Himmelropande naivt

KOMMENTAR: Jentene klatrar frå gutane på karakterskalaen i skulen. Men er problemet at vi ikkje har kartlagt og samla inn nok data om alle barn?

Publisert:
Solveig G. Sandelson
Debattredaktør

Denne veka la Stoltenberg-utvalet fram ikkje mindre enn 64 forslag for å minska kjønnsforskjellane i skulen. Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet, har leia utvalet. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix

Du har sikkert lest det. 70 prosent av alle som får spesialundervisning i grunnskulen, er gutar. Jentene har betre karakterar enn gutane i alle fag bortsett frå gym. Jentene er også i klart fleirtal på studium som jus, medisin og farmasi, mens gutane er i klart fleirtal blant dei som ikkje fullfører vidaregåande skule i løpet av fem år.

Men i Ungdata-undersøkinga melder heile 32 prosent av jentene om høgt nivå av depressive symptom, mens berre 13 prosent av gutane gjer det same. Gutane skaffar seg lettare enn jentene jobb utan å ha formell utdanning, dei får høgare lønn for slike jobbar. Hadde vi målt fråfallet i vidaregåande nokre år seinare enn vi gjer, ville vi funne at det har gått heilt fint med dei aller fleste; dei er i jobb, dei har gjerne fullført fagutdanninga også. Men dei har funne seg andre vegar inn i arbeidslivet enn den systemet ser og måler.

Det siste til sides. Eit regjeringsutnemnt utval har nå sett på kjønnsforskjellane i skulen. Og det er karakterforskjellane dei har hatt i oppgåve å finna ut av.

Det må forskast

Utvalet blei leia av direktøren for Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, og det viktigaste dei fann ut, var at vi treng meir kunnskap om dette. Det må forskast på. Difor hoppar vi rett til kapittel 12 i rapporten, der utvalet skriv seg varme om forsking, nærmare bestemt ein type forsking, nærmare bestemt forsking basert på innsamla data om alle barn. Forløpsdata. Det betyr at same gruppe barn kan gjenfinnast i data på ulike stader, i barnehagen, skulen og jammen meg også i resten av livet. For forsking på slike data, meiner dette utvalet, kan finna ut kva slags effekt tiltak og reformer i barnehage og skule har å seia for nivået på karakterar, på arbeid, inntekt, helse og eigen familie. Dei meiner altså ein skal kunna finna tilbake til kva det var med barnehagen din som gjorde at det gjekk deg godt seinare i livet.

For barnehagebarn vil dei standardisera kartlegging av språkleg, numerisk (matte) og sosial utvikling både ved fire og seks års alder. Dei vil også kartleggja barnas evne til sjølvregulering – kor godt du klarer å kontrollera eigne handlingar, tankar og kjensler – gjennom individuell testing. Det har riktig nok vore vanskeleg å finna ein årsakssamanheng mellom den evna og skuleprestasjonar, men likevel, det er éin av dei tinga jenter synest betre i enn gutar. Best å testa.
Samfunnsnytta av dette stig vesentleg, meiner utvalet, dersom denne informasjonen om akkurat dette barnet kan delast, for eksempel mellom barnehage og skule, eller med andre kommunale tenester.

Testing, testing, testing

Vidare vil dei forbetra elevundersøkinga i skulen, så dei sikrar seg data om den same utviklinga også når barna er i gang i skulen. I tillegg, meiner dei, trengst nasjonale prøvar i lesing og rekning alt i tredje klasse. Riktig nok kan det bli litt meir prøvepress og stress av det, denne gongen på 8-åringane sine nokså smale skuldrer, men her får andre ting vika, innsamlinga av forløpsdata må gå først. Dei slengjer også på ein ekstra nasjonal prøve i 8. klasse, i skriving, og skundar seg med å understreka at det ikkje treng å bety meir teoretisk og stillesitjande undervisning, nei, nei, skriving kan ein øva inn på kva måte som helst.

Så slit dei litt med den gode læraren. For det første har dei alt i første avsnitt gjort det klart at erfaringa og praksisen lærarane sit med på ingen måte kan måla seg med systematisk innsamling av data. Det kan den jo ikkje, men det hadde nok vore fint med ein kombinasjon her. For alt kan ikkje målast, uansett mengde data ein samlar.

Det er for eksempel ikkje lett målbare ting som erfaring, utdanningsnivå og kjønn som gjer den gode læraren så god. Det er måten han eller ho underviser på. At lærarar sjølve kan velja metode, verkar det som at utvalet finn litt vanskeleg, sidan ein då ikkje kan styra alle lærarar i ei retning. Løysinga finn dei i å formidla kunnskap basert på data om barns og elevars utvikling til lærarane. Der andre av oss ville føreslått å ta beine vegen – la den gode læraren dela sine erfaringar med kollegaer, aller helst i praksis. For vi snakkar om folk her. Små folk. I samspel med vaksne, og med kvarandre.

Snevert

Det er ikkje alt med folk du klarer fanga om du samlar aldri så mange data på aldri så mange stadium i livet deira. Men det synest utvalet å tru i dette kapittelet. Heile livsløp skal kunna forklarast, og i neste omgang forbetrast, berre ein samlar inn og forskar på mange nok data. Svære, standardiserte datamengder om alle barns prestasjonar, sosiale og emosjonelle utvikling, sjølvkontroll, rekne- og skrive- og leseferdigheiter skal gi oss svaret på sjølve lykka og målet med livet: Kva som skal til for å få gode karakterar på ungdomsskulen.

Utvalet diskuterer knapt etiske sider av ei slik svær datainnsamling, av endå meir testing og kartlegging, av å flytta testinga ned til endå yngre barn, eller av å testa og kartleggja berre det jentene synest best på. Dei har klokkartru på at viss du berre standardiserer, testar og måler mange nok, på mange nok punkt gjennom livet, så vil sjølve den store sanninga avteikna seg: Om kva vi bør stappa ned i gutane så dei blir meir som jentene. Sånn at det går dei alle godt og dei får leva lykkeleg alle sine dagar. Det er ei fullstendig ukritisk tilnærming til denne typen forsking, og til kva den faktisk kan klara å seia noko om.

Det finst mange andre forslag i rapporten, fleire går på å få skulen til å tøya seg, for eksempel ved å få plass til meir leik og lengre pausar for dei minste.

Men i heile kapittelet om forsking er det vanskeleg å få auge på ei einaste setning som bryr seg om kva barna kan få ein betre kvardag av. Der tel ingenting av det som gutar og menn synest gode på. Berre det jenter er gode på. Det utvalet trur gir gode karakterar. Det som alt er tilpassa systemet. Det er så snevert sett at ein kunne gråta. Og det er himmelropande naivt.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Vitenskapens kolonisering av livsverdenen»

Les også

Kråkeslotthjernar og alt som heng saman

Les også

Må alle inn i rekka gå?

Les også

Tips til Torstein (Ap): Ting å ta vekk

Les også

Det vaksne veit

Publisert: