Mellom barken og Vedum – fiasko for Arbeidar­partiet?

Berre Ap og Sp går vidare i regjeringsforhandlingane. Er det ein gåvepakke til høgresida?

GJESTEKOMMENTAR: Vil Team Støre bety stødig styring eller kontinuerleg krangel?

  • Svein Erik Tuastad
    Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger
Publisert: Publisert:

Då Senterpartiet, Ap og SV utgjorde ei fleirtalsregjering frå 2005 til 2013, vart regjeringsplattforma utarbeidd på Soria Moria konferansehotell. Det einaste slottet som lyste for ei raudgrøn fleirtalsregjering denne gongen, var eit luftslott.

Det er to versjonar av havariet på Hurdalsjøen Hotell. I den eine ser Jonas Gahr Støre ut som ein fiasko. Den andre versjonen held fram at Støre-laget, det som no er att av det, kjem svært godt ut.

Kva for versjon har mest rett?

Les også

Harald Birkevold: «SV tar en MDG»

Støre som fiasko

For Arbeidarpartiet ville ei fleirtalsregjering ha to klåre føremoner. For det første ville politikken halle meir i sentrum–venstre-retning, slik veljarfleirtalet som ønska regjeringsskifte, ville ha det. For det andre ville styringa verte meir føreseieleg og stabil. Mediestøy og negativ merksemd ville det verte mindre av fordi det meste var avklart og spenninga utløyst.

Lokalpolitikken i Stavanger og Sandnes illustrerer godt korleis kompromissvilje kan føre parti med stor avstand mellom seg saman i sterke team.

Grunnen til at Støre skusla bort drøyme-regjeringa si i denne første, kritiske versjonen, var dårleg handverk av Ap-leiinga under forhandlingane. Då Senterpartiet pressa på i sakene dei var mest usamde med SV i og nærast fraus SV ut, svarte Støre: OK då – og ut med SV. Arbeidarpartiet kunne i staden sagt at dei vanskelege sakene var nettopp det dei skulle forhandle om. Ville ikkje Senterpartiet det, fekk dei berre gå. Utanforskap ville Senterpartiet hatt klart mest å tape på. Difor ville dei kanskje ha kome tilbake seinare.

Om ei mindretalsregjering utan Senterpartiet likevel vart utfallet, kunne ei rein Arbeidarpartiregjering gitt ein meir einskapleg profil. Partiet slapp å opne slusene og gje nye veljarstraumar frå partiet og ut mot venstre. Det ville dessutan vore svært sannsynleg med regjeringsutviding om eit år eller to.

Ap som vinnar

I den andre versjonen, den optimistiske for Støre og Vedum, handlar det om at politiske realitetar gjorde utfallet logisk. SV sin klimapolitikk er jo Arbeidarpartiet og Senterpartiet ikkje samd i. Difor var det like greitt å avklare det heile tidleg.

Den nye regjeringa vil enkelt få fleirtal i distriktspolitikken. I klimasaka og andre saker der SV er for kravstore, kan Senterpartiet og Ap berre vende seg til høgresida. Norsk politikk er best når han spring ut av det store sentrum. No er det nettopp høve til slalåmkøyring når ytterkantane krev for mykje. Det er lov å skulle tene pengar, og næringslivet er ikkje ein ideologisk fiende. Dei raude ideologane er no plasserte på sidelinja – godt for Noreg!

Tidlegare mindretalsregjeringar, som då Høgre var åleine saman med Frp i regjering frå 2013 til 2018, syner at det går fint an å få til stødig styring frå ei mindretalsregjering og endåtil med varig, stor oppslutnad frå veljarane. Nedgangen tok den gongen til først då regjeringa vart utvida.

Ingen grunn til begeistring?

Kva for versjon har mest for seg? I Senterpartiet har dei naturlegvis grunn til å vere nøgde. Politikken vert etter alle solemerke meir sentrum–høgre-orientert enn med fleirtalsregjeringa. I så fall, kva er konsekvensane for Arbeidarpartiet?

Slik eg oppfattar det, møter Ap tre utfordringar. For det første, kva er det Arbeidarpartiet står for? Kva er prosjektet? Sosialdemokratiet sin eksistensrett er knytt til politisk profil, ikkje berre til å styre i seg sjølv. Tony Blair sin lyseblå tredje veg-variant av sosialdemokratiet var sentrumspolitikk som vann val, og det same gjaldt Gerhard Schröder i Tyskland. Men valsigrane tappa desse sosialdemokratiske partia for attkjennelege markørar og vart øydeleggande. KrF-flørten og sentrumsorienteringa til Støre i sist val kan ha spela inn for valfiaskoen den gongen. No gjer Arbeidarpartiet kanskje same tabben om att.

For det andre, det grøne skiftet forsvinn jo ikkje som sak. Arbeidarpartiet held seg i realiteten inne med den delen av LO som er minst oppteken av klima. Kor berekraftig er no det? Om vi ser på medlemmene til Fellesforbundet (LO), som mellom anna organiserer industritilsette, og samanliknar dei med til dømes LO-forbundet NTL sine medlemmer, ser vi at i sistnemnde LO-forbund er om lag dobbelt så mange av medlemmene opptekne av klimatrugsmålet (Norsk monitor data, 2019). Det Arbeidarpartiet vinn med å låne øyre til ein utvald og påverknadssterk del av LO, går fort tapt i svekt oppslutnad i byane. Spagaten blir berre større.

Til sist, venstresida skulle ha kunna brukt valsigeren til å skape begeistring. Men no vil by-Ap og AUF måtte gjere gode miner til slett spel. Ingen grunn til begeistring, for å seie det med Larry David-klassikaren på TV.

Les også

Trond Birkedal: «Politikere, penger og posisjoner»

Fordel Høgre

Alt dette er i grunnen gode nyhende for høgresida. Arbeidarpartiet går fort glipp av sigersbonusen på målingane. Og den nye, store gåvepakken frå venstresida til høgresida – fragmenteringa i fleire småparti – held fram i forsterka utgåve.

Gode greier, tenkjer Høgre og Frp. Vi tek dei vel alt i neste val.

Aftenbladet mener: «Hvem tapte på at SV trakk seg fra regjeringsdiskusjonen? Det kommer selvsagt an på hvem du spør. Men SV har uansett sagt nei til mye praktisk innflytelse.»

Les også

  1. Diskuterte valgresultatet

  2. – Trygve Slagsvold Vedum bør vente i to år

  3. FNB bytter navn etter katastrofevalget – politisk kommentator tror slaget er tapt

Publisert:

Stortingsvalget 2021

  1. Miljø­partienes gode olje­plan 2025

  2. Lekkasjene tyder på tynn suppe

  3. Mellom barken og Vedum – fiasko for Støre?

  4. Unio ut med kravliste til regjeringsmakkerne Støre og Vedum

  5. Sonderingene fortsetter med forsterket mannskap

  6. Har kristelighet, mangler folke­lig­het

  1. Stortingsvalget 2021
  2. Svein Erik Tuastad
  3. Gjestekommentar
  4. Politikk
  5. Arbeiderpartiet (Ap)