Tru og mistru

KOMMENTAR: Kristendommen har altfor tungt lagt seg over manges liv som krevjande korreksjon. Utan nåde, vil eg seia.

Publisert: Publisert:

Du veit det er i Rogaland Teater du er, når heile salen på oppfordring drar «Navnet Jesus» som allsong. Det skjedde i førestillinga «Etterlyst: Jesus» med Bjørn Eidsvåg og Svein Tindberg. Foto: Erik Berg/Det Norske Teatret

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Du veit det er i Rogaland Teater du er, når heile salen på oppfordring drar «Navnet Jesus» som allsong. Vers og refreng. Utan å blunka. Folk i alle aldrar, sånn cirka herfrå, dei har vel gått på sundagsskular og i bedehus og kyrkjer, gått frå tru til ikkje-tru eller andre vegen, og denne siste kvelden av Bjørn Eidsvågs førestilling «Etterlysing: Jesus» har dei enda opp i teateret. Eg er sikker på vi hadde naila «Ungdommens Frelser» også, men det fekk vi ikkje prøva på, av Eidsvåg og dei.

Les også

Navnet Jesus blekner litt

Folk flest trur ikkje

Å gå rundt med bedehussongar på innsida av seg sjølv er ein ganske vanleg ting på desse kantar. Men det er jo ikkje det same som å tru på Gud og slikt. Folk flest gjer ikkje det − sjølv her gjer berre 44 prosent av oss det, eller gjorde det, i alle fall, i 2016. I Oslo, ein tydeleg meir gudsforlaten by, berre 29 prosent. På landsbasis sa 37 prosent at dei var truande, 39 prosent at dei var ikkje-truande. Og 23 prosent tok mot til seg og innrømte rett og slett at dei ikkje visste.

Blant dei yngste vaksne, dei under 30, trur berre to av ti.
Unge kristne finn det vanskeleg å få respekt for trua si, kan vi lesa i Aftenposten. Som riktig nok kjem ut i ein by der ikkje mange lærte «Navnet Jesus» som små. Tru er ikkje verkeleg nok, kanskje, det er «opium for folket», som Marx sa, det er naivt, kjedeleg, og uvant at ein gjer vala sine ut frå noko slikt. At ein bøyer av for noko som er større enn seg sjølv, noko som ikkje ein gong kan bevisast at finst.

Eg kjenner mange som trur. Dei er ikkje mindre reflekterte enn folk flest. Eller, kor reflekterte folk er synes ikkje å høyra saman med om dei trur på Gud eller ikkje.

Skepsis og kritikk

Det er heller ikkje rart at kristne møter skepsis og kritikk. For kristendommen hevdar å sitja inne med sjølve sanninga.

Den eine, rette sanninga, som alle bør få kjenna og omvenda seg til. Det er lite rom for slikt lenger. Og bra er det.

På vår kant av landet har kristendommen mange stader styrt både dei som trudde og dei som ikkje gjorde det, halde folk innanfor og utanfor, definert kva som var riktig og kva som var galt, kravd at folk stod fram som personleg kristne, med Jesus i hjarta, uansett korleis dagen og livet var, og samtidig nådelaust innretta seg etter gjeldande normer og reglar for kristenmiljøet dei gjekk i. Lovsong eller ikkje lovsong, kino og dans eller absolutt ikkje kino og dans, ein masse skal og skal ikkje så skarpe at dei må ha gitt blåmerke i kristne sinn, og i dei andre dei dulta borti i strevet med å halda den smale sti rein.

Det enda ofte i ei rangering av menneske. Jo strengare kristen i jo fleire generasjonar bakover, eller jo meir spektakulært og begeistra omvend, jo betre kristen. Og jo meir verd.

Som i andre store ideologiar eller religionar kunne ein, stikk i strid med sjølve kjernen i kristendom, klara å plassera dei utanfor som mindre verde enn seg sjølv. Ein treng ikkje bry seg så mye med dei som er mindre verd enn ein sjølv. Dei er litt mindre menneskelege. Når ein i tillegg skulle ut og omvenda folk, fortelja andre like oppegåande menneske som hadde tatt andre val i livet, at du visste betre enn dei korleis livet deira burde levast og vala deira gjerast, så er det ikkje så rart at det spreidde seg ein viss eim av skepsis i lufta når nokon fortalte at dei var kristne. Kristendommen har altfor tungt lagt seg over manges liv som krevjande korreksjon. Utan nåde, vil eg seia.

Framandt

Mens nå? Nå er det mennesket, enkeltmennesket og enkeltmenneskets krav og rettar overfor fellesskapet som er ein slags norm − i den grad at vi ikkje lenger legg særleg merke til det. Og vi trur ikkje på det vi ikkje ser. I alle fall ikkje viss vi ikkje sjølv kan bestemma innhaldet i det. Då trur vi litt her og litt der, plasserer lengslar etter det overjordiske litt rundt forbi, men ikkje så mye at vi må vedkjenna oss noko. Og vi trur ikkje på det eller dei vi ikkje kjenner oss igjen i. Vi trur ikkje dei kan ha så mye å koma med når det gjeld våre liv, dersom dei ikkje har levd i akkurat det same som vi gjer sjølv.

Eit kristent livssyn kan nok vera vanskeleg å få respekt for oppi dette. Det kan rett og slett virka unødvendig. Og framandt.

Det er bra det ikkje er særleg plass eller respekt for den kristendommen som fekk folk til å meina dei kunne rangera andre opp og ned og i mente, og meina sterkt om korleis deira liv burde levast for å koma opp mot eige. Det er bra ikkje så mange er så opptekne av kven som kjem til helvete for kva for synder lenger,

Men ein kunne jo håpa at ein sat igjen med respekt for andre enkeltmenneskes tru, likevel. For det som nå er motstraums mange stader. Det som også kan vera å setja seg sjølv inn i ein større samanheng, la tanken ta ein omveg, innom tankar andre har tenkt og tekstar andre har lese og tolka og trudd på og levd gjennom.

Det som er litt tungvint. Det som gjer litt motstand.

Ein kunne håpa at kritikken berre blei retta mot autoritære trekk og hangen til å bestemma også over grupper du aldri sjølv vil tilhøyra.

Eg klarer ikkje tru det er slik det er. Eg trur heller den manglande respekten botnar i manglande vilje og evne til å setja seg inn i andres tenkemåtar. For heller ikkje det synes nødvendig lenger. Vi held oss med dei vi alt forstår. Tru er berre avløyst av mistru. Og då er vi nesten like langt.

Publisert:

Kommentator Solveig G. Sandelson

  1. – Akropolis i Stavanger? Det høyres ut som ein by som vil vera større enn seg sjølv.

  2. – Viss skule­barn blir meir og meir stressa av skulen, kvifor er det då barna vi skal endra?

  3. – Frp har lenge bite seg sjølv i halen i bompengespørsmålet. Det gjer vondt

  4. Det viktigaste med Frp? At dei insisterer på at folk må få sjansen til å velja sjølv.

  5. «Biskopen bør seia nei til sjamanen»

  6. Når det er Earth Hour, ja, så er det Earth Hour. I SV tar dei mørket på alvor.

Les også

  1. Retten til si eiga stemme

  2. Det fine snakket om ytringsfridom

  3. – Ta meg i handa på det

  1. Kommentator Solveig G. Sandelson
  2. Rogaland Teater
  3. Livssyn
  4. Kristendom
  5. Ytringsfrihet