Sentrum mot periferi – auga som ser

GJESTEKOMMENTAR: Så det er dette som er Frogner og Oslos beste vestkant, tenkte eg.

Publisert: Publisert:
  • Bård Vegar Solhjell
    Direktør i Norad

Vi har høyrt mykje om kor fint det er på Frogner i Oslo, men avislesarar i New York kjenner betre til Jevnaker – og det storslagne The Twist ved Kistefos-museet som svevar over Randselva. Foto: Fredrik Hagen

Eigedomsmeklarar har anbefalt Frogner i Oslo – uttalast «Frång-ner», ikkje «Frog-ner» – som eit av landets mest eksklusive bustadstrøk i 2020. Kva? Frogner?

Oppover Bygdøy Allé, med kastanjetre på begge sider, er det mange tomme butikklokale, ganske trist. Ei trøyst er perlerada av Kiwi, Bunnpris og Coop Extra som munnar ut i Mix-kiosken på Thomas Heftyes plass.

Rett rundt hjørnet for jobben min ligg Pizza og Kina Expressen. Det seier vel det meste: Pizza og Kina!? Like ved er det to benkar. Derifrå har ein utsikt til fleire kontainerar for papir og flasker. Niels Juels gate er stengt av gravemaskinar og ein svær haug med leire.

Snakk om eksklusivt strøk!

Inne på Coop er det tilbod på vaniljesaus, og på klementinar. Jøss, der er det ei eldre dame med rullator. Og enda ei. To personar med rullator. Ikkje mykje ungt og dynamisk. Og frå kontoret mitt i femte etasje ser eg bort på grå og triste byblokker. Knapt ein farge i sikte. Er eg i Sovjetunionen?

Austkanten og Sunnfjord

Slik kunne heldt fram. Eg har nett begynt å jobbe på Frogner, den eksklusive bydelen vest i Oslo. Norad held til i det gamle Hydro-bygget nedst i Bygdøy Allé, sjølve innseglinga til Frogner. Eg har vore her før, men ikkje mykje. Då eg budde i Oslo, føretrekte eg meir mangfaldige og livlege Grünerløkka, Gamlebyen og Vålerenga. Seinare har eg prioritert toget til Son, og Storting og regjering har kravd sitt. Men eg har høyrt mykje om Frogner.

Skildringa mi av Frogner kan ein enkelt lage om kvar einaste plass – Jevnaker, Son, Naustdal, Bryne eller Ålgård. Byfolk som gjer narr av små plassar går aldri lei. Eg kjem frå Naustdal, no slått saman med Førde, Jølster og Gaular til den store Sunnfjord kommune. Det bur, ifølge statistikken, 2782 sjeler i bygda, om lag det same som for 30 år sidan.

Nokon vil sikkert meine at det er utruleg morosamt at kyrkja er det einaste staselege bygget, at campingplassen er relativt sliten og at det går ein og annan gjennom sentrum med rullator.

Eller, ein kan vektlegge nærleiken til vakker natur og ei god lakseelv. Og kyrkja er flott! Det nye kommunesenteret Førde vart kåra til Norges styggaste by ein gong på 1990-talet, noko mange hugsar. Men Førde har også ein magisk folkemusikkfestival, Norges beste volleyballag og er omgitt av flotte fjell.

Ikkje akkurat i den pulserande storbyen, brua over Naustdalsfossen – men idyllen ligg berre eit kvarters gange unna Naustdal sentrum. Foto: NTB scanpix

To sider av Jevnaker

Dei to Dagens Næringsliv-journalistane som reiste heile vegen frå Oslo til Jevnaker på Hadeland i slutten av januar, hadde ledd seg i hel av Sunnfjord. Dei drog til Jevnaker etter at The New York Times kåra staden til eit av verdas beste reisemål i 2020. Bakgrunnen for det var naturlegvis galleriet The Twist – ei 60 meter lang, tvinna «bru» over Randselva, av mange vurdert som ein arkitektonisk sensasjon, teikna av Bjarke Ingels Group.

Men på lista er berre stadnamnet Jevnaker, og det fekk Dagens Næringsliv til å rykke ut. Dette resulterte i ein lang artikkel (krev abonnement) om kor utruleg kjedeleg, lattervekkjande, teit og dumt alt er på Jevnaker. To kinarestaurantar, ei aude hovudgate, to gamlingar med rullator, Kiwi-butikk og eit thai-gatekjøkken. Dermed er jo alt sagt.

Og det var dette eg kom til å tenke på ein dag eg stod og såg ut av vindauga på sentrumsnære Frogner: Det såg brått så grått og kjedeleg ut. Men eg kunne vektlagt dei breie alleane med kastanjetre, dei eksklusive butikkane, Nasjonalbiblioteket eller dei fine restaurantane.

Auga som ser, dei er viktige for kva som blir sett.

Oppslagsbiletet til Dagens Næringsliv i reisereportasjen frå Jevnaker. Foto: Skjermdump frå DN.no

Oppslagsbiletet til The New York Times i reisereportasjen frå Jevnaker. Foto: Skjermdump frå nyt.com

Ein alvorleg konflikt i vår tid

Denne saka blir fort gløymt. Men ho minner om eit alvorleg bakteppe av konflikten sentrum–perifer; – ei gammal konfliktlinje i norsk politikk.

Erling Nielsens ikoniske plakat frå valkampen i 1933 har sin plass i norsk kunsthistorie.

I 1933 stilte Arbeidarpartiet til val med slagordet «By og land, hand i hand». Mange har mora seg og skrive dette om til «By og land, mann mot mann». No snart 90 år seinare, tydar mykje på at det siste blir meir og meir dekkjande. Her i Noreg har vi fått nyord som «bunadsgerilja», «distriktspsykopat» og «elitehat». Tonen i debattane om sentralisering verkar også bitrare og meir uforsonlege enn før. Ikkje berre i Noreg: I internasjonalt perspektiv er sentrum–periferi ei av vår tids sterkaste konfliktlinjer. Folkerøystinga om brexit i Storbritannia viste ein klår aldersdimensjon. Unge var for å bli, dei eldre ville ut av EU. Men det var også tydeleg at stemmegivinga delte seg i by mot land. Folk i byane ville bli, dei på landet ville ut.

«Dei gule vestane» i Frankrike rommar fleire variantar av protest, men ein viktig frustrasjon er høge drivstoffprisar – som rammar dei som bur i distrikta meir.

Nedsnakkinga av byen er ikkje ukjend her i Noreg. Det finst dei som meiner at det verkelege livet ikkje kan levast i byane, men berre på bygda eller ved kysten. Og det motsette finst, meir og meir vokalt, – nedrakking av det traurige bygdelivet.

Auga som ser. Om vi bruker dei rett, kan dei på sitt beste sjå nyansar. Og fleire sider av same sak.

Twitter: @bardvegar

Publisert: