Strasbourg-domstolen svekker barnas vern

GJESTEKOMMENTAR: Utsette barn i Noreg risikerer å få eit svakare vern på grunn av dommar i Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Publisert: Publisert:
  • Svein Erik Tuastad
    Statsvitar og dr. polit., Universitetet i Stavanger

Når ein ser på standpunkta til EMD-dommarar i barnevernssaker, verkar det som om dei er påverka av den familiepolitiske tenkinga i landet dei kjem frå, skriv Svein Erik Tuastad. Foto: Reuters/NTB scanpix

  1. Leserne mener

Hausten 2019 fekk det norske barnevernet tre dommar mot seg i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg. Det er allereie teikn på endra rettspraksis i Noreg som følgje av dommane. Faren er at norsk barnevern no vert endra i feil retning – og av feil grunnar.

Knallhard kritikk innanfrå

10. september 2019 fall den første av fjorårets tre EMD-dommar mot barnevernet. Det er verdt å merke seg kor knallharde mindretalet, som støtta Noreg, er mot denne fleirtalsavgjerda. Hovudpoenget til mindretalet er at EMD går inn i vurderingar som ligg langt utanfor deira kompetanse. Det var dei nasjonale domstolane, med sine innkalla vitne og ekspertar, som hadde føresetnader til å la avgjerdene vere fagleg opplyste, hevdar mindretalet.

Dei strekar under alvoret i saka. Barnet sitt liv og helse var i klår fare. I seinare møte med barnet var mora meir opptatt av det ho oppfatta som ein konspirasjon mot seg, medan ho viste liten empati for barnet (§21). Konklusjonen til mindretalet er at det er gale å kritisere barnevernet og domstolane for å ha via mest merksemd til «[…] the best interest of the child» (§22).

Dei siste dommane

17. desember 2019 vart Noreg og barnevernet på ny felt i EMD i to saker. I den eine saka slår EMD fast at det var eit brot mot retten til familieliv for den biologiske mora då fosterfamilien fekk adoptere. Det hadde ikkje vore mogleg å finne ein muslimsk fosterfamilie for barnet, som hadde ei muslimsk mor, og barnet kom difor til ein etnisk norsk, kristen fosterfamilie. Bakgrunnen for omsorgsovertakinga var dokumentasjon om at barnet hadde vore i stor fare og fått betydeleg skade på grunn av manglande omsorgsevne frå den biologiske mora (§ 21).

Under samvær med den biologiske mora etter omsorgsovertakinga hadde barnet synt klare traumatiske reaksjonar. Guten hadde gråte i fleire timar etterpå og i fleire dagar vore så engsteleg at det vart rapportert frå fleire instansar. Ein sakkunnig meinte det var reaksjonar som hang saman med traumatiske opplevingar før omsorgsovertakinga.

Den andre saka gjaldt det kor ofte den biologiske mora skulle ha samvær. Også dette barnet hadde vore svært skada ved omsorgsovertakinga. Barnet reagerte ikkje kjenslemessig på ting, hadde knapt forventingar til andre og hadde utvikla tvangshandlingar og etevanskar. Etter omsorgsovertakinga gjekk det mykje betre med barnet (§ 14).

Etter samvær med den biologiske mora vart barnet svært redd. Barnet ville ikkje sleppe fostermora av syne, synte ei dramatisk endring i åtferd og fekk søvnproblem.

Fag eller politikk?

I begge desse sakene fann altså EMD at den norske praksisen ikkje tok nok omsyn til dei biologiske foreldra. Men når ein les dommane, verkar grunnane til det ganske klare. Barna hadde ikkje godt av for mykje samvær, og det synest opplagt at attføring ikkje kunne finne stad.

Dei som meiner desse sakene syner at barnevernet, i alle fall i desse sakene, tek for lett på spørsmålet om kor ofte det skal vere samvær eller moglegheitene for attføring, trur eg ikkje kan ha lese saksframstillinga i dommane.

Det er verdt å merke seg nokre av dei skarpe kommentarane frå mindretalet i dommen frå 10. september. Dei kan indikere korleis EMD verkar i slike saker. For det første meinte desse dommarane at EMD på ein utillateleg måte overprøver sakkunnige og velgrunna faglege vurderingar i den nasjonale rettslege prosessen. For det andre meinte dei at det låg verdidommar meir enn rettslege innvendingar bak avgjerda. Kanskje dette gjeld i dei to siste sakene også.

Risikovurdering i favør av barnet

Slik den tonesetjande norske barnevernsforskaren Marit Skivenes har peika på, er det ei myte at det skjer fleire omsorgsovertakingar i Noreg enn i andre land. Noreg skil seg derimot ut ved at barnet sine interesser og rettar får stor vekt. Eg meiner Skivenes har rett når ho kallar dette for eit framsteg.

Det er no mange norske barnevernssaker i EMD. Det treng ikkje bety at norsk barnevernspraksis er meir i strid med menneskerettar enn i andre land. Det handlar gjerne meir om at det norske systemet legg så godt til rette for klager. Norske advokatar har, som Skivenes seier, «funnet veien til Strasbourg».

Å vege foreldrerettar og barnerettar mot kvarandre er krevjande. Når det er usikkert kva som tener barnet, kan ein velje å la ei risikovurdering så å seie gå i favør av barnet. Slik har norsk praksis vore. Det er dette prinsippet EMD ikkje ser ut til å akseptere.

I feil retning

Dommarar vil kunne vere påverka av den familiepolitiske tenkinga i landet dei kjem frå. Ser vi på kva for land fleirtalsdommarane kjem frå i den første saka, er det i hovudsak frå aust- og søreuropeiske land. Den finske, norske og danske dommaren utgjer brorparten av det kritiske mindretalet.

Spørsmålet er om norsk barnevern risikerer å bli sett tiår tilbake på grunn av ei familiepolitisk tenking vi heldigvis har forlate.

Publisert: