Barometer juli 2017: MDG kan få sju på Tinget
Snittet av nasjonale meiningsmålingar publisert i juli ville ha gitt Miljøpartiet Dei Grøne sju på Stortinget.
MDG-profilane Rasmus Hansson og Anna Kvam i fritt spel i Stavanger måndag. Foto: Pål Christensen
- Jarle Natlandjournalist
Det er ein tankevekkjar etter MDG-talsperson Rasmus Hanssons mykje omtala Rogalands-vitjing måndag, der han saman med Anna Kvam snakka om korleis olja konkret skal avviklast på 15 år.
No trur rett nok få, om nokon, at tilsvarande nasjonal braksuksess for Dei Grøne skal bli realitet sjølve valdagen 11. september i haust. Men langt frå alle trudde på MDG i posisjon i landets hovudstad heller – før lokalvalet 2015 var eit faktum.
Marerittet
For mange, ikkje minst her i oljetunge sørvest, er tanken på å få sjudobla MDG på Løvebakken eit mareritt på linje med å få Raudt på vippen i norsk olje- og gasspolitikk.
Samstundes er grunnlaget for julibarometeret spinkelt – sidan dei ordinære åtte til ni nasjonale meiningsmålingane var redusert til to i fellesferiemånaden i år. Infact for VG og Norfakta for Klassekampen og Nationen. Men Norstat-målinga publisert i Vårt Land rett før månadsskiftet (29. juni) viste eit MDG tett under sperregrensa (3,9 prosent).
I juli 2017 hadde MDG si desidert beste snittmåling nasjonalt sidan januar 2016. I januar i fjor var Paris-avtalen vedteken månaden før. Deler av verda var i klimamessig ekstase. Klimaspørsmålet hadde vore løfta i fleire månader. Sidan har Dei Grøne streva litt på norske målingar.
Rasmus Hansson: - Vi må begynne å slutte med oljen
Rødt og MDG på vippen i ny måling
Rogaland Sp satser på dobbelt så mange stemmer som ved forrige valg
Kva skuldast denne uventa framgangen for Hansson og dei i sommar?
Ei årsak kan vera at president Donald Trumps freistnad på avliving av Paris-avtalen, lenge varsla og endeleg bekrefta i sommar, gir uventa draghjelp til eit lite norsk parti. Trump er massivt upopulær her heime, MDG har tydeleg ei einaste, men stor sak på dagsorden. Samstundes har deler av landet eit uverkeleg fjernt tilhøve til olja og gassen som har gitt Norge velstand. Særleg no som landet etterkvart ser ut til å koma heilskinna frå oljeprisfallet.
Eit parti som meiner alvor
Ei anna årsak kan vera at MDG i posisjon i Oslo – med Lan Marie Nguyen Berg som høgst markant miljøbyråd – faktisk har vist at partiet meiner alvor og kan koma til å gjera ein forskjell. Det har engasjert mange, provosert mange.
I politikken som i livet elles kan det vera ein fordel å vera hata eller elska, meir enn den store likesæla. Sylvi Listhaug (Frp) er det beste eksempelet her heime for tida. Enten ho var minister for landbruk eller no snakkar innvandringspolitikk, så samlar ho både røyster og mishag i stort omfang.
Samstundes er MDG eit parti som ikkje har rukke å gå på akkord med eigen politikk.
Bakgrunnstala frå ei rekke målingar siste år viser at partia generelt slit med lojaliteten. Best ut kjem KrF, Sp og Frp. Manglande lojalitet kan peika mot låg mobilisering og valoppslutning.
Veljarane er trulause, også for MDGs del. Situasjonsbiletet dei neste vekene vil visa om Hansson, Anna Kvam og Lan Marie Nguyen Berg greier å halda trykket oppe gjennom innspurten.
Dersom me skulle ha brote ned julitala på fylka, og det er all grunn til å ta ei slik nedbryting korrigert mot 2013-valet med ei dobbel skei salt, ser me at MDG hadde kome inn med to representantar frå Oslo, ein frå Akershus og ein frå Hordaland. Rasmus Hanssons mannskap ville ha sikra seg utjamningsmandat i Vest-Agder, Sør-Trøndelag og Finnmark.
Bakgrunnstal frå tidlegare og grovt forenkla viser at MDG-veljarane flest bur i Oslo, til nauds i Bergen.
Raudgrønt fleirtal
Elles er julibarometeret til forveksling likt gallupbiletet slik det har sett ut i størstedelen av 2017, og slik det peikar førebels i august.
Nydalen-partia er i stort mindretal på Stortinget.
Mykje takka vera at det borgarlege støttepartiet Venstre er alvorleg ute å kjøra nok ein månad, mens regjeringspartia Høgre og Frp ligg ganske stabilt no som siste år. Målt mot 2013-valet er derimot begge dei blåaste partia på retur. Men langt mindre enn me kunne ha venta etter fire år med regjeringsslitasje og mindretalsregjering.
Venstre-leiar Trine Skei Grande har vore ute på riksturné med elbil for å berga seg sjølv og partiet. Men det er ikkje vanskeleg å spå at ho ligg syltynt an som partileiar i komande stortingsperiode dersom partiet går under 4 prosent ved valet, og Grande skal måtte leia ei partigruppe på to med seg sjølv og den frilynte og frimodige fritenkaren Abid Raja frå Akershus. Venstre-leiaren har langt ifrå overtydd folket om at ho er eit alibi for ei borgarleg regjering utan Framstegspartiet.
Politisk barometer juni 2017: Taktskiftet frå Venstre kjem truleg for seint
Politisk barometer mai: Kvar stemme tel
April-barometer 2017: Raud-grøn-gult spelerom
Ei moderat støtteerklæring
Ap har den fremste og mest sannsynlege statsministerkandidaten – Jonas Gahr Støre – men har likevel ikkje forrykande suksess på meiningsmålingane siste året. Å auka med tre sosialdemokratiske stortingsmandat - slik juli-tala viser - etter at landet har hatt den blåaste regjeringa i historisk tid, kan knapt seiast å vera meir enn ei moderat støtteerklæring frå veljarane.
Senterpartiet ligg derimot an til å dobla mandat og oppslutning frå stortingsvalet 2013.
SV er nok ein månad over sperregrensa, den tiande månaden på rad.
Dermed vil Ap-leiar Støre kunne lena seg både på SV eller lirka med KrF i jakta på regjeringsmakt.
I juli hadde Ap og Sp også hatt fleirtal saman med Miljøpartiet Dei Grøne. No har rett nok Støre i eit VG-intervju utelukka regjeringssamarbeid både med Raudt og med Miljøpartiet Dei Grøne. Men ein slik konstellasjon ville uansett gitt han eit breitt grunnlag til å forhandla fram ein base for makt i fire år.
PS: Juli-målingane korrigert mot 2013-valet viser ein Rogalands-benk der Ap og Senterpartiet går fram med eit mandat kvar. Frp og KrF taper ein plass kvar. SV overtek utjamningsmandatet frå Iselin Nybø og Venstre nok ein månad.
Les også
Mest lest akkurat nå
Dette er reglene som gjelder på Nord-Jæren fra i dag
Negativ test for alle ved Kvernaland omsorgssenter
Nå rives huset: – Ville ikke bodd under bussveibroen
Hvorfor snakkes det ikke mer om maten som ødelegger tarmen, undrer leser. Dette svarer eksperten.
Forvirring rundt nye tiltak: – Kan virke motstridende, men dette er en skjerping
– Matematikken er nådeløs. Vi risikerer å ha over 100 daglige tilfeller innen kort tid
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Folk som «har sett lyset» kan bli farlige. Derfor er det ikke bare å le av konspirasjonsteorier. De må motarbeides aktivt
Dette er reglene som gjelder på Nord-Jæren fra i dag
Regjeringen trosser FHI-anbefaling: Norge dropper ikke AstraZeneca-vaksinen nå
Designet på Rogalands første elferje vekker oppsikt