På topp i krenkehysteri

KOMMENTAR: «Jeg vil ikke gå å irritere meg over disse puppene mer. Det plager meg bare mer og mer.»

Publisert: Publisert:

Isabel Raad ligg på bloggtoppen i Norge. Men ho meiner seg for ung og sårbar til å kunna kritiserast. Foto: Rune Bendiksen, MTGTV

  • Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
iconDenne artikkelen er over to år gammel

«Nå åpner jeg meg om min neste operasjon», skriv den norske toppbloggaren Isabel Raad frå Randaberg i eit blogginnlegg 22. januar i år.

Ho er så misfornøgd med puppesilikonen ho har nå, at ho vil ta ein ny operasjon. Og denne gongen vurderer ho å reisa til USA, for å få det gjort skikkeleg.

«Spørsmålet da er jo om jeg vil beholde størrelsen jeg har, eller om jeg vil gå større,» funderer ho. Sist fekk ho operert inn 375 gram. Planen var 400, men sidan Isabel er ganske lita, så viste det seg under operasjonen at det ikkje var plass til meir enn 375. «Tror kanskje jeg vil gå bittelitt større. Jeg vil ikke gå å irritere meg over disse puppene mer. Det plager meg bare mer og mer.»

Sine eigne

Ho får sprikande råd frå sine eigne i kommentarfeltet. Der folk kan vera så anonyme dei bare vil.

«Jeg skjønner godt at hvis du føler deg ukomfortabel med puppene du har, at du vil operere på nytt,» skriv ein. «Hadde jeg vært deg hadde jeg gått mindre og heller fokusert på en finere fasong,» skriv ei anna.

«I had a boob job and would like to redo mine too,» innrømmer ei tredje.

«Jeg hadde operert puppene mine der Sofie-Caroline (også toppbloggar) har gjort det,» rådar ei fjerde.

Foto: Rune Bendiksen, MTGTV

«Jeg skjønner at du er misfornøyd med puppene dine, da du fikk hengepupper og det er en stor avstand mellom dem», har ein femte observert.

Mest støttande er nok «Jente, 20»: «Jeg synes du er tøff som skriver slike åpne innlegg, du belyser ett viktig tema i 2018. Kanskje du påvirker andre små 12 år gamle jenter, men der vil det ligge mye mer under teppe, som utrygge rammer, dårlige relasjoner, etc.»

«Jente, 20,» fortel at ho også har eit kjempestort kompleks, men at ho ikkje har råd til å gjera noko med det.

Det står mye meir i dei 89 kommentarane. Folk som ganske fint ber henne søkja hjelp til å flytta fokus over på noko anna enn bare seg sjølv og kroppen sin. Folk som skikkeleg stygt kommenterer kroppen hennar.

På topp

Sjølv meiner ho at viss du vil klatra mot toppen på blogglista, må du gjera meir enn å leggja ut bilde av antrekka dine og fortelja om dagen din. Du må by på deg sjølv, du må opna opp.

Isabel ligg nå heilt øvst på blogglista i Norge. Alt i 2016 tente ho over millionen.

Tysdag denne veka hadde bloggen hennar 102 918 visningar. YouTubekanalen ho har saman med kjærasten Pierre, har 26 000 abonnentar.

For tida kan du også sjå henne i Paradise Hotel på TV3.

Sjølv om ho dermed må seiast å vera ein svært aktiv deltakar i det offentlege rom, vil ho helst bare dela det rommet med sine eigne.

Krenka, håna, mobba

Etter kvar Paradise-episode legg ho og kjærasten Pierre ut det dei kallar «reaksjonsvideoar» på YouTube-kanalen sin. For å forklara sine eigne korleis ting eigentleg var. Eg har sett ein av dei. Det har meir enn 120.000 andre også.

Isabel Raad vil ikkje ha kritikk. Eller, sjølv seier ho at det ho ikkje finn seg i, er å bli mobba, krenka og håna. Så langt eg kan sjå, opplever ho all motstand og alle innvendingar som mobbing, krenking og håning. Og ho blir veldig opprørt viss ho får kritikk av nokon som er eldre enn henne.

Ho er 23 år. Vaksen, med andre ord. Ho fortel at ho sjølv er ei av desse jentene med ekstremt dårleg sjølvtillit - som andre kritiserer henne for ikkje å tenkja på - og at det er difor ho tar alle desse operasjonane. Ho skal ha tatt fire-fem slike på eit år. I tillegg til silikon i puppene, har ho silikon i rumpa, ho har operert nasen, og ho får visst fylt opp leppene eit par gonger i månaden. Ho kjenner seg lita når andre kritiserer henne for det.

Etter 8. mars, kvinnedagen, har ho skrive og sagt mye om kor lei seg ho er, om alt det vonde som skjer nå, om mobbing, håning og lattarleggjering. Namnet hennar skal ha blitt nemnt i NRK Debatten den kvelden, som handla om blogging og kroppspress.

Ei av dei som kritiserer, sjølv om ho er eldre enn Isabel, er den relativt høglydte bloggaren frå Bergen, Kristin Gjelsvik. Ho er nummer seks på den norske blogglista, og protesterer heile tida mot bloggarar ho meiner normaliserer plastiske operasjonar.

Kristin Gjelsvik har parodiert Isabel Raad på Snapchat. Difor ville ikkje Isabel ha noko med henne å gjera i Paradise Hotel. Ho og Pierre snakkar i ein halvtime på YouTube om kor misforstått og bortklippa alt Isabel eigentleg meiner og seier i ein episode er, og om kor sanne og avslørande klippa med Kristin i den same episoden er. Dei går djupt inn i kor krenkande, mobbande og stygt blikket Kristin vekslar med kjærasten sin, bloggaren Dennis, er.

Kva er verst oppi alt dette?

Den altoppslukande trua på at viss du bare får fiksa nok på deg sjølv, vil alt til slutt bli perfekt, og du får ro i sjela?

Den sjølvsagte haldninga til at det er heilt i orden bare å vera opptatt av seg sjølv, heile tida?

Den like sjølvsagte oppfatninga av at all kritikk frå andre er krenking, mobbing og håning?

Den klare oppfatninga av at du når som helst må få lov til å erklæra deg som for lita, for sårbar eller for ung til å kunna kritiserast, sjølv om du i fleire år har levd av å gjera deg sjølv sårbar offentleg?

Til saman er det uforsvarleg, uansvarleg og uanstendig. Og det verste er at det altfor sjeldan blir sagt høgt.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Folk på byen har allerede endret drikkevaner

  2. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  3. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  4. Leteaksjon etter mann (63)

  5. Mann koronasmittet i Sola

  6. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  1. Paradise Hotel
  2. Kroppspress
  3. Sosiale medier
  4. Generasjon prestasjon
  5. Blogging