesårsmøte, med Aftenbladet si rapportering oppe på iPaden ved sida av.

– Det er nesten som det er utløyst nyval på regjering i landet, der berre KrF får stemma, sa fylkesleiaren då ho opna møtet.

Og sanneleg, Kristeleg Folkeparti er blitt nøkkelpartiet i norsk politikk i haust. Om ei knapp veke skal eit ekstraordinært landsmøte tre saman og velje regjeringssamarbeid mot høgre eller sentrum/venstre, eventuelt å halde fram i opposisjon.

Det er ikkje ofte eit lite parti har ein slik posisjon. Den 3. november, dagen etter landsmøtet, kan KrF gå inn i sonderingar om å endre norsk politikk, – med sterke kort på handa. Til venstre, fordi ei heilt ny regjering skal skipast. Eller til høgre, fordi den sitjande regjeringa vil strekke seg langt for å få dei med.

Eg har ein bodskap til KrF: La det bli ein prosess der det viktigaste i verda dominerer!

Politikken i dag gjev minst 2 gradar

Den nye spesialrapporten frå FNs klimapanel har gått gjennom leiande forsking på korleis verda kan nå målet i Paris-avtalen om å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar. Og kva som blir konsekvensane viss vi ikkje klarer det og endar på 2 gradar eller meir.

Rapporten er ikkje lystig lesing, men den viktigaste bodskapen er utan tvil oppløftande: Vi kan faktisk klare å helde oss på 1,5 gradar! Ikkje minst: Det vil gje oss heilt enorme fordelar om vi får det til, både sosialt og økonomisk – og dermed òg politisk. Ingen seier at det blir enkelt, men det er mogleg. Da må det endring til. Politikken vi styrer etter i dag vil gje ei oppvarming på langt over 2 gradar. Klarer vi å snu, kan vi unngå ekstreme problem for økonomien, millionar av menneske kan sleppe unna fattigdom og klimarisiko, vi kan redde korallrev – det finst ufattelege fordelar ved å leggje om kursen.

Vi når ikkje Noreg sine klimamål for 2020. Det store målet blir no 2030, og innan den tid kan vi heldigvis gjere enormt mykje. FNs klimapanel er klare: Utsleppa må bli halverte kvart tiande år. Diverre legg det norske statsbudsjettet berre opp til å kutte om lag 13 prosent fram mot 2030. Det er nesten ikkje til å tru at regjeringa i 2018, med den kunnskapen vi no har om klimaendringane og med ein slik sumar som ligg bak oss, slår seg til ro med ein så himmelropande stor avstand mellom det som er naudsynt å gjere og kva dei planlegg å gjennomføre.

Les også

Ny rapport fra FNs klimapanel: Innen 2030 må klimautslippene halveres

Les også

Aftenbladet mener: «Dramatisk rapport om klimautslipp»

Ein klimaauksjon utan utropspris

Så by opp til auksjon, KrF! Det skal ikkje vere nokon utropspris, for no står det så mykje på spill for både menneske, natur og miljø at berre sterk satsing gjeld. Vinnaren må verte den som er villig til å seie ja til mest – som slår til kvar gong det byr seg ein sjanse til å kutte utslipp. Som innser at det hastar, og at vi må gjere meir av alt på alle frontar. Ingen bør ha regjeringsmakt om dei ikkje er villig til å ta dette på alvor. Start med å utfordre: Kor mykje kan vi heve ambisjonsnivået for dei norske klimamåla?

Neste objekt i auksjonen: Olja. Om verda skal ha nokon som helst sjanse til å avgrense klimaendringane, kan vi ikkje fortsette med utvinning i same tempo som i dag. Alle uoppdaga, fossile ressursar må bli liggjande i bakken. Då er det naturlig å begynne med et varig nei til oljeboring i sårbare områder, som iskanten og Lofoten, Vesterålen og Senja.

Det må òg bli ein slutt på at staten tek all risiko og rekninga for ny oljeleiting. Sidan 2005 har Noreg utbetalt heile 97,7 milliardar kroner til oljeselskap som ikkje betalar skatt til staten. Slike summar må i staden bli brukt på verdiskaping som tar omsyn til klimautfordringane.

Omstilling av transport og meir skogvern

Auksjonarius går vidare: Kven vil for alvor ta tak i transportsektoren, som er største utslippskilde etter olja? Frå 1990 til 2016 auka utsleppa med 24 prosent. Vegtrafikken står for over halvparten, så vi må ta tak i tungtransporten, men vi treng òg omstilling av fly og nærskipflåten. Det inneber mellom anna behov for drivstoffløysingar som gjer det mogeleg å lagre og distribuere energi frå for eksempel vind og sol. Lagring av elektrisitet i batteri er ei løysing, men det kan òg vere at vi treng tilnærmingar som krev store infrastrukturtilpassingar, som bruk av hydrogen som energiberar.

Og så kjem vi ikkje utanom skogen. Fordi verda vil ikkje klare klimamåla utan å ta vare på dei naturlege karbonlagra. I det kalde boreale barskogbeltet i Skandinavia, Russland og Nord-Amerika finn vi det største karbonlageret i skog i verda. Det er eit lager vi ikkje har råd til å tømme. På same måte som vi bruker 3 milliardar kroner i året på å verne den viktige regnskogen, bør ei norsk regjering sette av 1 milliard kroner til vern av skog i Noreg og jobbe for liknande tiltak på tvers av Nordkalotten.

KrF har ein stolt tradisjon som miljøparti. Partiet har eit godt program, har hatt miljøvernministeren og har eit sterkt engasjement. Hent det fram!

Twitter: @bardvegar

Les også

Hilmar Rommetvedt, valgforsker: «KrF kan ende opp med et vedtak som flertallet synes er det dårligste, eller det nest dårligste»


Les også

Solveig G. Sandelson: «Eit simpelt blått fleirtal i Rogaland KrF»

Les også

– Rogaland KrF fulgte bare vanlige regler


Les også

  1. Sven Egil Omdal: «Knut Arild, merkesmann»

  2. Lars Kolbeinstveit, Civita: «Hareide tegner et meget misvisende bilde av høyresiden»

  3. Alex Fjeldavli, Agenda: «Det gode veivalget for KrF; hensynet til sperregrensen og vekstpotensial»

Publisert:
  1. Kristelig Folkeparti (KrF)
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Gjestekommentar
  4. Politikk
  5. Global oppvarming

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-ordføreren vil forlenge koronatiltak

  2. Europrisgründer og Jæren hotell-eier flytter til Norges nye «skatteparadis»

  3. «Det er på tide å skrote pakkekalenderen»

  4. Bil tok fyr under lading i Stavanger

  5. Dropper solcellene etter kommunens siste vedtak: – Panelene ligger i kjelleren og er til salgs

  6. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitektur­pris