Riv elfenbeinstårnet! – Universitetet som eit treffpunkt for tankekraft med mangfald av meiningar, liv og leven!

GJESTEKOMMENTAR: Eit opent universitet er ikkje berre ein verdi i seg sjølv, men ein idé som støtter opp om dei grunnleggande ideala for universiteta si rolle.

«Universitetet skal bli meir synleg for alle rundt oss, men samstundes skal me sjølve òg bli endå meir nyfikne på kva som skjer rundt oss», skriv UiS-rektor Klaus Mohn. Foto: NTB scanpix

  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Rektor, Universitetet i Stavanger; professor i økonomi
Publisert: Publisert:

Skjerm og nett er vel og bra, men det er lite som slår det å møta menneske i levande live. På Ullandhaug gler me oss stort over at lukkinga er bak oss. Studentar, tilsette og besøkande sett farge på campusområdet, betrar trivselen og gir betre samarbeid om utdanning og forsking. Ved UiS er det fritt tilgjenge for alle som tørster etter kunnskap. Dermed kan samfunnet kome tettare på oss, og me kan kome tettare på samfunnet.

Relevans, kvalitet og integritet

Ideen om eit opent universitet står sentralt både i Universitetet sin nye strategi og i planen for vidareutvikling av universitetsområdet. Det me ønsker oss er eit universitet som er opent i haldning og handling, med betre samarbeid på tvers av ulike fag og betre samspel mot verda omkring oss. Universitetet skal bli meir synleg for alle rundt oss, men samstundes skal me sjølve òg bli endå meir nyfikne på kva som skjer rundt oss.

Eit opent universitet er ikkje berre ein verdi i seg sjølv, men støttar og opp om grunnleggande ideal for verksemda ved universiteta. Frå dag til dag tenker nok mange av oss at universiteta skal bygge kunnskap. Men djupare sett skal denne kunnskapen helst ha bestemte særmerke, – som relevans, kvalitet og integritet.

Samspel med samfunnet

Relevans blir ofte forstått som at kunnskapen skal bety noko i ein eller annan samanheng. Med andre ord innsikt som skal gjere ein forskjell. Relevansen har som utgangspunkt at ein skjeler til samfunnet sine behov. Han kan vere spesifikk, som ein kur mot covid-19. Eller han kan vere meir generell, som til dømes innsikt om korleis oljerikdommen påverkar økonomi og samfunn. I begge tilfelle ser ein at kunnskapen er ein respons på utfordringar og utviklingstrekk i verda rundt oss.

Med relevans som ideal er det viktig at universiteta har tett kontakt med samfunnet. Eit opent universitet inneber sjølvsagt at ein skal dele raust av kunnskapen ein forvaltar, gjennom utdanning, formidling og samarbeid – med næringslivet, arbeidslivet og sivilsamfunnet. Men vel så viktig er det at me er interessert og forvitne i møtet med omverda. At me har blikket vendt utover, at me fangar utvikling og utfordringar tidleg, og at me tilpassar utdanning og forsking deretter.

Innsikt gjennom utsikt

Relevans er rett nok eit kriterium for kvalitet. Men kvalitet handlar elles om summen av gode eigenskapar ved ny kunnskap. I enkelte samanhengar er kvalitet ei subjektiv oppleving, medan andre helst vil ha eit objektivt perspektiv på kvalitet. I akademia likar ein best at kunnskapen er basert på forsking, at han let seg etterprøve, at han lett kan takast i bruk, og at han kan omsettast til løysingar på utfordringar i samfunnet på enkelt og effektivt vis.

Kvalitet føreset medvit om eigen posisjon, om andre sin posisjon, og om kva som skal til for å nærme seg dei beste. For å trekke til seg gode studentar, sterke lærekrefter og framifrå forskarar, må universiteta våge å samanlikne seg med andre. Eksponering for fagfellevurdering og konstruktiv kritikk er eit særtrekk ved universiteta og føreset ei open og uredd haldning til resten av akademia og til samfunnet generelt. «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente», som det heiter i mottoet for Universitetet i Stavanger.

  • Les òg av Klaus Mohn: «Kunnskap, integritet og kritisk refleksjon kan sikre raskare og betre grøn omstilling.»

Erkjenning gjennom eksponering

Sist, men ikkje minst, skal universiteta si verksemd vere prega av integritet. Utviklinga av ny kunnskap skal vere uavhengig, ukrenkeleg og sjølvstendig. I ei verd av falske nyheiter, manipulerte medium og ein endelaus kø av særinteresser, er universiteta ein siste skanse for ubunden kunnskap. Me skal våge å reise spørsmål – om det gjeld klimaendringar, oljeskatt eller andre samfunnstema der kunnskap basert på forsking kan utgjere ein forskjell. Universiteta si rolle skal vere fri for slagsider og politiske undertonar. Dette er ei rolle det er verdt å verne om.

Integritet har lita meining om universiteta skal operere i eit vakuum. Difor bør ein ha mot til å møte meiningsbryting og samfunnsdebatt med eit opent sinn. Difor bør både studentar og forskarar mobilisere til kritisk refleksjon i eit samfunn der kunnskap fri for interesser blir ein stadig knappare faktor. Difor bør universiteta sjå til me aldri sluttar å tenke oss om, korkje som individ eller på samfunnsnivå.

Idealet om relevans, kvalitet og integritet omfattar alle dei tre kjerneområda ved universiteta si verksemd: forsking, utdanning og innovasjon. På sett og vis er det tale om kjenneteikn som skal prege menneska som arbeider her og alt me driv med.

Som ein gedigen bokkafé

Eit opent universitet er dermed ikkje berre ein verdi i seg sjølv, men ein idé som støtter opp om dei grunnleggande ideala for universiteta si rolle. Distansering skapar avkopling frå samfunnet me er ein del av, og vil soleis undergrave ideala for universiteta i verksemd. I ytste konsekvens vil slike tendensar kunne isolere universiteta og realisere elfenbeinstårna frå skremmebileta.

Vårt ønske er tvert om at Universitetet i Stavanger skal bli eit opent treffpunkt for tankekraft. Litt som ein gedigen bokkafé, kanskje. Der menneske av ulikt opphav, disiplin og tradisjon kan møtast nett kor tid dei vil, til samtale og kritisk refleksjon, gjennom eit vell av ulike tilbod og aktivitetar, godt tilpassa dei store utfordringane verda står overfor. Der ny mark kan vinnast for kunnskap og innsikt, til beste for studentane, for dei som arbeider her – og ikkje minst for samfunnet me er ein del av.

Følg på Twitter: @mohnitor

Les også

  1. – Derfor bør nye studieplasser i medisin legges til Stavanger

  2. Hun fikk kun toppkarakterer. Ekspert mener metoden hennes er smart

Publisert:
  1. Gjestekommentar
  2. Klaus Mohn
  3. Universitetet i Stavanger (UiS)
  4. Samfunnsdebatt
  5. Akademia

Mest lest akkurat nå

  1. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?

  2. Farevarsel i Sirdal – kan komme en halv meter snø på ett døgn

  3. Smittekaos i Norges EM-gruppe: – Synd

  4. Begge dømt til for­varing for drapet på Sigbjørn Sveli

  5. Vikings avgåtte styreleder: – Tror dette kan ha skremt folk fra å ville ta jobben

  6. Flere klubber vil droppe ned­rykk i år