«Tid for å ta seg saman»

GJESTEKOMMENTAR: Revirmarkering er øydeleggande for fellesskap, samarbeid og samhald

Publisert:
Klaus Mohn
Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH

«Garderobegolvet på Gamlingen kan sjåast som ein allmenning. Den eine som går våt til skapet slepp å tørke seg, og denne fordelen nyt han heilt aleine,» skriv Klaus Mohn. Foto: Carina Johansen

Ein eg kjenner likar å gå på Gamlingen for å symje. Aller best likar han seg der på
morgonen, når det ikkje er for mykje folk, og når gjestene for det meste er rutinerte
ringrevar, som kjenner alle reglar og retningsliner inn og ut. Som at alle må tørke seg før dei går frå dusjen til garderoben. Så lenge alle følgjer denne regelen, er garderobegolvet tørt og fint, til glede for alle brukarane.

Men stundom er det ein og annan som glepp, og vabbar våt til garderobeskapet med ein sti av vatn etter seg. Med eitt er ikkje golvet tørt lenger. Andre vil raskt ta etter, etter som skaden er mindre når først ein har trakka over grensa. Resultatet blir raskt at golvet flyt av vatn, og gleda av å kle seg på tørt golv er tapt for alle.

Allmenningens tragedie

Garderobegolvet på Gamlingen kan sjåast som ein allmenning. Den eine som går våt til skapet slepp å tørke seg, og denne fordelen nyt han heilt aleine. Ulempene derimot, blir delt likt med alle dei andre i garderoben. Dette er kjernen i allmenningens tragedie, som inneber at ubunden tilgang til knappe fellesressursar som beiterettar, fiskeressursar og jaktrettar gjerne vil gje opphav til overbeite, overfiske, nedskyting og utrydding.

Etter som fleire menneske må dele på stadig knappare ressursar blir forvaltning av
allmenningar eit viktigare tema for regulering og politikk. På globalt nivå er atmosfæren ein fellesressurs som er offer for overforbruk, medan forvaltning av urørt natur er eit døme på nasjonalt nivå.

Fellesgode og gratispassasjerar

Sjølv på regionalt nivå ser ein at forvaltninga av knappe fellesressursar blir eit meir
påtrengjande tema i den politiske debatten. Alle veit om vegutbygging og bymiljøpakke og bompengar, men tilsvarande utfordringar med koordinering gjer seg gjeldande for planlegging av kollektivtrafikk, hamneverksemd, sjukehus og kulturtilbod.

Ei utfordring er at fordelane ved forbruk av slike tenester blir hausta av den enkelte,
medan ulempene blir delte med fellesskapen. Dette gjer det freistande å lure seg unna kostnadar ved investeringane, og sidan hauste fordelar som gratispassasjer.

Forskarar ved UiS har tidlegare peika på at innbyggarane i nabokommunane rundt Stavanger nyt godt av storbyfunksjonar som dei ikkje betalar for. Læreboka si løysing på allmenningens tragedie er å legge til rette for samordning,
koordinering og regulering av overforbruk. Mange vil kanskje tenke at dette må være ei klar oppgåve for styresmaktene. Paradokset er at privat eigarskap faktisk og kan løyse utfordringa ved koordinering og overforbruk, etter som ein privat eigar ikkje vil kunne velte ulemper over på andre enn seg sjølv.
Med privatisering risikerer ein likevel at folk flest blir stengt ute frå det som var
allmenningar, og akkurat det er politisk uakseptabelt i vår del av verda. Med privat
eigarskap til allmenningar vil ein difor trenge regulering for å sikre tilgang for ålmenta, og dermed for å fordele gevinstane frå fellesressursen. Saka rundt gangstien langs sjøen på Gausel er ei klar påminning om at slik regulering heller ikkje er rett fram.
Konsekvensen er uansett at land og regionar med gode institusjonar er betre rusta til forvalte fellesressursar enn land med svake styresett. Dermed kan det kanskje sjå ut som om vellukka forvaltning av fellesressursar er nokså håplaust for dei som ikkje kan lene seg på ei statsmakt som fungerer godt.

Løysingar frå grasrota

Så enkelt er det heldigvis ikkje. For ti år sidan fekk nemleg den amerikanske professoren Ellinor Ostrom Nobelprisen i økonomi for forskinga si på forvalting av fellesressursar, der løysingar blir forhandla i breie koalisjonar av brukarar. Ostrom og kollegene hennar har utfordra tesen om at overordna inngrep var den einaste løysinga på allmenningens tragedie. Føresetnaden er at ein lykkast med å etablere breie brukarforum, felles forståing av utfordringane og god dialog om løysingar.
På våre kantar har koordineringa av ein del fellesfunksjonar teke vegen gjennom såkalla interkommunale føretak, som dermed organiserer koalisjonen av interessentar. Dette gjeld vatn, avløp og delar av renovasjonsverksemda. På andre område er denne organiseringa mindre passande, og ei rekke andre formar for samordning er prøvd ut, med vekslande hell.

Regional rivalisering

I tida som kjem vil problemstillingar knytt til fellesressursar, fellestenester og
samarbeid bli stadig meir aktuelle. Arbeidet med klimapolitikk på regionalt nivå er eit opplagt døme. Elles går det knappast ein dag utan saker i avisene om arealbruk,
fortetting, bompengar, kollektivtrafikk og/eller lokalisering av arbeidsplassar.
I alle slike saker er ein avhengig av koordinering, samhandling og samarbeid. Her har politikarar og interesseorganisasjonar ei viktig rolle å spele. «Stavanger først» funkar ikkje lenger, like lite som «Sandnes først» eller «Rogaland først». Altfor ofte har rivalisering, kommunal eigeninteresse og konkurranse kome i vegen for dei beste løysingane. Om ein skal lykkast med forvaltninga av fellesressursar og fellestenester på regionalt nivå, så må brukarane einast om ei felles forståing av utfordringane. Berre slik kan ein skape god dialog om løysingar. I motsett fall risikerer ein å halde fram med å øyde fellesskapen sine ressursar på endelause prosessar for lokal revirmarkering.

Det finst eit alternativ som dei færraste likar, og det er at den store regulatoren tek over. At staten grip inn, skjærer gjennom og set skåpet på plass. Dette treng ikkje vere det verste i eit langsiktig perspektiv, men i mellomtida ville lokale løysingar vere langt være langt å føretrekke, for den regionale fellesskapen, for samarbeidet og for samhaldet.

Les også

Tunnelsyn til tvilsam nytte og uboteleg skade på perla Frafjord

Les også

Ka då – ittepå oljå? Kan veksten vare ved når oljeverksemda peikar ned?

Les også

Menneskeleg kapital må styrkast, skule og utdanning må sjå lengre enn til gårsdagens lærdom

«Garderobegolvet på Gamlingen kan sjåast som ein allmenning. Den eine som går våt til skapet slepp å tørke seg, og denne fordelen nyt han heilt aleine,» skriv Klaus Mohn. Foto: Carina Johansen

Publisert: