Verkar valkampen – eigentleg?
KOMMENTAR: Så er innspurten i gang. Men er det verkeleg valkampen som får deg til å bestemma kven du skal stemma på?
- Jan ZahlKulturjournalist
Denne veka møtest den kongelege norske skravleklassen til ei slags verbal mannjamning i sørlandsbyen Arendal. Arendalsuka markerer kvart år ei slags opning av den politiske (jakt)sesongen etter ein stille sommar.
I eit valår er det sjølvsagt ein god dose ekstra spenning i den politiske andedammen, eller Pollen som han viser seg å heita her i Arendal. Om ein liten månad skal me få svaret på kven som skal styra landet dei neste fire åra.
Lang valkamp
Arendalsuka markerer i år startskotet for innspurten på det som blir kalla «den lange valkampen». Skal ein vera romsleg, kan ein seia at den verkeleg lange valkampen startar så snart eit val er gjennomført og ei ny regjering og ein ny opposisjon skal etablera seg i sine roller. Ein evig, lett kynisk diskusjon i politikken er om politikarar vinn val for å gjennomføra ein bestemt politikk eller om dei gjennomfører politikk for å vinna val. Sannsynlegvis gjer dei begge delar.
Men valkampens bjøller ringer definitivt når ei regjering legg fram sitt siste statsbudsjett før eit nytt stortingsval. Det er siste sjanse til å by på budsjettauke, gode nyhende og innfriing av valløfte før folket går til urnene igjen.
Når me nå er inne i den siste månaden før fasit, står me igjen med orda. Med kampen om forteljinga. Kva er dei viktigaste problema? Kven har dei mest truverdige og beste løysingane?
Demokratisk dans
Politikarane driv sjølvsagt valkamp fordi dei trur det har ein effekt på oppslutninga deira i stortingsvalet. Veljarmassen flyttar på seg frå val til val, kanskje ikkje i kolossale mengder, men nok til at me med jamne mellomrom byter regjeringar og konstellasjonar.
Det heile verkar så sjølvsagt for oss at me tidvis kan gløyma kor vakkert og spesielt dette er i eit historisk og globalt perspektiv. Demokratiets adelsmerke er at dei som styrer landet fredeleg, frivillig – og smilande – gir frå seg makta til dei folket har gitt fleirtal gjennom frie val. Sjølv om dei som får nøkkelkortet til maktas korridorar er politiske motstandarar. Som dei for få veker sidan krangla med på Arendalsuka.
Effekt?
Men: Har den siste, intense valkampen særleg mykje å seia for valresultatet? I det store biletet er svaret «Nei». Den samfunnsvitskaplege forskingslitteraturen viser at ein valkampanje har fint lite direkte effekt på korleis folk stemmer.
Som samfunnsvitarane Lars Erik Berntzen og Jonas Bergan Dræge seier i ein episode av podkasten «Politikk og røvere» frå 2016, vil kynikaren med eit visst belegg i litteraturen kunna hevda at folk vil stemma som dei gjer uavhengig av kva partia og politikarane seier og gjer den neste månaden. Då er den enkeltes økonomi og livssituasjon langt viktigare for det politiske valet enn glinsande valflesk i august.
Og tenk på den dryge millionen nordmenn som kjem til å førehandsstemma i år. Det var rekordmange førehandsstemmarar ved sist stortingsval, og spådommen er at det blir ny rekord i år. Dei som stemmer før 13. september, baserer altså ikkje valet sitt på ei oppsummering av alt som blei sagt i valkampen, etter at lysa er sløkte etter den siste, «avgjerande» partileiardebatten.
Hilde Øvrebekk: «En debatt som neppe flyttet mange stemmer»
Indirekte effekt
Men valkampen kan ha visse indirekte effektar på veljarane – og er sånn sett ikkje fullstendig bortkasta tid og energi. Valkampen kan ha ein opplysande og informerande effekt på folk. Kanskje visste du ikkje at eit bestemt parti står for nettopp det du sjølv meiner i saker som er viktige for deg.
Valkampen løftar også fram visse saker, på kostnad av andre. Slik kan kampanjen bidra til å mobilisera enkelte veljarar som er særleg opptekne av akkurat desse sakene.
Og så er det altså mobiliseringseffekten. Kvar gong Erna Solberg blir spurt om dei dårlege meiningsmålingane for borgarleg side, snakkar ho nå om alle som sit på gjerdet og om mobilisering av veljarar. Målet hennar er å få dei ned frå gjerdet, få folk som har stemt på Høgre til å møta opp og gjera det same igjen, mobilisera folk til å koma seg ut av sofaen og til stemmelokalet. Eigentleg er det desse – relativt få – veljarane partia kjempar om den neste månaden. Tvilarane. Nølarane. Dei som sit på gjerdet. Dei som ikkje veit om dei kjem til å stemma i år. Dei som til slutt kan avgjera valet.
Vil eg snu?
Sjølv trur eg ikkje at eg kjem til å endra meining om kva parti eg skal stemma på i løpet av dei fire neste vekene, same kva politikarane måtte seia. Eg har stort sett stemt på det same partiet gjennom mange val nå.
Det som motseier denne hypotesen, er at eg gjennom livet har stemt på fire ulike, politiske parti. Det viser at eg – i alle fall tidlegare i livet – har vore mogleg å flytta politisk. Eg har vore ein av dei som kunne la seg overtala til å skifta politisk meining.
Men eg trur ikkje det skjedde på grunn av valkampar og partileiardebattar.
Arendalsuka: Dette kan du se direkte på Aftenbladet
- Podkast: Aftenbla-bla er tilbake fra ferie! Første sending gikk fra Arendalsuka, her du kan se den i opptak (pluss mer)
Les også
Kommentator Jan Zahl
Ei vekes kulturell maktdemonstrasjon
Kjære Equinor: Gratiskonsert på Torget var kanskje ikkje så lurt nå?
I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern
Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen
Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret
Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?
Mest lest akkurat nå
De har solgt alt de eier, leid ut leiligheten og flyttet inn i en varebil: – Pandemien dyttet oss ut
Med råvarene i bagasjen krysser de landet for Gladmat
Skremmende hvordan selvbilde og ære har fortrengt sannhet og full opplysning
Blir han den som styrter SAS i grøften?
Rivende utvikling i Strandgata: - Dette huset vil gi et betydelig løft til bydelen
Tour-festen koster 150 millioner: - Får nok aldri oppleve dette i Norge
Aftenbladet anbefaler
– Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok
Regjeringen legger kriseplaner for rasjonering av strøm til vinteren
53-åring fra Rogaland tiltalt for nettovergrep mot 17 mindreårige jenter
– Nesten alle foreldre velger instinktivt det farligste stedet