August-barometer: Støre og Ap slit, men vinn likevel

BAROMETER: Arbeidarpartiet synest i fritt fall på meiningsmålingane. Kvifor er Jonas Gahr Støre likevel vår neste statsminister?

Publisert: Publisert:

Høgre og H-leiar Erna Solberg er større enn Ap på fleire meiningsmålingar i august. Men Jonas Gahr Støre (Ap) er enno mest truleg vår nye statsminister, skriv kommentator Jarle Natland. Foto: Rune Stoltz Bertinussen/ NTB scanpix

  • Jarle Natland
    journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Dette er dersom me skal tru på snittet av dei heile 21 nasjonale meiningsmålingane for august 2017.

Den såkalla borgarlege sida, det vil seia Nydalen-partia Høgre, Frp, Venstre og KrF, er nok ein månad i mindretal på Aftenbladets nasjonale barometer. Det har vore tilfelle heilt sidan i fjor haust.

Les også

Barometer juli 2017: MDG kan få sju på Tinget

Les også

Politisk barometer juni 2017: Taktskiftet frå Venstre kjem truleg for seint

Les også

April-barometer 2017: Raud-grøn-gult spelerom

Nytt av sommaren er at Ap ser ut til å ha råka i alvorleg trøbbel på oppløpssida. Det eine oppslaget etter det andre om såkalla krisemålingar for Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet kan sjølvsagt også ha ein sjølvforsterkande effekt.

Dei fleste i pressa kåra Jonas Gahr Støre som vinnar etter partileiardebatten i Arendal, denne veka gjorde mellom anna Aftenposten, VG og BT det same etter statsministerduellen i Tromsø. Kven som vinn er naturlegvis prega av kva briller du har på.

Problemet til Støre

Dersom eg tek av mine sterkt nærsynte nerde-briller, ville eg ha sagt at statsminister Erna Solberg (H) framstår som vital og offensiv, mens Ap-leiaren har nokre tydelege forklaringsproblem.

Best var han i åtaket på den påståtte integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp), men åtaket kjem lovleg seint og er tydeleg hemma av at me har eit breitt politisk forlik på asyl-, flyktning- og innvandringspolitikken her til lands. Nok ein gong vert det Rinkeby-retorikk, meir enn reell politikk, som fyrer opp debatten.

Viss Ap skulle enda med eit valresultat på til dømes 28 prosent, ville det ha vore det dårlegaste valet for ørna mellom partia sidan det definitive kriseåret 2001. Det var då Jens Stoltenberg rykka ut av regjeringskvartala og overlet plassen til Kjell Magne Bondevik (KrF) og Høgre, KrF og Venstre i fire år.

August-barometeret, basert på nasjonale målingar innhenta av den politiske nettstaden pollofpolls.no, viser at ein Ap-statsminister vil regjera på nåde frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Motgang for regjeringa

Kvifor er Jonas Gahr Støre likevel rimeleg sjølvsagt som ny statsminister? Det skuldast at Høgre også går attende, mens dei to borgarlege støttepartia KrF og Venstre er i motgang.

Framstegspartiet går også attende, men langt mindre enn kva me kunne ha venta etter fire år med regjeringsslitasje for eit urøynd maktparti. Snakkar me Listhaug-effekten?

Les også

Svenske myndigheter avviser at de ble advart om Listhaug-besøk

Les også

Norske tilstander i Rinkeby

Les også

Svensk minister avlyser Listhaug-møte: – Hun sprer misvisende informasjon

Miljøpartiet Dei Grøne og deira oljeultimatum er utestengd frå ei Ap-leia regjering, garanterer Støre. MDG meiner sjølv å vera såkalla blokk-uavhengig. Men som Dei Grønes topp-kandidat i Rogaland, Anna Kvam, understreka på skuledebatt i Bergelandshallen sist tysdag: Miljøpartiet Dei Grøne vil aldri støtta ei regjering med Framstegspartiet.

MDG på vippen?

Det blokkerer effektivt for eit borgarleg alternativ, under føresetnad av at MDG verkeleg greier sperregrensa på 4 prosent. Den same skuledebatten viste at MDG har like godt tak på ungdomen no som Frp har hatt ved tidlegare val.

Samstundes vil Ap og den opplagte regjeringspartnaren Senterpartiet ha eit stort og fritt spele- og maktrom mellom ansvarlege KrF og miljørevolusjonære MDG.

Venstre er nok ein gang under sperregrensa i august. No ser det ut som om det einaste som kan berga Venstre-leiar Trine Skei Grande er at folk på såkalla borgarleg eller ikkje-sosialistisk side tenker taktisk og stemmer Venstre for å berga eit borgarleg fleirtal. Diverre har Venstre-leiaren skapt så mykje uro rundt borgarleg fleirtal at det ikkje opplagt kjem så mange taktiske røyster hennar veg 11. september.

Gallup-vinnar i august er allereie mykje omtala MDG. Til dels også Raudt – som kan gå frå null til to mandat på Løvebakken.

Men heilt under radaren har også SV svinga seg opp. Audun Lysbakken og kompani er tryggare over sperregrensa enn til dømes KrF.

Bakgrunnstala frå dei fleste målingane i august viser at det ikkje er slik at høgre-veljarane skiftar til venstre eller omvendt. Ap misser røyster til både Raudt, SV og MDG. Kvifor? Ei forklaring er at det er eit ufatteleg krevjande prosjekt å skulle vera eit stort sosialdemokratisk parti som både er høgre- og venstre-orientert, der det er fort gjort ikkje heilt å sjå skilnaden på Støre og Solberg.

Taktisk stemming

Eg vil meina at gallupane viser at veljarane på venstresida vil ha meir venstredreiing på politikken. Så vil først valdagen visa om dei som til dømes no melder Raudt eller MDG, heller tenker taktisk og stemmer SV eller Ap.

Røynslene frå Brexit og valet av Donald Trump i USA viser at tendensen frå meiningsmålingane i siste veker kan tyda vel så mykje som snittet. No i sommar har Ap stupt påfallande mykje. Eg trur ikkje Jonas Gahr Støre er overtydd om at han er landets neste sjef.

PS: Med 11 dagar att vil eg tilrå nokre nettstadar for deg som er særleg interessert: pollofpolls.no for valnerdar, http://www.nsd.uib.no/ for deg som lurer særleg på skulevalet til veka, flertall.no og 169.no for deg som vil finrekna på statistikk og valutfall.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvadrat har sperret parkeringsplassen for natten

  2. Én ting fikk Mie (68) til å flytte til en ny by da hun ble pensjonist

  3. Tusenvis av tilskuere rammes. Dette sier Viking om sesongkort.

  4. Dette huset satte prisrekord i Sola

  5. Store protester mot forbud - nå kan FIS bli saksøkt

  6. – Jeg har vært interessert i planter så lenge jeg kan huske

  1. Stortingsvalg
  2. Jonas Gahr Støre
  3. Sylvi Listhaug
  4. Stortingsvalg 2017
  5. Politisk barometer