Politisk styring av kunsten

KOMMENTAR: Mens Sverige dempar mangfaldskravet ved tildeling av kulturpengar for å sikra kunstens fridom, vil kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) skjerpa det. Ho burde heller læra av svenskanes sjølvransaking.

I «Tre nøtter til Askepott», her med Astrid Sme­plass og Cengiz Al, hadde fleire av karakterane anna etnisk opphav enn norsk, var homofile eller hadde nedsett funksjonsevne. I tråd med Filminstituttets mangfaldskrav.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

«Kulturanalys rekommenderar också regeringen att avstå från styrning som kan tolkas som att särskilda perspektiv ska främjas eller uppmuntras i konstnärligt och kulturellt innehåll.»

Dette var blant konklusjonane i den omfattande svenske granskinga «Så fri är konsten», som blei levert til den svenske regjeringa i fjor sommar.

Myndigheten för kulturanalys meinte målet om å styrka mangfaldet i kunsten gjekk ut over kunstens fridom. Svenske kunstnarar har følt seg styrt politisk. Visse perspektiv har blitt premiert når pengar skulle fordelast. Særleg perspektiv som fremmar mangfald og likestilling.

Les også

Mangfaldsknipa

Svensk endring

Den nye regjeringa i Sverige lytta. Då dei nye retningslinjene og styringsdokumenta til det svenske filminstituttet og det svenske kulturrådet blei lagt fram heilt på tampen av fjoråret, stod det at kunstnarisk fridom og ytringsfridom skal prioriterast. Mangfald skal ikkje vega like tungt når ein gir økonomisk støtte til kunstnarorganisasjonar.

«Veldig positivt for den kreative atmosfæren i filmbransjen», sa filmprodusent Lena Rehnberg til Svenska Dagbladet. Hennar håp er at det frå nå av blir mindre sjølvsensur i bransjen.

Norske krav

Samtidig, i Norge: Skal du søka om pengar frå Norsk filminstitutt for å laga ein film, må du fylla ut ei eigenmelding der du gjer greie for «hvordan filmen eller tiltaket de jobbar med har ivaretatt mangfold og diversitet knyttet til etnisitet, urfolk, nasjonale minoriteter, alder (barn, unge, seniorer), seksuell orientering/­kjønnsidentitet/­kjønnsuttrykk, geografisk tilhørighet, funksjonsevne og sosial bakgrunn – både når det kommer til innholds­mangfold, skaper­mangfold og bruker­mangfold».

Samtidig, i Norge: Norsk kulturråd har, på oppdrag av Kulturdepartementet, sendt ut ei spørjeundersøking til over 500 norske kulturinstitusjonar. Der ber Kulturrådet den enkelte institusjonen greia ut om dei har tilsette med «synlig minoritets- eller flerkulturell bakgrunn». Eller med «samisk bakgrunn», «nasjonal minoritetsbakgrunn» (som kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar og romanifolk) eller «funksjonsnedsettelser».

«Synlig» mangfald?

Spørjeskjemaet fekk Aftenpostens kommentator Frank Rossavik til å konkludera med at me dermed har fått ein slags fasit på kva «mangfald» i dag betyr: Er ikkje minoritetsstatusen «synlig», tel han ikkje. Seksuell legning, religion, klassebakgrunn, usynlege helseutfordringar eller politisk orientering du ikkje ser eller høyrer om i kantina, tel tydelegvis ikkje.

Som Rossavik skriv i ein annan kommentar: «Hvis Kulturrådets skjema hadde vært bredere, ville det trolig ha avdekket at institusjonene er overbefolket av kvinner fra middelklassen som stemmer SV og Rødt. Men det er kanskje ikke noe mangfoldsproblem?»

Les også

Kor blei kulturen av?

Les også

200 løyser ingenting

Fleire norske krav

Samtidig, i Stavanger: Dei store kulturinstitusjonane på Kulturdepartementets budsjett fekk nyleg sine tildelingsbrev for 2022. I brevet til Rogaland Teater, Stavanger Symfoniorkester og Museum Stavanger skriv departementet at institusjonane kan behalda koronastøtta dei ikkje brukte opp i fjor.

Men i det same brevet ber kulturministeren alle institusjonane om å utvikla eigne strategiar for å få meir mangfald i kunst- og kulturlivet. Institusjonane skal:

  • inkludere og være tilgjengelig for alle, uavhengig av for eksempel kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne og/eller kulturell, sosial og økonomisk bakgrunn og bosted.
  • ha særlig oppmerksomhet på å fremme likestilling.
  • inkludere samfunnsgrupper som er underrepresentert, blant annet ved å vurdere om kunst- og kulturuttrykk til samer og nasjonale minoriteter i større grad kan bli en del av kulturlivet i hele Norge.
  • arbeide aktivt med å nå ut til nye grupper med sitt tilbud og ved å rekruttere bredt fra hele befolkningen.

Politisk innblanding?

Er dette ei politisk innblanding og styring av kulturinstitusjonanes kunstnariske arbeid, jamfør svenskanes sjølvransaking?

Teatersjef Glenn André Kaada svarer salomonisk og diplomatisk til Aftenbladet. Formelt sett «nei». Men reelt sett «ja»: Han meiner statsråden held seg på armlengdes avstand, prinsippet heile den norske kulturpolitikken er bygd på.

Men så legg han til: «Jeg tror alle kulturarbeidere har en sunn skepsis til slike bestillinger. Teatrene må ikke bli instrumentelle for andre gode formål. Bestillingene må ikke bli politisert, for hvor skal da grensene gå?»

Det reelle svaret på om dette er politisk styring av kulturlivet og instrumentell bruk av kunsten for å oppnå andre mål, er sjølvsagt eit rungande «Ja!».

Problemet? Vel, problemet er at to gode formål står mot kvarandre. Du skal ha ei ganske sær politisk orientering for å argumentera mot mangfald og inkludering. Samtidig skal du vera ganske kunnskaps- og historielaus for å argumentera for sterkare politisk styring av kunst og ytringar.

Svenskane har prøvd. Anette Trettebergstuen burde lytta til kva dei har lært: «Det finns mycket som talar för att konstnärer och kulturskapare påverkas av den kulturpolitiska styrningen som en helhet.»

Publisert:

Kommentator Jan Zahl

  1. Ei vekes kulturell makt­demonstrasjon

  2. Kjære Equinor: Gratis­kon­sert på Tor­get var kan­skje ikkje så lurt nå?

  3. I 2022 er det ikkje berre kvinnene som treng særleg vern

  4. Over natta blei eg den livredde 14-åringen igjen

  5. Det viste seg å vera langt enklare å stå utanfor og kritisera enn å sitja med ansvaret

  6. Kva er viktigast, kunstens fridom eller politiske krav om mangfald?

  1. Kommentator Jan Zahl
  2. Kulturpolitikk
  3. Frank Rossavik
  4. Mangfold
  5. Anette Trettebergstuen