«Eg hadde aldri trudd at noko slik skulle koma her i bygda»

GJESTEKOMMENTAR: Ein pøbb er ein magisk stad der alt kan skje. Pøbben er den staden der bygda blir til frå det talte ordet. Det er bygda som positiv, sosial røyndom. No har dei fått ein slik pøbb i heimbygda mi.

Publisert:
Eirik Magnus Fuglestad
Forskar ved Ruralis – Institutt for rural og regional forsking; PhD i sosiologi og master i nasjonalismestudiar

Tappetårn og ølkranar har kome til heimbygda til Eirik M. Fuglestad. Foto: Kristian Jacobsen

«Eg hadde aldri trudd at noko slik skulle koma her i bygda», sa gamlekaren på nabogarden til meg tidlegare i sommar. Han er over to generasjonar eldre enn meg og har sett mykje, «aldri» vart uttalt med langt uttrekken «aaaa». Det han snakka om, var pøbben som hadde sprutte opp som løvetann or asfalt i bygda vår. For det var sant, kven skulle vel trudd at me skulle få pøbb i denne vesle vestlandsbygda?

Fråhaldsrørsla har sterke røter i dei norske bygdene. I starten var den sterkt kopla til den kristne, pietistiske lekmannsrørsla med sentrum på sørvestlandet og i Stavanger. Slik har det på mange vis vore fram til i dag: sagt litt flåsete: bygda har vore delt mellom dei fromme kristne som ikkje drikk på den eine sida, og dei ikkje-kristne som har galne festar og drikk og slost.

2000 års erfaring

Slik verka det også i bygda mi då eg var tenåring. Det var dei kristne som laga i stand samlingar på bedehuset med andakt og det heile, og fotballcup, aktivitetar som skulle vera sunne for bygdeungdommen, og heile vegen med Jesus i sentrum. Så var det dei som stod på hjørnet og røykte, dei litt små-anarkistiske James Dean, «opprørar utan ei sak»-ungdommen, dei som stod bakom Coop-en og drakk øl frå boks som dei hadde stole frå far. Det var kristenfolket som var best på å organisera aktivitetar i bygda. Dei har alltid vore gode til det, dei kristne, dei har 2000 års erfaring med slikt. På grunn av dette var det nok mange som tenkte at ein kunne sjå langt etter ein pøbb.

Men dette er berre halve sanninga, for den gamle fråhaldstanken har også ei sosial side. Fråhaldsrørsla var del av den breie venstrerørsla av byradikalarar, bønder, kristenfolk og nasjonale romantikarar som bar fram det moderne Noreg. Fråhald var sentralt her. Alkoholen var ei sann landeplage på 1800-talet,  den øydela mange liv. Det vart forbodstid i Noreg frå 1919 til 1927, og også lenge etter at dette vart oppheva var det, og er det framleis, strenge reguleringar på alkohol i Noreg.

Driven av kristenfolket

No har me altså likevel fått pøbb i bygda, og ikkje berre det, den er driven av dei som før ville gått under kategorien «kristenfolket». Noko har skjedd. Både kulturelt, økonomisk og juridisk har ting vorte slik at me har fått ein pøbb som går som det suser, ein stad der heile bygda møtast: kristenfolk og andre folk, gamle og unge, kvinner og menn – ja til og med ein og annan person frå det store utlandet som kikar litt forundra på desse underfundige bygdefolka som drøsar og syng og drikk.

Eg kan ikkje tala med statistisk styrke her, for eg har berre vore innom nokre gonger hist og her når eg er i heimbygda, men kvar gong vert det stappfullt fram mot midnatt, og kvar gong er stemninga god. Det er som om bygdefolket har funne seg ein fristad dei lenge har sakna, ein stad der ein uformelt kan koma saman, der ein kan snakka og møta kvarandre. Bygdefolket er kanskje ikkje alltid så flinke til det? Men på pøbben skjer dei underlegaste ting. Ein pøbb er nemleg ein magisk stad der alt kan skje. Pøbben er staden der bygda blir til frå det talte ordet – logos. Då meiner eg bygda som positiv, sosial røyndom.

Kjenning av far

Samla kring ølglaset i den lune stua er alle like, sjølv dei som ikkje har øl i glaset. Her er rom for møte mellom folk som ikkje ellest møtast: her kjem den gamle kjenningen frå barneskulen og set seg ned, og så oppdagar du at sjølv om de ikkje har møttest på 15 år, så har de liknande problem og like bekymringar for framtida, for de er jo bygda. Over ølglaset kan problema trygt diskuterast. Og så kjem ein anna kar og set seg, han har reist verda rundt, og har mykje å fortelje.

Her sit kjenningen av far din i ein stol i eit hjørne og helsar deg med eit gildt smil som seier tusen ord, her kjem den unge bonden som skal stilla til val brått bort til deg for å skåla, og så seier han: «eg har sett det du driv med, du gjer ein god jobb». Men her er også den litt mystiske, vakre kvinna eller den kjekke mannen som du ikkje veit kven er. Dei står ved bardisken? skal du gå bort? På pøbben kan alt skje.

Det er eit kjent problem at mange bygder avfolkast, og at bøndene og bygdefolket blir meir einsame. Bygdene døyr ut, forvitrar som levande samfunn. Slik treg det ikkje vera, og kanskje er fleire slike pøbbar kringom ein stad å starta? For ein treng meir enn breiband og ein og annan bonde for å skapa ei levande bygd.

Les også

Forfatteren Nils Kjær påsto at en øl i Stavanger var verre enn et mord i Kristiania.

Les også

- Alkoholen er blitt en kreftsvulst

Les også

Fuglestad: Dyremishandling som strukturelt problem

Publisert: